«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 1

1  Dette er dei ordi som Moses tala til heile Israel i øydemarki på hi sida av* Jordan, på moane midt for Suf, millom Paran og Tofel og Laban og Haserot og Di-Sahab,

2  elleve dagsleider frå Horeb etter den vegen som ber burt imot Se'ir-fjelli, til Kades-Barnea.

3  Det var i det fyrtiande året, fyrste dagen i den ellevte månaden han tala til Israels-borni og bar fram alt det som Herren hadde sagt han skulde tala til dei.

4  Då hadde han vunne yver Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon, og attmed Edre'i yver Og, Basan-kongen, som budde i Astarot.

5  Austanfor Jordan, i Moab-landet, var det Moses tok til med å leggja ut denne lovi. Han sa:

6  Herren vår Gud tala soleis til oss ved Horeb: Lenge nok hev de halde dykk innmed dette fjellet.

7  Tak no ut og legg vegen til Amoritar-fjelli og alle dei folki som bur der attmed, på moane og i fjellbygdene, på sletta og i sudlandet og utmed havstrandi, til Kana'ans-landet og til Libanon, alt burt til den store elvi, Fratelvi.

8  Sjå, eg hev lagt landet ope for dykk. Far av stad og tak det! Det er det landet som Herren lova federne dykkar, Abraham og Isak og Jakob, at han vilde gjeva dei og ætti deira etter dei.

9  Den gongen sa eg til dykk: Eg kann ikkje greida dykk åleine.

10  Herren dykkar Gud hev auka dykk, so de no er mange som stjernone på himmelen;

11  og gjev at Herren, Gud åt federne dykkar, vilde auka dykk endå tusund gonger og velsigna dykk, som han hev lova!

12  Men korleis kann eg åleine bera strevet og møda med dykk og alle trettone dykkar?

13  Kom med nokre vise og vituge og velrøynde menner frå kvar ætt, so skal eg setja dei til hovdingar yver dykk!

14  Då svara de meg: Det er både rett og godt det du segjer.

15  So tok eg ættehovdingane dykkar, vise og velrøynde menner, og sette dei til styrarar yver dykk - sume yver tusund og sume yver hundrad og sume yver femti og sume yver ti - og gjorde dei til tilsynsmenner yver ættene dykkar.

16  Og til domarane dykkar sa eg den gongen: Høyr på dei sakene som brørne dykkar hev med kvarandre, og døm rett millom mann og mann, anten dei er landsmenner eller den eine er framand.

17  Gjer ikkje mannemun i retten! Høyr på den ringaste som på den høgste, og ver ikkje redde nokon mann! For domen høyrer Gud til. Men dei sakene som er for vande for dykk, lyt de koma til meg med, so skal eg høyra på dei.

18  Og same gongen sa eg dykk føre um alt anna de skulde gjera.

19  So tok me ut frå Horeb og for gjenom heile den store og øgjelege villmarki som de hev set; me heldt leidi til Amoritar-fjelli, soleis som Herren vår Gud hadde sagt oss fyre, og kom til Kades-Barnea.

20  Då sa eg til dykk: No er de komne til Amoritar-fjelli, som Herren vår Gud vil gjeva oss.

21  Sjå, Herren din Gud hev lagt dette landet ope for deg! Far upp og tak det, som Herren, Gud åt federne dine, hev sagt deg! Du skal ikkje reddast og ikkje fæla!

22  Då kom de til meg alle saman og sa: Lat oss senda folk fyre, so dei kann gjera seg kjende i landet og gjeva oss greida på kva veg me skal fara, og kva byar me kjem til!

23  Det tykte eg var rett, og so valde eg ut tolv mann av dykk, ein or kvar ætt.

24  Dei tok då av stad og for upp i fjelli og kom til Eskoldalen. Dei endefor landet

25  tok noko av fruktene der var, og hadde med seg heim til oss, og dei fortalde um alt dei hadde set, og sa: Det landet som Herren vår Gud vil gjeva oss, er eit godt land.

26  Men de vilde ikkje fara dit; de sette dykk upp mot Herren dykkar Gud

27  og sat og mukka i tjeldbuene dykkar og sa: Herren hatar oss; difor hev han ført oss ut or Egyptar-landet, og no vil han gjeva oss i hendene på amoritane og tyna oss.

28  Kva slag land er det me skal fara upp til! Brørne våre tok modet reint ifrå oss då dei kom att og sa: Det er eit folk som er større og høgare enn me, og dei hev store byar med murar som rekk radt til himmels; og Anaks-sønene såg me der og.

29  Då sa eg til dykk: De skal ikkje ottast og ikkje vera redde dei.

30  Herren dykkar Gud gjeng fyre dykk; han skal strida for dykk, soleis som de såg han gjorde i Egyptar-land

31  og i øydemarki som du hev set, der Herren din Gud bar deg, som ein mann ber barnet sitt, heile vegen de for til de kom hit.

32  Men endå leit de ikkje på Herren dykkar Gud,

33  han som gjekk føre dykk på ferdi og såg etter lægerstad for dykk, um natti i ein eld, so de kunde sjå vegen de skulde ganga, og um dagen i ei sky.

34  Då Herren høyrde korleis de tala, vart han harm og svor:

35  Ingen av desse mennene, av denne vonde ætti, skal få sjå det gilde landet eg lova federne dykkar,

36  ingen utan Kaleb, son åt Jefunne; han skal få sjå det; han og borni hans vil eg gjeva det landet han hev sett foten på, for di han hev halde seg so trutt etter Herren.

37  Meg og vart Herren harm på for dykkar skuld og sa: Du skal heller ikkje få koma dit.

38  Josva son åt Nun, han som gjeng deg til handa, skal koma dit. Han skal du styrkja! For han er det som skal vinna landet til odel åt Israel.

39  Og borni dykkar, som de spådde skulde koma i fiendehand, og sønene dykkar, som endå ikkje kann skilja godt ifrå vondt, dei skal koma dit; dei vil eg gjeva landet, og dei skal få eiga det.

40  Men de lyt venda og taka ut i øydemarki etter den vegen som ber til Raudehavet.

41  Då sa de til meg: Me hev synda mot Herren! Men no vil me fara upp og strida, soleis som Herren vår Gud hev sagt oss fyre. So batt de kring dykk våpni kvar og ein; de tenkte det var ingen vande å fara upp i fjelli.

42  Men Herren sa til meg: Seg til dei at dei ikkje skal fara dit og ikkje gjeva seg i strid; for eg er ikkje med dei, og dei kjem til å rjuka for fienden.

43  So tala eg til dykk, men de vilde ikkje høyra; de lydde ikkje Herren og for i ovmod og uvyrdskap upp i fjelli.

44  Og amoritane, som budde i fjelli der, tok ut imot dykk og sette etter dykk so kvast som ein biesvarm, og dei jaga dykk ifrå einannan i Se'ir og elte dykk radt til Horma.

45  Då kom de attende og gret for Herrens åsyn; men Herren høyrde ikkje på dykk og lydde ikkje på klagone dykkar,

46  og de laut vera i Kades heile den lange tidi de veit.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23