«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 15

1  Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår;

2  med dette hev det seg so: Den som hev eit lån til gode hjå næsten sin, skal gjeva det etter; han skal ikkje krevja sin næste og bror, av di dei hev lyst ettergjeving til Herrens æra.

3  Utlendingen kann du krevja, men det du hev til gode hjå bror din, skal du gjeva etter.

4  Med retten skulde det no ikkje finnast fatige hjå deg; for Herren din Gud skal velsigna deg i det landet han gjev deg til odel og eiga,

5  so sant du berre lyder han og aktar vel på å halda alle desse bodi som eg ber fram for deg i dag;

6  for då vil Herren din Gud visst og sant velsigna deg, som han hev lova, og du skal låna til mange folk, men sjølv skal du ikkje trenga noko lån, og du skal råda yver mange folk, men dei skal ikkje råda yver deg.

7  Finst det nokon fatig millom brørne dine, i nokon av byane i det landet som Herren din Gud gjev deg, so vert ikkje hardhjarta og lat ikkje att handi for den fatige bror din,

8  men opna handi di for han og lån han det han vantar og treng!

9  Akta deg att det ikkje kjem upp noko vondt i hjarta ditt når du tenkjer på at det lid nær innåt det sjuande året, ettergjevingsåret, so du ser med ublide augo på den fatige bror din og ikkje gjev han noko; for då kjem han til å klaga deg for Herren og du fær synd på deg.

10  Gjev han gjerne og tregelaust; for då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du gjer og teke deg fyre.

11  For fatige kjem det stødt til å finnast i landet; difor segjer eg deg: Opne handi di for bror din, for dei arme og fatige i landet ditt!

12  Når ein landsmann - ein hebrear, mann eller kvinna - vert seld* til deg, so skal han tena hjå deg seks år; men i det sjuande året skal du gjeva han fri, so han kann fara kvar han vil.

13  Og når du gjev han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt.

14  Du skal reida han ut vel med gåvor både av småfeet ditt og frå treskjevollen og vinpersa; av det som Herren din Gud hev velsigna deg med, skal du gjeva han.

15  Kom i hug at du sjølv hev vore træl i Egyptar-land, og at Herren din Gud fria deg ut; difor gjev eg deg i dag dette bodet.

16  Men segjer tenaren at han ikkje vil skiljast ifrå deg, av di han hev det godt hjå deg og held av deg og folket ditt,

17  so skal du taka ein syl og stinga gjenom øyra hans og inn i døri, og sidan skal han tena deg all si tid. Sameleis skal du gjera med tenestgjenta di.

18  Du skal ikkje trega på at du let sleppa han frå deg; for han hev arbeidt for deg i seks år, og leigefolk hadde kosta deg tvo gonger so mykje. Kom i hug dette, so skal Herren din Gud velsigna deg i alt du gjer!

19  Alle frumborne handyr i buskapen din skal du helga til Herren din Gud. Frumborna uksar må du ikkje hava til arbeids, og frumborna sauer må du ikkje klyppa.

20  For Herrens åsyn skal du eta dei, år etter år, du og huslyden din, på den staden som Herren vel seg ut.

21  Er det nokon lyte på dei, er dei halte eller blinde eller hev noko anna leidt lyte, då skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud.

22  Heime i byane dine kann du eta dei; både ureine og reine kann eta dei, liksom det var rådyr eller hjort.

23  Men blodet må du ikkje eta; du skal slå det ut på marki som vatn.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23