Femte Mosebok 14
1 De er borni åt Herren dykkar Gud; de må ikkje skjera dykk i holdet eller raka dykk snaude frami skallen av di de syrgjer yver ein avliden.
2 For eit heilagt folk er du for Herren din Gud; deg hev Herren valt til sitt eigande folk framum alle andre folk på jordi.
3 Du må ikkje eta noko som er ein styggedom.
4 Dette er dei firføtte dyri de må eta: Uksen sauen og geiti,
5 hjorten og rådyret og dådyret og steinbukken og fjellgeiti og villuksen og villgeiti.
6 Alle firføtte dyr som hev klauver, og som jortar, dei kann de eta.
7 Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar, og av dei som hev klauver: Kamelen og haren og bergtassen, for dei jortar, men hev ikkje klauver; dei skal vera ureine for dykk -
8 og svinet, for det hev klauver, men jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk. Kjøtet av dei dyri må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje koma nær dei.
9 Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som hev uggar og reist, kann de eta.
10 Men det som ikkje hev uggar og reist, må de ikkje eta; det skal vera ureint for dykk.
11 Alle reine fuglar kann de eta.
12 Det er berre desse fuglane de ikkje må eta: Ørnen og sjøørnen og fiskeørnen
13 og kråka og falken og alle glenteslagi,
14 og alle fuglar av ramneætti,
15 og strussen og gauken og måsen og alle haukeslagi,
16 kattula og stunulven og kveldknarren
17 og pelikanen og gribben og kavfuglen
18 og storken og hegren med alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja.
19 Alt krek som hev venger, skal vera ureint for dykk; de må ikkje eta det.
20 Men alt fljugande som er reint, kann de eta.
21 De må ikkje eta noko som er sjølvdaudt! Du kann gjeva det til dei framande som bur hjå deg, so dei kann eta det, eller og kann du selja det til utlendingar; for eit heilagt folk er du for Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølki åt mor si.
22 Du skal gjeva tiend av avlingi di, av det som veks på marki år etter år.
23 Og på den staden som Herren din Gud vel seg til bustad åt namnet sitt, skal du halda måltid for hans åsyn og eta tiend av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungane av storfeet og småfeet ditt, so du kann læra å ottast Herren din Gud alle dagar.
24 Men er vegen for lang for deg, er den staden som Herren din Gud vel seg til bustad åt namnet sitt, for langt burte, og hev Herren velsigna deg med so rik ei grøda at du ikkje kann føra tiendi dit,
25 so kann du gjera det i pengar, og pengane skal du knuta inn i eit plagg og taka med deg til den staden som Herren din Gud vel seg ut.
26 For dei pengane skal du då kjøpa alt det du hev hug til, storfe og småfe og vin og sterke drykker - alt det som hugen din trår etter - og so skal du halda måltid der for Herrens åsyn og gleda deg, du og huslyden din.
27 Og leviten som bur hjå deg, må du ikkje gløyma; for han hev ikkje fenge nokon arv eller lut liksom du.
28 Tridje kvart år skal du taka undan heile tiendi av det du hev avla det året, og leggja det upp i byane dine.
29 So skal levitane koma; for dei hev ingen lut eller arv liksom du; og dei framande og farlause og enkjone som bur innan portane dykkar, skal koma og få det dei treng. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det arbeid du tek deg fyre.