Profeten Amos 5
1 Høyr dette ordet, ein syrgjesong som eg syng yver dykk, du Israels hus!
2 Ho er falli, og aldri ris ho meir, møyi Israel; ho ligg slengd til jord på sin eigen grunn, og ingen reiser henne upp.
3 For so segjer Herren, Israels Gud: Den byen som tusund dreg ut or, skal hava hundrad att, og den som hundrad dreg ut or, skal hava att ti, i Israels hus.
4 For so segjer Herren til Israels hus: Søk meg, so skal de leva!
5 Søk ikkje til Betel, kom ikkje til Gilgal og far ikkje til Be'erseba! For Gilgal lyt fara i utlægd, og Betel skal verta til inkjes.
6 Søk Herren, so skal de leva! Elles kjem han som eld yver Josefs hus; han skal øyda, elden, og Betel hev ingen til å sløkkja!
7 Dei som vender retten til malurt og kastar rettferd til jordi!
8 Han som skapte Sjustjerna og Orion og gjer kolmyrkret til morgon og dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut yver jordi - Herren er namnet hans!
9 Han som let tyningi koma som ljon mot den sterke og sender øyding yver den faste borg!
10 På tinget hatar dei den som hevdar retten, og dei styggjest ved den som talar sant.
11 Difor, for di de trør fatigmann ned og tek korn ifrå han i avgift, so fær de ikkje bu i dei hus av hoggen stein som de sjølve hev bygt, og ikkje drikka vin frå dei fagre vinhagar som de sjølve hev planta.
12 For eg veit at dykkar brot er mange og dykkar synder utan tal; de forfylgjer den skuldlause, tek imot løysepengar og rengjer retten for fatigfolk på tinget.
13 Difor tegjer den kloke i denne tid; for ei vond tid er det.
14 Legg vinn på godt og ikkje på vondt, so de fær leva. Då skal Herren, allhers Gud, vera med dykk, so som de hev sagt.
15 Hata det vonde og elska det gode, haldt retten uppe på tinget! Kann henda Herren, allhers Gud, då er nådig mot Josefs leivning.
16 Difor segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud, so: På alle torg skal ein høyra øying, og på alle gator skal dei ropa: Ai, ai! Bonden skal dei henta til syrgjehøgtid, og til dei som kann kveda syrgjekvede, skal dei segja: Syng ein syrgjesong!
17 Og i alle vinhagar skal ein høyra øying; for midt ibland dykk vil eg ganga fram, segjer Herren.
18 Usæle dei som trår etter Herrens dag! Kva vil de då med Herrens dag? Han er myrker og ikkje ljos.
19 Det er som når ein flyr undan ei løva, men møter ein bjørn, og når han kjem heim og styd handi mot veggen, bit ormen han.
20 Ja, Herrens dag er myrker og ikkje ljos, kolmyrk og utan ljoske.
21 Eg hatar og vanvyrder dykkar høgtider, eg hev ingen hugnad i dykkar stemnor;
22 for um de kjem til meg med brennoffer og matoffer, so hugnast eg ikkje ved dei, og dykkar takkoffer av gjødkalvar ser eg ikkje på.
23 Lat meg vera i fred for dine ståkande songar! Eg vil ikkje lyda på ditt harpespel.
24 Men domen skal koma veltande som vatn, og rettferdi lik ein bekk som alltid fløymer.
25 Bar de fram for meg slaktoffer og matoffer dei fyrti åri i øydemarki, du Israels hus?
26 Nei, de bar tjeldet åt kongen dykkar og fotstykket under bileti dykkar, gudestjerna dykkar, som de hadde gjort dykk.
27 Eg vil føra dykk i utlægd, langt burtanfor Damaskus, segjer han som heiter Herren, allhers Gud.