«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Daniel 11

1  og eg stod og ved hans sida til hjelp og vern det fyrste året medaren Darius styrde.

2  Og no vil eg kunngjera deg det som er visst og sant og skal henda: Endå skal det standa fram tri kongar* i Persia, og den fjorde** skal samla seg større rikdom enn nokon av dei andre, og han hev vunne seg stor makt med rikdomen sin, skal han bjoda ut alt mot Grekar-lands-riket.

3  So skal det standa fram ein veldig konge*, og han skal rikja med stor makt og gjera som han vil.

4  Men han skal ikkje for vel vera komen, fyrr riket hans skal rivna og verta sundbytt etter dei fire himmelættene; det skal ikkje falla etterkomarane hans til og ikkje vera so mektig som det var då han rådde; for riket skal verta øydelagt og andre til enn dei.

5  So skal kongen i Sud-landet* mektig, og ein av hovdingane** hans skal verta endå mektigare enn han og råda yver eit rike for seg sjølv; riket hans skal vera eit stort rike.

6  Mange år etter skal dei gjera samband seg imillom; dotter åt Sud-lands-kongen skal koma til kongen i Norder-landet* og freista å få dei forlikte; men ho skal ikkje greida det, og korkje han** eller dotteri som skulde hjelpa han, skal standa seg, men ho og dei som førde henne dit, og far hennar og han som tok henne til seg***, skal missa livet på den tidi som er sett for kvar einskild av dei.

7  Men ein av renningane frå hennar røter* skal stiga upp i hans stad; og han skal fara imot fiendeheren og brjota seg inn i borgen åt kongen i Norder-landet** og gjera med dei som han vil, og hava yvermakti.

8  Jamvel gudane deira med dei støypte bileti deira og dei dyre eignelutane deira av sylv og gull skal han føra burt til Egyptar-land; sidan skal han i nokre år lata kongen i Norder-landet få vera i fred.

9  So skal kongen i Norder-landet draga imot riket åt Sud-lands-kongen; men han lyt snu heim att til landet sitt*.

10  Og sønene hans* skal bu seg til strid og samla ein veldig her, som skal falla inn i landet og fløyma utyver og breida seg ut; so skal han koma att, og striden skal dei føra radt fram til borgi hans**.

11  Då skal kongen i Sud-landet* verta harm og fara i herferd mot kongen i Norder-landet; han skal fylka ein stor her, men heren skal verta gjeven i hans* hender.

12  Når so denne heren er sprengd, aukar ovmodet hans; men um han so hev felt titusund, fær han ikkje yvermakti like vel.

13  Kongen i Norder-landet* skal fylka ein ny her, endå større enn den fyrste; og når nokre år er lidne, skal han koma med ein stor her og stort tren.

14  Og i dei tider skal mange reisa seg mot kongen i Sud-landet*, og valdsmenner** i ditt eige folk skal og reisa seg, so syni sannar seg; men dei skal falla.

15  Og kongen i Norder-landet skal koma og kasta upp vollar og taka ein borgby*, og makti åt Sud-landet skal ikkje kunna standa seg, og jamvel det utvalde mannskapet hans** eig ikkje makt til motstand.

16  Han som gjeng imot han, skal fara åt som han vil, og ingen skal kunna standa seg imot han; han skal setja seg fast i det fagre landet*, og øyding skal han valda der han kjem.

17  Han* skal etla seg til å koma med heile makti i riket sitt**; like vel er huga på semja, og den skal han og få til; og ei kvinna, si eigi dotter*** skal han gjeva til kona, til ulukka for landet; men det skal ikkje verta av og ikkje lukkast for han.

18  So skal han snu seg mot øylandi og taka mange; men ein herførar* skal gjera ende på svivyrdingi hans, ja, lata svivyrdingi hans koma att yver han sjølv.

19  Då skal han snu seg mot borgane i sitt eige land; men han snåvar og dett og er ikkje til lenger.

20  I hans stad skal det standa fram ein* som skal lata ein skattekrevjar** fara gjenom riksens prydnad***; men um nokre dagar skal han verta, men ikkje ved vreide, ikkje heller i strid****.

21  I hans stad skal det standa fram ein stakkar*, som dei ikkje hev etla kongedøme åt; men han kjem uventande og eignar til seg kongedømet med list og svik.

