«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 10

1  Då var det Herren sa til meg: Hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og kom upp på fjellet til meg, og gjer dessutan ei trekista;

2  so skal eg skriva dei same ordi på dei tavlone som på dei fyrste, dei du slo sund, og du skal leggja dei ned i kista.

3  Då gjorde eg ei kista av akasietre og hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjekk upp på fjellet med tavlone i handi.

4  Og Herren skreiv på dei det same som han hadde skrive fyrre gongen, dei ti bodordi som han hadde tala til dykk på fjellet midt utor elden den dagen de var samla der, og han gav dei til meg.

5  So snudde eg meg og gjekk ned av fjellet og la tavlone i den kista eg hadde gjort; og der vart dei liggjande, soleis som Herren hadde sagt meg fyre.

6  Sidan tok Israels-borni ut frå Bene-Ja'akan-brunnane og kom til Mosera; der døydde Aron, og der vart han gravlagd, og Eleasar, son hans, vart prest etter han.

7  Derifrå for dei fram til Gudgoda, og frå Gudgoda til Jotbata, eit land med mange bekker.

8  I den tidi skilde Herren ut Levi-ætti so dei skulde bera paktkista åt Herren og standa framfor Herrens åsyn og tena han og lysa velsigning i hans namn, og so hev dei gjort til denne dag.

9  Difor fekk ikkje Levi nokon lut eller arv tilliks med brørne sine; Herren er hans arv, soleis som Herren din Gud hev sagt til han.

10  So var eg då på fjellet i fyrti dagar og fyrti næter, liksom fyrre gongen, og Herren høyrde bøni mi den gongen og; han vilde ikkje tyna deg.

11  So sa Herren til meg: Statt upp og tak i vegen og før folket lenger fram, so dei kann koma inn i det landet eg hev lova federne deira å gjeva dei, og leggja det under seg.

12  Og no, Israel, kva er det Herren din Gud krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren din Gud og allstødt ganga på hans vegar og elska og tena han av alt ditt hjarta og all din hug

13  og halda bodi og lovene hans, som eg ber fram for deg i dag, so det kann ganga deg vel?

14  Sjå, himlane, og himle-himlane, jordi og alt det som på henne er, høyrer Herren din Gud til.

15  Men endå var det berre federne dine han la hug til og elska, og sidan valde han ut dykk, ætti deira, framum alle andre folkeslag, soleis som me ser det i dag.

16  So umskjer då fyrehudi på hjarta dykkar, og ver ikkje lenger so hardnakka!

17  For Herren dykkar Gud, han er Gud yver alle gudar og Herre yver alle herrar, den store, den veldige, den agelege Gud. Han gjer ikkje skilnad på folk og tek ikkje mutor;

18  han hjelper den farlause og enkja til retten sin og elskar dei framande, so han gjev dei mat og klæde.

19  Difor skal de og elska dei framande; de var sjølve framande i Egyptar-landet.

20  Herren din Gud skal du ottast; han skal du halda deg til, og ved hans namn skal du sverja.

21  Han er di ros, og han er din Gud, som for di skuld hev gjort alt dette store og agelege som du hev set for augo dine.

22  Sytti i talet for federne dine ned til Egyptar-land, men no hev Herren din Gud auka dykk so de er mange som stjernone på himmelen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23