«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Daniel 9

1  I det fyrste året Darius, son åt Ahasverus, styrde - han som var av medisk ætt og hadde vorte konge yver kaldearriket -

2  i det fyrste styringsåret hans kom eg, Daniel, i bøkene til å gjeva ans på det åretalet som Herren hadde nemnt for profeten Jeremias - at han vilde lata fulle sytti år lida seg til endes medan Jerusalem låg i røys.

3  Då vende eg andletet til Herren Gud og vilde søkja han med bøn og audmjuke ynske medan eg fasta i sekk og oska.

4  Og eg bad til Herren min Gud og skrifta og sa: Å Herre, du store og agelege Gud, som held di pakt og held uppe di miskunn mot dei som elskar deg og held bodi dine!

5  Me hev synda og gjort ille og vore gudlause og trassige; me hev vike av ifrå bodi dine og lovene dine.

6  Me høyrde ikkje på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre og hovdingane og federne og heile landslyden.

7  Du, Herre, er rettferdig, men me lyt blygjast, som me Juda-menner og Jerusalems-buar og heile Israel, både dei som er nær, og dei som er langt burte, i alle dei land som du hev drive dei burt til av di dei var utrue mot deg.

8  Ja, Herre, me lyt blygjast, med kongane våre og hovdingane og federne våre, av di me hev synda mot deg.

9  Hjå Herren vår Gud er miskunn og forlating. For me hev sett oss upp mot han

10  og høyrde ikkje på røysti åt Herren vår Gud og levde ikkje etter lovene hans, som han la fram for oss ved tenarane sine, profetane;

11  nei, heile Israel braut di lov og fall ifrå og høyrde ikkje på di røyst; difor vart ho og utrend yver oss den forbanningi som han hadde svore å senda, og som stend skrivi i lova åt Moses, Guds tenar; for me hadde synda mot han,

12  og han heldt dei ordi som han hadde tala imot oss og imot dei domarane våre, som dømde oss; og han let so stor ei ulukka koma yver oss at det ingen stad under himmelen hev hendt noko slikt som hev hendt i Jerusalem.

13  Etter det som stend skrive i Moselovi, kom all denne ulukka yver oss; men me prøvde ikkje å blidka Herren vår Gud og vende ikkje um frå misgjerningane våre og akta ikkje på sanningi di.

14  Difor hadde Herren ulukka for auga stødt og let henne koma yver oss; for Herren vår Gud er rettferdig i alt det han gjer, men me høyrde ikkje på røysti hans.

15  Og no, Herre vår Gud, du som førde folket ditt ut or Egyptar-land med sterk hand og soleis gjorde deg eit namn, som er det same endå i dag! Me hev synda, me hev vore ugudlege.

16  Men Herre, lat etter alle dine rettferdige verk vreiden og harmen din venda seg ifrå byen din, Jerusalem, ditt heilage fjell! For ved syndene våre og misgjerningane åt federne våre hev Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur ikring oss.

17  Høyr no, vår Gud, på bøni åt tenaren din og dei audmjuke ynski hans og lat di åsyn lysa yver den øydelagde heilagdomen din - for di eiga skuld, Herre!

18  Min Gud, halla øyra ditt hit og høyr! Lat upp augo dine og sjå røysane våre og byen som er uppkalla etter ditt namn! For me lit ikkje på våre rettferdige verk når me ber våre audmjuke ynske for di åsyn, men me lit på di store miskunn.

19  Herre, høyr! Herre, forlat! Herre, lyd etter og gjer det og dryg ikkje - for di eiga skuld, min Gud! For byen din og folket ditt er uppkalla etter ditt namn.

20  Medan eg endå tala soleis og bad og sanna mi eiga synd og synda åt Israel, folket mitt, og bar mi bøn for min Guds heilage fjell fram for Herren min Gud -

21  medan eg endå tala soleis i bøni, kom Gabriel, den mannen som eg fyrr hadde set i syni, den gongen eg seig i uvit, og tok i meg - det var ved det belet då kveldsofferet vart frambore.

22  Han greidde ut for og tala til meg meg og sa: Daniel, no er eg komen hit og læra deg å skyna.

23  Med same du tok til bera fram dine audmjuke bøner, kom det eit ord, og no er eg komen og vil kunngjera deg det; for du er sers gjæv for Gud; so gjev då akt på ordet og akta på syni!

24  Sytti vikor* er tiletla folket ditt og den heilage byen din til å stengja inne fråfallet og forsigla synder og føra fram ei æveleg rettferd** og stadfesta syn og profet*** og salva ein høgheilag heilagdom****.

25  Og du skal vita og skyna: Frå den tidi då ordet gjeng ut um å attreisa og byggja um att Jerusalem, til dess det kjem ein som er salva*, ein fyrste, skal det sju vikor og tvo og seksti vikor lida av; byen skal verta attreist og uppatt-bygd med gator og vollgraver, endå um tidene er tronge**.

26  Men etter dei tvo og seksti vikone skal han som er salva verta utrudd* og inkje hava**, og byen og heilagdomen verta øydde av folket åt ein fyrste som kjem, og enden på det er ein storflaum, og alt til enden er det ufred; øyding er urikkeleg avgjord.

27  Og ei vika skal gjera pakti fast for dei mange; og når vika er halvlidi, skal slaktoffer og matoffer verta avteke**, og på styggedoms venger skal det øydaren koma***, og til dess tyning og urikkeleg avgjord straffedom strøymer ned yver den som vert øydelagd.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23