Profeten Amos 9
1 Eg såg at Herren stod attmed altaret, og han sa: Støyt til sulehovudi, so dørstokkane skjelv, og krasa dei, so dei dett ned yver hovudet på alle! Siste leivningen av dei vil eg drepa med sverd; ingen av dei skal koma seg undan, ingen av dei skal berga seg.
2 Um dei bryt seg inn i helheim, so skal handi mi henta dei der, og um dei fer upp til himmelen, skal eg støyta dei ned derifrå;
3 um dei gøymer seg burt på toppen av Karmel, skal eg leita dei upp og henta dei ned, og um dei løyner seg for mine augo på havsens botn, skal eg mana ormen fram, og han skal bita dei;
4 um fiendar fangar dei og fører dei burt, skal eg der bjoda sverdet å drepa dei; eg skal setja augo på dei, til ulukka og ikkje til lukka.
5 Og Herren, Israels Gud, allhers Gud, han rører jordi so ho brånar, og alle som bur der, syrgjer, og all jordi hevjar seg som Nilen og fell som Egyptar-lands elv,
6 han hev bygt sine høgsalar i himmelen og grunnfest sin kvelv yver jordi, han kallar på vatnet i havet og auser det ned yver jordi; Herren er namnet hans.
7 Er de meir for meg enn etiop-borni, de Israels born? segjer Herren; hev eg ikkje ført Israel upp frå Egyptar-landet og filistarane frå Kaftor og syrarane frå Kir?
8 Sjå, augo åt Herren, Israels Gud, er vende mot dette syndsens rike, og eg vil rydja det ut or verdi; men ikkje heilt vil eg øyda ut Jakobs hus, segjer Herren.
9 For sjå, eg byd at Israels ætt skal skakast millom alle folkeslag, liksom ein skjek med eit såld, og ikkje eit korn fell ned på jordi.
10 For sverd skal dei døy alle syndarar i mitt folk, dei som segjer: Oss skal ulukka aldri nå, yver oss skal ho aldri koma.
11 På den dagen vil eg reisa upp att Davids nedfalne hytta; eg vil mura att sprungone og reisa det som ligg i røys, og byggja henne som ho var i fordoms dagar,
12 so at dei fær leggja under seg det som er att av Edom, og alle dei heidningfolk som vert kalla med mitt namn, segjer Herren, han som fullfører dette.
13 Sjå, dagar skal koma, segjer Herren, då pløgjaren når skurdmannen, og druvetrakkaren mannen som sår, og på fjelli dryp det med druvesaft, og på haugane fløymer det yver.
14 Då gjer eg ende på fangetidi for Israel, folket mitt; dei skal byggja upp att nedbrotne byar og bu i dei, planta vingardar og drikka deira vin, stella seg hagar og eta deira frukt.
15 Eg skal planta dei i deira eige land, og dei skal aldri meir verta rykte upp or det landet som eg hev gjeve dei, segjer Herren din Gud.