«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 11

1  So elska då Herren din Gud og haldt det han vil du skal halda, lovene og fyresegnene og bodi hans, alle dagar!

2  Og de skal i dag - for det er ikkje borni dykkar eg talar med, dei som ikkje kjenner til det og ikkje hev set det - koma i hug Herrens rettleiding og tukt, hans store velde, hans sterke hand og strake arm,

3  dei teikn og storverk han gjorde i Egyptar-land med Farao, egyptarkongen, og heile landet hans,

4  og det han gjorde med egyptarheren, med hestane og vognene deira, då han let vatnet i Raudehavet strøyma i hop yver dei medan dei sette etter dykk, og gjorde ende på dei so ingen hev set dei meir,

5  og det han gjorde for dykk i øydemarki alt til de kom hit,

6  og det han gjorde med Datan og Abiram, sønene åt Eliab, son åt Ruben, då jordi let upp gapet sitt midt i Israels-lægret og gløypte dei og husi og tjeldbuene deira og kvart liv som var med dei;

7  for de hev sjølve med eigne augo set alle dei storverki Herren hev gjort.

8  So haldt då alle dei bodi eg lærer deg i dag, so de kann verta sterke og eigna til dykk det landet de er på veg til og skal leggja under dykk,

9  og so de kann få leva lenge i det landet Herren lova federne dykkar at han vilde gjeva dei og ætti deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.

10  For det landet du no kjem inn i og skal eigna til deg, er ikkje likt Egyptar-landet, som de kjem ifrå. Der laut du vatna jordi med foten som ein kålhage, kvar gong du hadde sått;

11  men det landet de no fer yver til og skal taka i eige, det er eit land med fjell og dalar; av himmelregnet drikk det seg utyrst;

12  det er eit land som Herren ber umsut for; allstødt vaktar augo åt Herren din Gud på det, frå årsens fyrste dag til den siste.

13  Lyder de no dei bodi eg gjev dykk i dag, og elskar og tener de Herren dykkar Gud av alt dykkar hjarta og all dykkar hug,

14  so skal gjeva landet dykkar regn i rette tid, både haust og vår, og du skal samla i hus korn og vin og olje,

15  og gras skal eg lata veksa på marki for buskapen din, og du skal hava nøgdi av mat.

16  Men akta dykk at hjarta dykkar ikkje vert dåra, so de fell ifrå og tener andre gudar og tilbed dei;

17  for då logar Herrens harm upp mot dykk, og han stengjer himmelen att, so det ikkje kjem regn, og jordi ikkje gjev grøda, og vonom snøggare vert de utrudde or det gilde landet som Herren gjev dykk til eiga.

18  So legg dykk då desse ordi mine på hjarta og minne! Bind dei på handi til merke og ber dei som ein minnesetel på panna!

19  Lær dei til borni dykkar på den måten at du talar um dei når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att,

20  og skriv dei på dørskiene i huset og på portane dine,

21  so de og borni dykkar kann få leva lenge i det landet som Herren sjølv lova å gjeva federne dine, likso lenge som himmelen kvelver seg yver jordi!

22  For aktar de vel på alle desse bodi som eg segjer de skal halda, elskar de Herren dykkar Gud og allstødt gjeng på hans vegar og held dykk til han,

23  so skal Herren driva alle desse folki or landet; folk som er større og mannsterkare enn de er sjølve, skal de jaga;

24  kvar flekken de set foten på, skal høyra dykk til; frå øydemarki og Libanon, frå den store elvi, Fratelvi, til Vesterhavet skal riket dykkar nå.

25  Ingen skal kunna standa seg imot dykk; redsla for dykk og otte skal Herren dykkar Gud lata koma yver heile det landet de set foten på, soleis som han hev sagt dykk.

26  Sjå i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning:

27  velsigning, so sant de lyder bodi åt Herren dykkar Gud, dei som eg kjem til dykk med i dag,

28  og forbanning, so framt de ikkje lyder bodi åt Herren dykkar Gud, men tek utav den vegen som eg i dag segjer de skal ganga, og held dykk til andre gudar, som de ikkje veit noko um.

29  Når då Herren fører deg inn i det landet du no er på vegen til og skal taka i eige, so skal du lysa velsigningi på Garisim-fjellet og forbanningi på Ebal-fjellet;

30  det er dei fjelli de veit, som ligg på hi sida Jordan, burtanfor vestervegen, i det landet som kana'anitane eig, dei som bur på moane midt for Gilgal, innmed terebintelunden åt More.

31  For no gjeng de yver Jordan og skal taka imot det landet som Herren dykkar Gud gjev dykk; når de so hev eigna det til dykk og bur i det,

32  sjå då til at de held alle dei bodi og lovene eg legg fyre dykk i dag!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23