Profeten Daniel 2
1 I det andre styringsåret sitt hadde Nebukadnesar draumar som sette uro i hugen hans, so han ikkje fekk sova.
2 Då sende kongen bod etter runemeistrane og åndemanarane og trollmennene og kaldearane, og vilde at dei skulde fortelja han kva han hadde drøymt; og dei kom og steig fram for kongen.
3 Og kongen sa slik: Eg hev havt ein draum og hev slik uro i hugen; eg stundar etter å få vita kva eg hev drøymt.
4 Då tala kaldearane til kongen på araméisk: Kongen leve æveleg! Fortel tenarane dine draumen, so skal me segja deg kva han tyder.
5 Kongen svara kaldearane: Dette ordet mitt stend fast: Dersom de ikkje både segjer meg draumen og tyder han, skal de verta hogne i sund, og husi dykkar gjorde til sorphaugar.
6 Men dersom de fortel meg draumen og tyder han, so skal de få rike gåvor og stor æra av meg. Seg meg difor draumen og tyd han!
7 Då svara dei andre gongen: Kongen må fortelja draumen til tenarane sine, so skal me segja kva han tyder.
8 Kongen svara: No veit eg for visst at de berre vil vinna tid, sidan de ser at det ordet eg sa, stend fast.
9 Dersom de ikkje segjer meg draumen, kann domen yver dykk ikkje verta anna enn ein. Men de hev vorte samde um å fortelja meg ei skammeleg lygn, i von um at tidene skal snu seg; seg meg no difor kva eg hev drøymt, so skynar eg at de og kann tyda det for meg!
10 Kaldearane svara kongen: Det finst ikkje eit menneske på jordi som kann segja kongen det han vil vita; aldri hev då heller nokon konge, kor stor og mektig han var, kravt noko slikt av nokon runemeister eller åndemanar eller kaldear.
11 For det som kongen krev, er altfor vandt, og det finst ingen som kann fortelja kongen det han vil vita, utan gudane, og dei bur ikkje millom døyelege menneske.
12 Då vart kongen vreid og ovharm og baud at dei skulde drepa alle vismennene i Babel.
13 Då so dette påbodet var utferda, og dei skulde til å drepa vismennene, leita dei og etter Daniel og venene hans og vilde drepa dei.
14 Då sa Daniel eit klokt og vitugt ord til Arjok, hovdingen yver livvakti åt kongen, som hadde drege ut og skulde drepa vismennene i Babel.
15 Han tok åt ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: Kvifor hev kongen ferda ut dette strenge påbodet? Då fortalde Arjok Daniel korleis det hadde seg.
16 So gjekk Daniel inn og bad kongen at han skulde gjeva han ein frest, so skulde han tyda draumen for kongen.
17 Sidan gjekk Daniel heim og fortalde Hananja, Misael og Asarja, venene sine, det som hadde hendt,
18 so dei skulde beda Gud i himmelen at han i si miskunn vilde openberra denne løyndomen, so ikkje Daniel og venene hans skulde lata livet til liks med hine vismennene i Babel.
19 Då fekk Daniel vita løyndomen i eit syn um natti; og Daniel lova Gud i himmelen.
20 Daniel tok til ords og sa: Lova vere Guds namn frå æva og til æva! For visdomen og styrken høyrer honom til.
21 Han let tider og stunder verta umskifte, set kongar av og set kongar inn; han gjev dei vise visdom og dei vituge vit;
22 han openberrar det djupe og dulde; han veit kva som i myrkret er, og hjå han bur ljoset.
23 Deg, min fedre-Gud, takkar og prisar eg, for di du hev gjeve meg visdom og styrke og no hev kunngjort meg det me bad deg um; for det som kongen vilde vita, hev du kunngjort oss.
24 So gjekk Daniel inn til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod um å drepa vismennene i Babel; han kom og sa til han: Drep ikkje vismennene i Babel! Før meg inn til kongen, so skal eg tyda draumen for han.
25 Då skunda Arjok seg og førde Daniel inn til kongen og sa til han: Eg hev funne ein mann millom dei jødiske fangane, han kann tyda draumen for kongen.
