«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Kolosserne 2

1  For eg vil at de skal vita kor stor strid eg hev for dykk og dei i Laodikea og so mange som ikkje hev set mitt andlet i kjøtet,

2  for at hjarta deira må verta trøysta, so dei vert samanknytte i kjærleik og vinn fram til heile rikdomen av det fullvisse skyn, til kunnskap um Guds løyndom, det er Kristus,

3  han som alle skattar av visdom og kunnskap finst løynde i.

4  Dette segjer eg so ingen skal dåra dykk med lokkande tale.

5  For um eg enn er fråverande i kjøtet, er eg like vel saman med dykk i åndi, og ser med gleda dykkar gode skipnad og den faste grunnen i dykkar tru på Kristus.

6  Liksom de då fekk Kristus Jesus forkynt som Herre; so ferdast i han,

7  so at de er rotfeste og vert uppbygde i han og stadfeste i trui, so som de lærde, rike på henne med takksegjing.

8  Sjå til at det ikkje må vera nokon som gjer dykk til herfang med verdsleg visdom og tom dåring, etter fråsegner av menneske, etter barnelærdomen åt verdi og ikkje etter Kristus.

9  For i han bur heile guddomsfylla lekamleg,

10  og de er fyllt i han, som er hovudet for all makt og yverråd;

11  i han vart de og umskorne med ei umskjering som ikkje er gjord med hender, ved avkleding av kjøtslekamen, ved Kristi umskjering,

12  då de vart gravlagde med han i dåpen; der vart de og uppreiste med han ved trui på Guds kraft, han som reiste han upp frå dei daude.

13  Ogso dykk, som var daude ved dykkar misgjerningar og dykkar kjøts fyrehud, gjorde han levande med han, med di han tilgav oss alle våre misgjerningar

14  og strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bodord, det som vitna mot oss, og han rudde det undan med di han nagla det til krossen.

15  Han avvæpna maktene og yverrådene og synte dei openberrleg fram, då han viste seg som sigerherre yver dei på krossen.

16  Lat difor ingen døma dykk for mat eller drykk, eller i spursmål um høgtid eller nymåne eller sabbat!

17  desse ting er berre ein skugge av det som skulde koma, men lekamen høyrer Kristus til.

18  Lat ingen røva sigersprisen frå dykk, um nokon freistar på det med audmykt og engledyrking, med det han fer med syner, vert ovmodig utan grunn av sin kjøtlege hug

19  og ikkje held fast ved hovudet, han som heile lekamen veks Guds vokster ut ifrå, tilhjelpt og samanfest ved sine ledmot og band.

20  Hev de døytt med Kristus og soleis vorte frigjorde frå barnelærdomen åt verdi, kvi gjev dei dykk då, som um de skulde leva i verdi, slike bod:

21  Du skal ikkje taka, ikkje smaka, ikkje røra

22  - det vil segja slikt som alt saman er etla til øyding ved bruk - etter bod og lærdomar av menneske,

23  som vel hev visdom ved sjølvgjord dyrking og audmykt og vyrdløysa mot lekamen, men ikkje ved noko som er æra verdt, berre til mette for kjøtet?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23