«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Amos 7

1  Denne syni let Herren, Israels Gud, meg sjå: Det var ein som skapte grashoppar, då håi tok til å koma; det var håi etter kongens slått.

2  Og då dei vel hadde ete upp kvart grasstrå i landet, då sa eg: Herre, Israels Gud, tilgjev! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er?

3  Då angra Herren det. Det skal ikkje henda, sa Herren.

4  So let Herren, Israels Gud, meg sjå denne syni: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Israels Gud, og han åt upp det store djupet og heldt på å eta odelslandet med.

5  Då sa eg: Herre, Israels Gud, haldt upp! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er?

6  Då angra Herren det. Ikkje dette heller skal henda, sa Herren, Israels Gud.

7  So let han meg sjå ei sovori syn: Herren stod på ein tverrbratt mur, og i handi hadde han eit blylodd.

8  Og Herren sa til meg: Kva ser du, Amos? Eg svara: Eit blylodd. Då sa Herren: Sjå, eg skal bruka eit blylodd millom Israel, folket mitt; eg vil ikkje lenger hava tol med deira synd.

9  Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar siga i røys, og mot Jeroboams hus vil eg risa upp med sverd.

10  Då sende Amasja, presten i Betel, bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: Amos hev fenge til ei samansverjing mot deg midt i Israels hus; landet kann ikkje tola all røda hans.

11  For so hev Amos sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og Israel verta burtført frå sitt land.

12  Og Amasja sa til Amos: Gakk din veg, du sjåar, fly til Juda-landet! Der kann du eta ditt brød, og der kann du vera profet!

13  Men i Betel fær du ikkje lenger driva som profet; for det er kongeleg heilagdom og rikstempel.

14  Då svara Amos Amasja so: Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein; eg er berre ein hyrding, som sankar morbær-fikor.

15  Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sa til meg: Gakk og ver profet for mitt folk Israel!

16  So høyr no Herrens ord: Du segjer: Du skal ikkje tala profetord mot Israel og ikkje preika mot Isaks hus.

17  Difor segjer Herren so: Kona di vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, di jord skal dei byta med mælesnor, du sjølv skal døy i eit ureint land, og Israel skal verta burtført frå sitt land.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23