22  Dei yverfløymde herane* skal skolast burt framfor han og krasast, og sambandsfyrsten** like eins;

23  for etter at han hev gjort samband med han, skal han fara med svik; han skal draga ut og få yvermakti med lite folk.

24  Uventande skal han koma inn i dei grøderikaste bygder i landet og gjera ting som korkje federne hans eller deira federne åt federne hev gjort; herfang og ran og gods skal han strå ut til folket sitt, og mot faste byar skal han leggja upp meinråder, og det skal vara ei tid.

25  All si makt og alt sitt mod skal han bruka mot Sud-lands-kongen og koma med ein stor her; men Sud-lands-kongen skal og bu seg til strid med ein ovleg stor og mannsterk her; like vel skal han kann ikkje kunna standa seg, for det vert lagt meinråder mot han.

26  Dei som et ved hans bord, skal fella han; heren hans skal koma veltande, og det skal verta eit stort mannefallet.

27  Båe kongane* emnar på vondt, og medan dei sit ved same bord, skal dei tala lygn; men det skal ikkje lukkast, for endå dryger det med enden, til den fastsette tidi kjem.

28  Han* skal fara heim att til landet sitt med stort herfang, og han skal leggja upp råder mot den heilage pakti; og når han hev sett dei i verk, skal han fara heim att til landet sitt.

29  Til fastsett tid skal han fara imot Sud-landet att; men det skal ikkje ganga denne gongen som det gjekk gongen fyrr;

30  for skip frå Kittim* skal koma imot han, og han skal missa modet og snu um og sleppa sinnet sitt laust yver den heilage pakti; so skal han snu um og merka seg dei som vender seg ifrå den heilage pakti.

31  Og herar som han sender ut, skal koma og vanhelga heilagdomen, den faste borgi*, og taka burt det daglege offeret og setja upp den øydande styggedomen.

32  Dei som syndar mot pakti, skal han gjera til heidningar med håle ord; men dei av folket som kjenner sin Gud, skal standa stødige og halda ut.

33  Dei vituge i folket skal læra dei mange; men dei skal verta heimsøkte ei tid med sverd og bål, med fangekår og herjing.

34  Men medan dei vert heimsøkte, skal dei få liti hjelp, og mange skal slå seg i lag med dei på læst.

35  Heimsøkjingi skal råma sume av dei vituge, so det kann verta ei skiring millom dei, so dei vert reinsa og tvegne til endetidi; for endå drygjer det enden, til den fastsette tidi kjem.

36  Og kongen skal fara åt som han vil, og upphøgja og hevja seg yver alle gudar, og mot Gud yver gudane skal han tala utruleg kaute ord, og alt skal lukkast for han, til dess vreidetidi er ute; for det som er urikkeleg avgjort, skal henda.

37  Fedregudane sine skal han ikkje vyrda, ikkje heller skal han vyrda grumguden åt kvinnone* eller nokon annan gud; for han skal upphøgja seg yver dei alle.

38  Men borgguden skal han æra i staden; ein gud som federne hans ikkje hev kjent, skal han æra med gull og sylv og dyre steinar og andre kostnadting;

39  og so skal han gjera med dei sterke borgene og med den framande guden: Dei som kjennest ved denne guden, skal han syna stor æra; han skal setja dei til å råda yver mange, og han skal skifta ut jord åt dei til løn.

40  Men i endetidi skal det verta ufred millom kongen i Sud-landet og han, og kongen i Norder-landet skal storma fram mot han med vogner og hestfolk og mange skip og falla inn i landi og fløyma utyver og breida seg ut.

41  Han skal og falla inn i det fagre landet, og store skarar skal falla; men desse skal koma seg undan makti hans: Edom og Moab og dei gjævaste av Ammons-borni.

42  Og han skal retta handi ut mot andre land, og Egyptar-land skal sleppa undan.

43  Han skal eigna til seg skattane av gull og sylv og alle slag kostnadting i Egyptar-land, og libyarar og etiopar skal vera i fylgjet hans.

44  Men tidender frå aust og nord skal støkkja han, og han skal draga ut i stor vreide til å øyda og tyna mange.

45  Han skal setja upp slottstjeldi sine millom havet og det fagre heilagdoms-fjellet; men so ber det til enden med han, og ingen hjelper han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23