«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Kolosserne 4

1  De herrar, gjer imot tenarane dykkar som rett og rimeleg er, for de veit at de og hev ein herre i himmelen!

2  Ver trottuge i bøni, so de vaker i henne med takksegjing!

3  Og bed for oss med, at Gud må opna oss ei dør for ordet so me kann forkynna Kristi løyndom, den som eg og er i lekkjor for,

4  so eg kann openberra han so som eg bør tala.

5  Ferdast visleg med dei som er utanfor, so de kjøper den laglege tid!

6  Lat talen dykkar alltid vera tekkeleg, krydda med salt, so de veit korleis de skal svara kvar og ein.

7  Korleis det gjeng meg, det skal Tykikus kunngjera dykk alt saman, han min kjære bror og trugne hjelpar og medtenar i Herren,

8  som eg sender til dykk just for dette, so de skal få vita korleis det er med oss, og so han skal trøysta dykkar hjarto,

9  saman med Onesimus, den trugne og kjære bror, som er frå dykkar by. Korleis det er her, det skal dei kunngjera dykk alt saman.

10  Aristarkus, min medfange, helsar dykk, og Markus, syskenbarnet åt Barnabas, som de fekk påbod um - når han kjem til dykk, so tak imot han! -

11  og Jesus som hev tilnamnet Justus; desse er av dei umskorne dei einaste medarbeidarar for Guds rike som hev vorte meg til hugge.

12  Epafras helsar dykk, han som er frå dykkar by, ein Kristi Jesu tenar som alltid strider for dykk i sine bøner, at de må standa fullkomne og fullvisse i all Guds vilje;

13  for eg gjev han det vitnemålet at han hev mykje strev for dykk og dei i Laodikea og dei i Hierapolis.

14  Lukas helsar dykk, den kjære lækjaren, det same gjer Demas.

15  Helsa brørne i Laodikea, og Nymfas og kyrkjelyden i hans hus!

16  Og når dette brevet er lese hjå dykk, so syt for at det og vert lese hjå kyrkjelyden hjå Laodikearane, og at de får lesa brevet frå Laodikea!

17  Og seg til Arkippus: Tak vare på den tenesta som du hev motteke i Herren, so du fullfører henne!

18  Helsing med mi, Paulus', hand: Kom i hug lekkjone mine! Nåden vere med dykk!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23