Profeten Amos 1
1 Dei ordi som Amos, ein av hyrdingane frå Tekoa, fekk i sine syner um Israel i dei dagane då Ussias var konge i Juda og Jeroboam Joasson konge i Israel, tvo år fyre jordskjelven.
2 Han sa: Herren skal bura frå Sion og lata røysti si ljoma frå Jerusalem; då skal hyrding-lidene syrgja, og Karmels topp verta svidd.
3 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Damaskus, ja for fire tek eg det* 'kje att - for di dei treskte Gilead med sledar av jarn**;
4 men eg sender eld mot Hasaels hus, han skal øyda slotti åt Benhadad;
5 so bryt eg sund portbommen åt Damaskus og ryd ut dei som bur i Aven-dalen, og han som ber kongsstav, i Bet-Eden; og Syria-folket skal førast til Kir, segjer Herren.
6 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Gasa, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei førde alt folket burt og gav dei i Edoms vald;
7 men eg sender eld mot Gasas murar, han skal øyda slotti der;
8 so ryd eg ut dei som bur i Asdod, og han som ber kongsstav, i Askalon; eg vender mi hand mot Ekron, og den siste filistar skal verta tynt, segjer Herren, Israels Gud.
9 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Tyrus, ja for fire tek eg det 'kje att - for dei gav alt det burtførde folket i Edoms vald og ikkje kom i hug si brorpakt;
10 men eg sender eld mot Tyrus-muren, han skal øyda slotti der.
11 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Edom, ja for fire tek eg det 'kje att - for di han elte bror sin med sverd og kjøvde sin samhug, og stødt let sin vreide rasa og alltid heldt på sin harm;
12 men eg sender eld imot Teman, han skal øyda slotti i Bosra.
13 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Ammons-borni, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei riste upp barnkonor i Gilead då dei vilde auka sitt land;
14 men eg kveikjer eld i Rabbas mur, han skal øyda slotti der, medan herropet ljomar på ufredsdagen, og stormen rasar på hardversdagen;
15 i utlægd lyt kongen deira fara, både han og hovdingane hans, segjer Herren.