26 Kongen svara Daniel, som hadde fenge namnet Beltsasar: Kann du segja meg den draumen eg hev havt, og tyda han?
27 Daniel svara kongen: Den løyndomen som kongen ynskjer å få vita, er det ingen vismann eller åndemanar eller runemeister eller stjernetydar som kann kunngjera for kongen;
28 men det er ein Gud i himmelen som openberrar løyndomar, og han hev late kong Nebukadnesar vita kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og synene du hadde, medan du kvilde på lægjet ditt:
29 Då du, konge, låg på lægjet ditt, steig det tankar upp hjå deg um det som skulde henda i framtidi; og han som openberrar løyndomar, let deg vita kva som skal henda.
30 Og for meg hev denne løyndomen vorte openberra, ikkje av di eg eig nokon visdom framfor alle andre som lever, men for at uttydingi skulde verta kunngjord for kongen, og du skulde få vita ditt hjartans tankar.
31 Konge, du såg i syni di ei veldig biletstytte; det var ei veldig stytta, og glansen av henne var ovsterkt; ho stod beint framfor deg og var skræmeleg å sjå til.
32 Hovudet på biletet var av fint gull, brjostet og armane av sylv, buken og lendene av kopar,
33 leggene av jarn og føtene noko av jarn og noko av leir.
34 Medan du stod og såg på biletet, vart ein stein riven laus, men ikkje med mannehender, og han råma biletet på føtene, som var av jarn og leire, og krasa dei.
35 Då vart det krasa alt på ein gong, både jarnet og leiret og koparen og sylvet og gullet, og det vart som agner frå treskjevollane um sumaren, og vinden føykte det burt, so det ikkje fanst dusti att. Men steinen som råma biletet, vart til eit stort fjell, som fylde upp heile jordi.
36 Det var draumen, og no vil me tyda han for kongen.
37 Konge, du konge yver kongane, som Gud i himmelen hev gjeve riket og makti og styrken og æra -
38 alle stader der mannsborni, dyri på marki og fuglane i lufti hev sine bustader, hev han gjeve i di hand og gjort deg til herre yver dei alle - du er dette gullhovudet.
39 Men etter deg skal det koma upp eit anna rike, ringare enn ditt, og etter det endå eit rike, det tridje som er av kopar, og som skal råda yver heile jordi.
40 Sidan skal det koma eit rike til, det fjorde, og det skal vera sterkt som jarn; for jarnet knusar og krasar alt, og som jarnet øyder, skal det krasa og øyda alle hine riki.
41 Og når du såg at føtene og tærne var noko av krusmakarleir og noko av jarn, so tyder det at det skal vera eit sundra rike, men at det skal hava noko av det faste jarnet i seg, med di du såg det var jarn blanda med leir.
42 Og det at tærne på føtene var noko av jarn og noko av leir, det tyder at sumt av riket skal vera sterkt, men sumt veikt.
43 Og når du såg at jarnet var blanda med leir, so tyder det at dei* skal blanda seg med kvarandre ved giftarmål, men at dei ikkje skal halda i hop i lengdi like vel, like lite som jarn kann binda seg saman med leir.
44 Men i dei dagane desse kongane lever, skal Gud i himmelen grunna eit rike som aldri i æva skal øydast, og ikkje noko anna folk skal få makti yver det; det skal krasa og gjera ende på alle hine riki, men sjølv skal det standa æveleg;
45 for du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med mannehender, og krasa jarnet og koparen og leiret og sylvet og gullet. Den store Gud hev kunngjort kongen det som skal henda i framtidi; og draumen stend fast, og uttydinga er sætande.
46 Då kasta kong Nebukadnesar seg å gruve og tilbad Daniel, og han baud at dei skulde ofra matoffer og røykjelse til han.
47 Og kongen tok til ords og sa til Daniel: I sanning, dykkar Gud er Gud yver gudane og herre yver kongane og ein som openberrar løynde ting, sidan du hev kunna openberra denne løyndomen.
48 Etter dette gjorde kongen Daniel til ein stor mann, og gav han mange store gåvor og sette han til herre yver heile Babels-fylket og til yver-forstandar for alle vismennene i Babel.
49 Daniel bad kongen, og han sette Sadrak og Mesak og Abed-Nego til å styra Babels-fylket; men Daniel sjølv vart verande i kongsgarden.