«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Daniel 7

1  I det fyrste året Belsasar var konge i Babel, hadde Daniel ein draum og såg syner medan han låg på lægjet sitt; sidan skreiv han upp draumen og fortalde hovudinnhaldet av han.

2  Høyr no kva Daniel fortalde: Eg hadde ei syn um natti, og i den syni såg eg korleis dei fire himmel-vindane storma fram yver det store havet.

3  Og fire dyr steig upp or havet, det eine ulikt det andre.

4  Det fyrste liktest ei løva og hadde ørnevenger, og medan eg såg på det, vart vengene rivne av dyret, og det vart lyft upp frå marki og sett på tvo føter som eit menneske, og det fekk eit mannehjarta.

5  So fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja; det var likt ein bjørn og lette seg upp på den eine sida*; og det hadde tri sidebein i gapet millom tennene, og det vart sagt til det: Statt upp og et mykje kjøt!

6  Sidan såg eg i syni mi eit anna dyr, som liktest ein leopard; det hadde fire fuglevenger på ryggen og hadde fire hovud, og det fekk stort velde.

7  Sidan fekk eg i nattesynene mine sjå det fjorde dyret, øgjeleg og skræmeleg og uhorveleg sterkt; det hadde store tenner av jarn, det åt og krasa, og leivningane trakka det ned med føtene; det var ulikt alle hine dyri og hadde ti horn.

8  Eg skoda vel på horni; då fekk eg sjå eit anna horn, eit lite, som skaut upp millom dei, og tri av hine horni vart rykte upp so det kunde få rom; og det hornet hadde augo som manneaugo og ein munn som tala store ord.

9  Medan eg såg på dette, vart det sett fram stolar, og ein som gamal var, sette seg ned; klædnaden hans var snøkvit, og håret på hovudet hans var som rein ull; stolen hans var eldslogar, og hjuli under var brennande eld.

10  Ei elv av eld strøymde ut frå han; tusund gonger tusund var tenarane hans, og titusund gonger titusund stod til tenesta for han. So vart retten sett, og bøker vart opna.

11  Medan eg såg på dette, vart dyret drepe for dei store ordi skuld som hornet tala, og kroppen åt dyret vart tynt og kasta i elden for å brennast.

12  Veldet åt dei andre dyri vart teke frå dei; for levetidi deira var fastsett til tid og stund.

13  Sidan fekk eg sjå i nattsynene mine korleis ein som liktest ein menneskeson, kom med himmelskyene; han gjekk burt til den gamle og vart ført fram for han.

14  Og han fekk velde og æra og rike, og alle folk og ætter og tungemål skulde tena han; hans velde er eit æveleg velde, som aldri forgjengst, og riket hans gjeng aldri til grunns.

15  Då kjende eg, Daniel, åndi mi uroast i meg, og synene eg hadde havt, skræmde meg.

16  Eg gjekk burt til ein av dei som stod der og bad um ei pålitande uttyding på alt dette, og han svara meg og tydde det for meg:

17  Desse fire store dyri tyder at det skal koma upp fire kongar på jordi;

18  men dei heilage åt Den Høgste skal få riket og hava det i eige til æveleg tid, ja, i alle ævor.

19  So vilde eg hava pålitande uttyding um det fjorde dyret, som var ulikt alle hine, det som var so skræmeleg og hadde tenner av jarn og klør av kopar, og som åt og krasa og trakka ned med føtene det som det leivde,

20  og like eins um dei ti horni det hadde på hovudet, og um det nye hornet, det som sidan skaut upp, og som tri av hine horni fall av for - det hornet som hadde augo og ein munn som tala store ord, og som var større å sjå til enn alle hine.

21  Eg såg korleis dette hornet førde strid mot dei heilage og vann yver dei,

22  til dess han kom, han som gamal var, og dei heilage åt den Høgste sin rett, og tidi kom då dei heilage tok riket i eiga.

23  So lydde ordi hans: Det fjorde dyret tyder at eit fjorde rike skal koma upp på jordi, eit som skal vera ulikt alle hine riki; det skal gløypa heile jordi og trakka henne sund og krasa henne.

24  Og dei ti horni tyder at det skal koma upp ti kongar i det riket, og etter dei skal det koma upp ein annan konge, som skal vera ulik dei som var fyre han, og som skal slå ned tri kongar

25  og tala ord mot den Høgste og fara fram med vald mot dei heilage åt den Høgste; han skal setja seg fyre å skifta um heilage tider og lov, og dei skal gjevast i hans hand ei tid og tider og ei halv tid*.

26  Men so vert retten sett, og veldet skal verta teke frå han, so han skal utrydd og tynt for alle tider.

27  Og riket og veldet og makti yver alle rike under himmelen skal verta gjeve til det folket som er dei heilage åt den Høgste; riket som det fær, skal vera eit æveleg rike, og alle makter skal tena og lyda det.

28  Her sluttar fråsegni mi. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, og eg skifte leter i andletet; men eg gøymde i hjarta mitt det som eg hadde høyrt og set.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23