«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Daniel 1

1  I det tridje året av kongedømet åt Jojakim i Juda gjorde Nebukadnesar, kongen i Babel, ei herferd mot Jerusalem og kringsette byen.

2  Og Herren gav Jojakim, Juda-kongen, i hans vald, og like eins sume av eignelutene i Guds hus, og han førde dei til Sinear-landet, til gudshuset sitt - han flutte eignelutene inn i skattkammeret åt guden sin.

3  Og kongen sa til Aspenas, øvste hirdmannen sin, at han skulde taka med seg nokre Israels-søner, av kongsætt og av adelsætt,

4  sveinar som var utan lyte og fagre å sjå til, som åtte givnad til å læra seg allslags visdom, evnerike og lærenæme ungsveinar, som var føre til å gjera tenesta i kongsgarden; dei skulde han gjeva upplæring i kaldeisk skrift og tungemål.

5  Kongen etla til åt dei det dei skulde hava kvar dag av forkunnmaten åt kongen og av vinen som han drakk, og baud at dei skulde fostra dei upp i tri år; når den tidi var lidi, skulde dei få gjera tenesta hjå kongen.

6  Millom dei var Juda-sønene Daniel, Hananja, Misael og Asarja.

7  Og den øvste hirdmannen gav dei nye namn: Daniel kalla han Beltsasar og Hananja Sadrak og Misael Mesak og Asarja Abed-Nego.

8  Men Daniel sette seg fyre at han ikkje vilde gjera seg urein med kongsmaten og vinen som kongen drakk, og han bad den øvste hirdmannen um å sleppa å gjera seg urein.

9  Og Gud let Daniel finna godhug og miskunn hjå den øvste hirdmannen.

10  Men den øvste hirdmannen sa til han: Eg ottast at herren min, kongen, som hev teke avgjerd um maten og drykken dykkar, skal tykkja at de er meir skrinnleitte enn dei andre sveinane på dykkar alder, og at de på den måten skal føra skuld yver hovudet mitt hjå kongen.

11  Då sa Daniel til kjellarmeisteren, som den øvste hirdmannen hadde sett yver Daniel, Hananja, Misael og Asarja:

12  Kjære deg, gjer ein freistnad med tenarane dine i ti dagar og lat dei gjeva oss grønt å eta og vatn å drikka,

13  so kann du sidan likna vår utsjånad i hop med utsjånaden åt dei som et av kongsmaten; so kann du gjera med tenarane dine etter det du då ser.

14  Han seg etter dei i dette og gjorde ein freistnad med dei i ti dagar.

15  Då dei ti dagane var lidne, røyndest det at dei var fagrare å sjå til og betre i hold enn alle dei sveinar som hadde ete av kongsmaten.

16  Då baud kjellarmeisteren at dei skulde bera burt forkunnmaten deira, og like eins vinen dei skulde ha drukke, og han gav dei grønt i staden.

17  Desse fire sveinane gav no Gud kunnskap og vit på allslags skrift og visdom, og Daniel skyna seg på alle slag syner og draumar.

18  Då den tidi som kongen hadde sett, var ute, og dei skulde førast fram for han, førde den øvste hirdmannen dei fram for Nebukadnesar.

19  Og då kongen tala med dei, fanst det ingen millom alle sveinane som kunde mæla seg med Daniel, Hananja, Misael og Asarja; so fekk dei då gjera tenesta hjå kongen.

20  Og stødt når kongen spurde dei um noko som det skulde visdom til å skyna seg på, fann han at dei var ti gonger visare enn alle runemeistrar og åndemanarar som fanst i heile hans rike.

21  Og Daniel vart verande der til fyrste året av kongedømet åt Kyros.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23