Profeten Amos 4
1 Høyr dette ordet, de Basans kyr på Samaria-fjellet, de som trælkar dei små og er harde mot fatigfolk, de som segjer til mennene dykkar: Kom med vin, so me fær drikka!
2 Herren, Israels Gud, hev svore ved sin heilagdom: Sjå, dagar skal koma yver dykk då dei dreg dykk av stad med hakar, og dei siste av dykk med fiskekrokar,
3 og ut gjenom murbroti skal de fara, kvar og ei si eigi leid, og burtslengde skal de verta i slottet*, segjer Herren.
4 Gakk til Betel og synda, til Gilgal og synda til gagns, ber fram slaktofferet dykkar kvar morgon, dykkar tiender tridje kvar dag,
5 brenn til takkoffer brød som er syrt, lys ut godvilje-offer, gjer det kjent! For slikt er det de likar, de Israels-born, segjer Herren, Israels Gud.
6 Og eg lét dykk då ganga med munnen tom i kvar ein av byane dykkar, eg lét dykk vera forutan brød i kvar ein av heimane dykkar; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.
7 Det var eg som heldt regnet att for dykk tri månader fyre skurden; ein by let eg det regna yver, ein annan fekk ingen ting; ein åker fekk regn, ein annan vart brend, av di regnet ikkje kom der;
8 og tvo, tri byar sjangla av stad til same by, vilde få seg vatn, men dei fekk ikkje sløkkja torsten; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.
9 Eg søkte dykk med moldaks og rust; grashoppen åt upp dykkar mange hagar og vingardar og fiketre og oljetre; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.
10 Eg sende sotti på dykk som ein gong i Egyptar-land, eg drap dykkar sveinar med sverd og let hestane verta til herfang, og illteven frå dykkar falne her let eg dykk få upp i nosi; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.
11 Eg støytte ned byar ibland dykk, som då Gud støytte ned Sodoma og Gomorra, og de vart som ein brand dei hev berga or elden; men de vende ikkje um til meg, segjer Herren.
12 Difor vil eg fara åt med deg, Israel, so som eg hev sagt. Og sidan eg vil fara so åt med deg, so bu deg til å møta din Gud, Israel!
13 For sjå, han som lagar fjelli og skaper vinden, og som kunngjer ein mann hans tankar, han som gjer morgonroden til myrker og skrid fram yver høgdene på jordi - Herren, allhers Gud, er namnet hans.