Profeten Daniel 5
1 Kong Belsasar gjorde eit stort gjestebod for dei tusund stormennene sine, og han drakk vin for augo deira.
2 Då Belsasar hadde fenge smak på vinen, baud han at dei skulde henta dei gullkjeraldi og sylvkjeraldi som Nebukadnesar, far hans, hadde teke or templet i Jerusalem, so kongen og stormennene hans, konone og fylgjekonone hans kunde drikka or dei.
3 So henta di gullkjeraldi som var tekne or templet, or Guds hus i Jerusalem; og kongen og stormennene hans, konone og fylgjekonone hans drakk or dei.
4 Dei drakk vin og prisa gudane sine av gull og sylv, av kopar og jarn og tre og stein.
5 I same stundi synte det seg fingrar av ei mannehand, som skreiv på den kvitkalka veggen i kongshalli, midt imot ljosestaken. Og kongen såg handi som skreiv.
6 Då skifte kongen leter, og tankane skræmde han; han veikna i mjødmane, og knei hans slo imot einannan.
7 Og kongen ropa med høg røyst at dei skulde henta åndemanarane og kaldearane og stjernetydarane. So tok han til ords og sa til vismennene i Babel: Den mannen som kann lesa denne skrifti og tyda henne for meg, han skal verta klædd i purpur og få ei gullkjeda um halsen, og i makt skal han vera den tridje i riket.
8 Alle vismennene åt kongen kom til stades, men dei kunde ikkje lesa skrifti eller tyda henne for kongen.
9 Då vart kong Belsasar øgjeleg forfærd og skifte leter, og stormennene hans stod reint forfjetra.
10 Då dronningi* høyrde talen åt kongen og stormennene hans, kom ho inn i gildehalli. Ho tok til ords og sa: Kongen leve æveleg! Lat ikkje tankane skræma deg, og ikkje skal du skifta leter.
11 I riket ditt finst ein mann som åndi åt dei heilage gudane er i; i dagane åt far din synte det seg at han åtte både upplysning og klokskap og visdom som visdom hjå gudar; og kong Nebukadnesar, far din, sette han til hovding yver runemeistrane og åndemanarane og kaldearane og stjernetydarane. Dette gjorde far din, konge,
12 for di det hjå han var ei makelaus ånd og kunnskap og skyn og dugleik til å tyda draumar og løysa gåter og greida ut vande spursmål - eg meiner Daniel, han som kongen gav namnet Beltsasar. Send difor bod etter Daniel! So gjev nok han deg uttydingi.
13 So henta dei Daniel inn til kongen. Og kongen tok til ords sa til Daniel: Er du Daniel, ein av dei jødiske fangane som far min, kongen, førde hit frå Juda?
14 Eg hev høyrt um deg at åndi åt gudar er i deg, og at det hev synt seg at du eig upplysning og skyn og makelaus visdom.
15 No er vismennene og åndemanarane vorte henta hit til meg til å lesa denne skrifti og tyda henne for meg; men dei kann ikkje gjeva meg nokor uttyding.
16 Men eg hev høyrt um deg at du kann tyda draumar og greida ut vande spursmål; kann du no lesa denne skrifti og tyda henne for meg, so skal du verta klædd i purpur og få ei gullkjeda um halsen, og i makt skal du vera den tridje i riket.
17 Då svara Daniel der han stod framfor kongen: Gåvone dine kann du sjølv hava eller gjeva dei til ein annan! Dei forutan skal eg lesa og tyda skrifti for kongen.
18 Konge! Den høgste Gud gav Nebukadnesar, far din, riket og makti og æra og herlegdom;
19 og for den makti skuld som han hadde gjeve han, skalv alle folk og ætter og tungemål for han og reddast; kven han vilde, drap han, og kven han vilde, let han leva; kven han vilde, gjorde han stor, og kven han vilde, gjorde han liten.
20 Men då han ovmoda seg i hjarta sitt, og åndi hans vart stolt og stormodig, vart han støytt ned frå kongsstolen sin, og æra hans vart teki frå han.
21 Han vart utstøytt frå mannsborni, og hjarta hans vart som hjarta hjå eit dyr, og hjå villasni laut han bu; gras laut han eta som uksane, og av doggi frå himmelen vart lekamen hans vætt, til dess han sanna at den høgste Gud råder yver kongedømet hjå menneski og set kven han vil, til å styra.
22 Men du, Belsasar, son hans, hev ikkje gjort hjarta ditt audmjukt, endå du visste alt dette;
23 du hev ovmoda deg mot herren yver himmelen og late folk henta som var tekne frå kjeraldi frå huset hans; og du og stormennene dine, konone og fylgjekonone dine hev drukke vin or dei, og du hev prisa dine gudar av sylv og gull, av kopar og jarn og tre og stein, som korkje ser eller høyrer eller hev vit; men den Gud som hev din livsande i si hand, og som råder yver alle dine vegar, han hev du ikkje æra.
24 Difor vart no denne handi send frå han, og denne skrifti rita.
25 Og so lyder den skrifti som som her er rita: Mene, mene, tekel, ufarsin*.
26 Og ordi skal tydast so: Mene, det tyder: Gud hev talt dagane åt riket ditt og gjort ende på det.
27 Tekel, det tyder: Du er vegen på vektskål og funnen for lett.
28 Peres, det tyder: Riket ditt er sundbytt og gjeve til medarane og persarane.
29 Då baud Belsasar at dei skulde klæda Daniel i purpur og hengja ei gullkjeda um halsen hans og ropa ut at han i makt skulde vera den tridje i riket.
30 Same natti vart Belsasar, kaldearkongen, drepen.