«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Amos 2

1  So segjer Herren: For tri misgjerningar av Moab, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk;

2  men eg sender eld imot Moab, han skal øyda slotti i Kerijot; og i her-gny skal Moab døy, medan herrop og lurljom skrell;

3  eg ryd domaren ut or landet deira, og alle hovdingar der skal eg drepa med han, segjer Herren.

4  So segjer Herren: For tri misgjerningar av Juda, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodi hans, men let seg dåra av lygngudane sine, som federne fyrr hadde fylgt;

5  men eg sender eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems slott.

6  So segjer Herren: For tri misgjerningar av Israel, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei sel skuldlaus mann for pengar og den fatige for eit par skor,

7  dei som helst vil sjå mold på ein stakkars hovud og rengjer retten for spaklyndte folk. Son og far gjeng til same gjenta, til vanhelging for mitt heilage namn.

8  På pantsette klæde ligg dei attmed kvart altar, og vin som dei hev teke i bøter, drikk dei i huset åt sin Gud.

9  Og det var då eg som rudde ut amoritane for dei, dei som var høge som sedertre og sterke som eiker, og eg tynte frukti deira ovantil og røtene nedantil;

10  det var eg som førde dykk upp frå Egyptar-land og leidde dykk fram i øydemarki i fyrti år, so de skulde taka Amoritar-landet;

11  eg vekte profetar bland sønene dykkar, nasirearar bland dykkar ungdomar. Er det ikkje so, de Israels-born? segjer Herren.

12  Men de fekk nasirearane til å drikka vin, og profetane forbaud de å tala profetord.

13  Sjå, no skal eg tyngja dykk ned, som ei full-lest kornvogn tyngjer allting ned;

14  den snøgge skal ikkje finna livd, og den sterke ikkje få bruka si makt, og kjempa skal ikkje berga sitt liv;

15  bogeskyttaren stend seg ikkje, den lettføtte skal ikkje berga sitt liv, og ikkje ridaren på hesten sin;

16  den djervaste bland kjempone lyt røma naken den dagen, segjer Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23