«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Apostlenes gjerninger 9

1  Saulus frøste endå av trugsmål og i dråpstankar mot Herrens læresveinar. Han gjekk til øvstepresten

2  og bad um han måtte få brev med til Damaskus, til synagogone der; for dersom han fann nokon som høyrde til Guds veg, anten det var menn eller kvinnor, so vilde han føra dei bundne til Jerusalem.

3  Men då han var på vegen og alt var komen burtimot Damaskus, glima det brått eit ljos frå himmelen kring han.

4  Han stupte åt jordi og høyrde ei røyst som sa: Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg?

5  Kven er du, Herre? spurde Saulus. Eg er Jesus, han som du forfylgjer, svara han;

6  men reis deg og gakk inn i byen, so skal dei segja deg kva du lyt gjera!

7  Dei mennene som var i fylgje med han, stod som dei var klumsa; for dei høyrde røysti, men såg ikkje nokon.

8  Saulus reiste seg frå jordi; men då han let upp augo, kunde han ingen ting sjå. So tok dei han i handi og leidde han inn i Damaskus.

9  Og i tri dagar var han forutan syn og gjorde korkje åt eller drakk.

10  I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i ei syn: Ananias! Han svara: Ja, her er eg, Herre!

11  Og Herren sa til han: Ris upp og gakk burt i den beine gata, dei kallar, og spør i huset hans Judas etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus; for no bed han.

12  Og han hev set i ei syn at ein mann som heitte Ananias, kom inn til han og la hendene på han so han skulde få att syni.

13  Herre, svara Ananias, eg hev høyrt um den mannen av mange, kor mykje vondt han hev gjort dine heilage i Jerusalem.

14  Og her hev han fullmakt frå øvsteprestane til å setja fast alle som kallar på ditt namn.

15  Men Herren sa til han: Berre gakk du! for han er ein reidskap eg hev valt meg ut til å bera namnet mitt fram både for heidningar og kongar og for Israels-borni.

16  Eg vil sjølv syna han kor mykje han lyt lida for mitt namn skuld.

17  So gjekk Ananias, og då han kom til det huset som var nemnt, gjekk han inn og la hendene på Saulus og sa: Saul, bror! Det er Herren som hev sendt meg, Jesus, han som synte seg for deg på ferdi di; du skal få att syni og fyllast med den Heilage Ande.

18  Og straks fall det liksom flas frå augo hans, og han fekk att syni. Han reis upp og vart døypt;

19  so fekk han seg mat og kveikte seg. Han vart verande nokre dagar hjå læresveinane i Damaskus,

20  og tok straks til å bera fram bodet um Jesus i synagogone: at han er Guds Son.

21  Og alle som høyrde det, vart reint upp i under og sa: Er ikkje dette han som i Jerusalem heldt på å rydja ut dei som kallar på det namnet? Og hit var han komen for å setja dei fast og føra dei til øvsteprestane!

22  Men Saulus vart sterkare og sterkare; han reint målbatt jødane som budde i Damaskus, med dei provi han la fram på at Jesus er Messias.

23  Då det leid fram ei tid, la jødane upp råd um å rydja han or vegen.

24  Men Saulus fekk vita at dei låg etter han. Dei vakta jamvel portane natt og dag, so dei kunde få gjort av med han.

25  Då tok læresveinane hans um natti og slepte han ut gjenom muren og fira han ned i ei korg.

26  Då han kom til Jerusalem, freista han å halda seg innåt læresveinane; men alle var redde han, for dei trudde ikkje at han var nokon rett læresvein.

27  Då tok Barnabas han med seg til apostlane og fortalde dei korleis han hadde set Herren på ferdi, og at Herren hadde tala til han, og korleis han i Damaskus hadde lært hugheilt i Jesu namn.

28  Sidan var han stødt i lag med dei i Jerusalem

29  og lærde hugheilt i Herrens namn. Han tala og med dei jødane som bruka gresk mål, og gav seg i ordskifte med dei. Men dei la seg ut um å få rudt han or vegen,

30  og då brørne vart vise med det, fylgde dei han ned til Cesarea, og hjelpte han derifrå av stad til Tarsus.

31  No hadde Herrens lyd fred yver heile Judea og Galilea og Samaria, medan han bygdest upp og ferdast i age for Herren; og han auka meir og meir med hjelp av den Heilage Ande.

32  Medan Peter for ikring alle stader, bar det so til at han kom ned til dei heilage som budde i Lydda.

33  Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde halde sengi i åtte år; han heitte Æneas.

34  Peter sa til han: Æneas, Jesus Kristus vil gjera deg god att; ris upp og reid upp sengi di! Og straks reis han upp,

35  og då dei som budde i Lydda og Saron, fekk sjå han, vende dei alle um til Herren.

36  I Joppe var det ei læremøy som heitte Tabita - det er på gresk Dorkas* -. Livet hennar var rikt på gode gjerningar og sælebotsgåvor.

37  I dei dagane bar det so til at ho vart sjuk og døydde; og dei tvo henne og la henne på høgstova.

38  Joppe er ikkje langt frå Lydda, og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei tvo menn til han med det bodet: Gjer vel og kom hit til oss so fort du kann!

39  Peter gjorde seg reidug og vart med dei. Då han kom fram, fylgde dei han upp på høgstova, og alle enkjone kom gråtande burtåt han, og synte fram alle dei trøyor og kjolar som Dorkas hadde gjort medan ho var hjå dei.

40  Peter bad dei alle ganga ut, og la seg på kne og bad. So vende han seg til liket og sa: Statt upp, Tabita! Ho slo upp augo, og då ho såg Peter, reiste ho seg upp.

41  Han rette henne handi og hjelpte henne upp or sengi. So kalla han inn enkjone og dei andre heilage og tedde henne fram for dei levande.

42  Dette vart kunnigt yver heile Joppe, og det var mange der som kom til trui på Herren.

43  Peter vart verande ei tid i Joppe hjå ein mann som heitte Simon, ein garvar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23