Femte Mosebok 12
1 Dette er dei bodi og lovene de skal halda dykk etter i det landet som Herren, Gud åt federne dykkar, hev gjeve dykk; lat dei aldri ganga dykk or minne so lenge de lever på jordi:
2 Der som dei heidningane de driv burt, hev dyrka gudane sine, der skal de gjera det audt, på dei høge fjelli og på haugane og under kvart grønt tre.
3 De skal riva ned altari deira og slå sund minnesteinane; Astarte-bileti deira skal de brenna, og gudebileti skal de hogga sund og rydja ut namni deira der dei hev vore.
4 Når de dyrkar Herren dykkar Gud, skal de ikkje fara åt som dei folki gjorde;
5 de skal søkja til den staden som Herren dykkar Gud vel seg til bustad åt namnet sitt av alle fylki dykkar; dit skal du koma,
6 og dit skal de føra brennofferi og slaktofferi dykkar og tiendi dykkar og reidone som de ber fram, og offeri dykkar, både dei de hev lova, og dei de gjev friviljugt, og frumsungane av storfeet og småfeet dykkar.
7 Og der skal de halda måltid for Herrens åsyn, de og huslydane dykkar, og gleda dykk i alt det de hev vunne med arbeidet dykkar, alt det Herren din Gud hev velsigna deg med.
8 De må ikkje gjera so som me gjer her i dag - for no gjer kvar det han sjølv held for rett -
9 Av di de endå ikkje er komne til den heimen* og den odelseigni som Herren din Gud vil gjeva deg.
10 Men når de hev gjenge yver Jordan og sett dykk ned i det landet som Herren dykkar Gud gjev dykk til odel og eiga, og han hev gjeve dykk ro for alle fiendar rundt ikring, so de bur trygt,
11 då skal den staden som Herren dykkar Gud vel seg til bustad åt namnet sitt, vera den einaste staden de kjem til med alt det eg segjer dykk fyre: brennofferi og slaktofferi dykkar, tiendi og reidone og alle dei valde gåvone som de lovar Herren.
12 Og de skal gleda dykk for Herrens åsyn, de og sønene og døtterne dykkar og drengene og tenestegjentone dykkar og levitane som bur hjå dykk; for dei hev ikkje fenge nokon lut eller arv tilliks med dykk.
13 Akta deg at du ikkje ber fram brennofferi dine på nokon stad som du sjølv ser deg ut!
14 På den staden som Herren vel seg ut i eit av fylki dine, der skal du ofra brennofferi dine, og der skal du gjera alt anna eg segjer deg fyre.
15 Men elles kann du slakta og eta kjøt so mykje du hev hug til, i alle byane dine, etter som Herren din Gud gjev deg signing til. Både ureine og reine kann eta det, liksom det var rådyr eller hjort.
16 Men blodet må de ikkje eta; de skal slå det ut på marki liksom vatn.
17 Tiendi av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungane av storfeet og småfeet ditt, og lovofferi som du hev vigt, og dei friviljuge offeri og reidone som du ber fram, det må du ikkje eta heime i byane dine.
18 For Herrens åsyn, på den staden som Herren din Gud vel seg ut, skal du eta det, du og son sin og dotter di og drengen din og tenestgjenta di og leviten som bur innan portane dine, og du skal gleda deg for Herrens åsyn i alt det du hev vunne med arbeidet ditt;
19 men akta deg at du aldri gløymer leviten, so lenge du lever i landet ditt!
20 Når Herren din Gud vidkar ut riket ditt, soleis som han hev lova deg, og du segjer: No vil eg eta kjøt, av di du hev hug på kjøt, so kann du eta kjøt so mykje du vil.
21 Hev du lang veg til den staden som Herren din Gud vel seg til bustad åt namnet sitt, so må du gjera som eg hev sagt, og slakta noko av storfeet og småfeet som Herren hev gjeve deg, og eta av det heime i byen din, so mykje som du hev hug til.
22 Men du må eta det liksom det var rådyr eller hjort; både ureine og reine kann eta det.
23 Kom berre i hug at du ikkje et blodet! For blodet er sjeli, og du må ikkje eta sjeli saman med kjøtet.
24 Du må ikkje eta blodet; du skal slå det ut på marki liksom vatn.
25 Et det ikkje, so skal det ganga deg vel og borni dine etter deg, når du gjer det som er rett i Herrens augo.
26 Men dei heilage gåvone som du vil gjeva, og lovofferi skal du taka og føra med deg til den staden som Herren vel seg ut.
27 Brennofferi dine skal du ofra på altaret åt Herren din Gud, både kjøtet og blodet; av slaktofferi* skal blodet hellast ut på altaret; men kjøtet kann du eta.
28 Lyd då etter alle desse bodi som eg gjev deg, og haldt dei, so det kann ganga deg og borni dine vel i all æva, når du gjer det som er godt og rett i augo åt Herren din Gud!
29 Når Herren din Gud hev rudt ut for deg dei folki du no fer imot og vil driva burt, og når du hev jaga dei ut og sett deg ned i landet deira,
30 akta deg då at du ikkje vert dåra og fylgjer i fotfaret deira, etter dei hav vorte utøydde for augo dine! Du skal ikkje spyrja etter gudane deira og segja: Korleis tente desse folki gudane sine? Eg vil gjera som dei.
31 Far aldri åt som dei gjer når du dyrkar Herren din Gud; for alt det som er ein styggedom i Herrens augo, og som han hatar, det gjer dei for gudane sine; jamvel sønene og døtterne sine brenner dei til æra for gudane sine.
32 Alt det eg segjer dykk fyre, skal du akta vel på og leva etter det; du må ingen ting leggja attåt og ingen ting taka ifrå.