«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 19

1  Når Herren din Gud hev rudt ut alle folk i det landet han gjev deg, og du hev drive dei ut og bur i byane og husi deira,

2  so skal du skilja ut tri byar i det landet som Herren din Gud hev gjeve deg til eiga.

3  Du skal setja vegen dit godt i stand og skifta heile det landet Herren din Gud hev gjeve deg til odel og eiga, i tri luter, so dei fredlause kann få røma dit.

4  Det er den som uviljande hev drepe nokon og ikkje bar hat til han frå fyrr, som skal få røma dit og då vera trygg for livet sitt -

5  som når ein gjeng med næsten sin ut i skogen og skal hogga timber, og han svingar øksi og vil fella eit tre, men øksi fer av skaftet og råkar næsten hans so han døyr, då kann han røma til ein av desse byane og vera trygg for livet.

6  For blodhemnaren kunde i sin heite harm setja etter dråpsmannen, og var vegen lang, kunde han nå han att og slå han i hel, endå han ikkje var skuldig til å døy, sidan han ikkje hadde bore hat til den han drap.

7  Difor er det eg segjer til deg at du skal skilja ut tri byar.

8  Og når Herren din Gud vidkar ut riket ditt, som han lova federne dine, og gjev deg heile det landet han tala um å gjeva dei -

9  so framt du då aktar vel på å halda alle desse bodi som eg gjev deg i dag, so du elskar Herren din Gud og alle dagar gjeng på hans vegar - då skal du leggja endå tri byar attåt desse tri;

10  for det må ikkje renna uskuldigt blod i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eiga, so du fær blodskuld yver deg.

11  Men hev ein mann lagt hat til næsten sin og lurer seg innpå han og slær han til ulivs og so rømer til ein av desse byane,

12  då skal styresmennene i byen hans senda folk og henta han heim att og gjeva han i hendene på blodhemnaren, og han skal lata livet.

13  Du skal ikkje spara han, men reinsa Israel for blodskuldi, so sant du vil det skal ganga deg vel.

14  Du skal ikkje flytja merkesteinane millom deg og grannen din, dei som dei gamle hev sett kring den jordi du fær til odel og eiga i det landet Herren din Gud gjev deg.

15  Eitt vitne er ikkje nok til å fella ein mann som er skulda for eit brot eller ei synd, kva det so er for ei synd han kann hava gjort. Tvo eller tri manns vitnemål skal det til fyrr det kann dømast i ei sak.

16  Når det kjem fram eit vondkynt vitne og skuldar ein mann for lovbrot,

17  so skal båe tvo møtast for Herrens åsyn, for dei prestane og domarane som då er;

18  og domarane skal granska saki vel. Syner det seg då at vitnet er ein ljugar og hev vitna rangt mot bror sin,

19  so skal de gjera det same med han som han hadde tenkt å gjera med bror sin. Soleis skal de rydja ut det vonde ut or lyden.

20  Og dei andre skal høyra det og reddast, so det aldri meir vert gjort slik ei ugjerning millom dykk.

21  Du skal ingen spara: Liv for liv, auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23