«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 16

1  Kom i hug månaden abib! Då skal du halda påskehelg for Herren din Gud; for i den månaden førde Herren deg ut or Egyptar-land nattarstider.

2  Og du skal slakta påskeoffer åt Herren din Gud, småfe og storfe, på den staden som Herren vel seg til bustad åt namnet sitt.

3  Du skal ikkje eta syrt brød attåt offerkjøtet! I sju dagar skal du eta usyrt brød attåt det, naudhjelpsbrød, av di du laut skunda det ut or Egyptar-landet. Soleis skal du heile ditt liv minnast den dagen då du for burt frå Egyptar-landet.

4  I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i ditt eige, so langt som du råder, og av det du slaktar fyrste dagen um kvelden, må ingen ting liggja natti yver, til morgons.

5  Du må ikkje slakta påskeofferet heime, i nokon av dei byane som Herren din Gud gjev deg,

6  men berre på den staden Herren din Gud vel seg ut til bustad åt namnet sitt; der skal du slakta påskeofferet um kvelden, solegladsbel, på same tid som då du for frå Egyptar-land.

7  So skal du steikja og eta det på den staden som Herren din Gud vel seg ut; og um morgonen kann du venda heim att til tjeldbuene dine.

8  Seks dagar skal du eta usyrt brød; men den sjuande dagen skal du halda ei stor samlingshøgtid for Herren din Gud; då må du ikkje gjera noko arbeid.

9  So skal du rekna sju vikor: frå sigden tek til å sveiga i kornet, skal du telja sju vikor fram,

10  og når dei er lidne, skal du halda sjuvikehelgi for Herren din Gud. Då skal du bera fram so mykje som du hev hjarta til, i same mun som Herren din Gud velsignar deg.

11  Og du skal gleda deg for Herrens åsyn på den staden som Herren din Gud vel seg til bustad, både du og son din og dotter di og drengen din og tenestgjenta di og leviten som bur innan portane dine, og dei framande og farlause og enkjone de hev hjå dykk.

12  Du skal koma i hug at du var træl i Egyptar-land, og akta på desse fyresegnene og leva etter dei.

13  Når du hev samla inn det som kjem frå låven din og frå vinpersa, då skal du halda lauvhyttehelgi i sju dagar.

14  Og du skal gleda deg so lenge denne høgtidi varer, både du og son din og dotter di og drengen din og tenestgjenta di og levitane og dei framande og farlause og enkjone som bur innan portane dine.

15  Sju dagar skal du halda helg for Herren din Gud på den staden han vel seg ut; for Herren din Gud vil velsigna det i alt du avlar og alt du tek det fyre, so du skal vera berre glad.

16  Tri gonger um året skal alle karmennene dykkar møta fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut: i usyrdebrødhelgi og i sjuvikehelgi og i lauvhyttehelgi. Men tomhendt må ingen syna seg for Herrens åsyn;

17  kvar skal koma med den gåva han hev råd til, etter den velsigning som Herren din Gud hev gjeve deg.

18  I alle dei byane som Herren din Gud gjev deg, skal du setja inn domarar og tilsynsmenner, i kvar sine fylke; dei skal døma folket etter lov og rett.

19  Du skal ikkje rengja retten og ikkje gjera skilnad på folk og ikkje taka mutor; for mutone blindar augo på vismenner og rengjer saki for dei som hev rett.

20  Berre det som rett er skal du streva etter, so du kann få leva og eiga det landet som Herren din Gud gjev deg.

21  Du skal ikkje setja eit Astarte-bilete av noko slag tre attmed altaret som du byggjer åt Herren din Gud.

22  Og du skal ikkje reisa nokon minnestein; for det hatar Herren din Gud.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23