Apostlenes gjerninger 7
1 Då spurde øvstepresten: Er det sant dette?
2 Han svara: Brør og feder, høyr på meg! Den allherlege Gud synte seg for Abraham, ættefaren vår, medan han var i Mesopotamia, fyrr han hadde busett seg i Karan,
3 og sa til han: Far burt frå ditt eige land og di eigi ætt, og drag til det landet som eg skal syna deg!
4 Då for han burt frå Kaldear-landet og busette seg i Karan. Og då far hans hadde andast, let Gud han flytja bustaden sin derifrå til dette landet som de no bur i.
5 Han gav han ikkje nokor jordeign i det, ikkje so mykje som ei fotbreidd, men han lova å lata han få det til odel og eiga, både han og etterkomarane hans, endå han ikkje hadde born.
6 Og Gud tala so: Ætti hans skal halda til i eit framandt land, og dei skal trælka dei og fara ille med dei i fire hundrad år;
7 men det folket dei lyt træla under, vil eg døma, sa Gud, og so skal dei draga burt, og dei skal halda tenesta for meg på denne staden.
8 Og Gud gav han umskjeringspakti. So fekk han sonen Isak, og umskar han åttande dagen. Og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob vart far til dei tolv ættefederne.
9 Ættefederne vart ovundsjuke på Josef og selde han til Egyptar-land; men Gud var med han
10 og fria han ut or all hans naud, og gav han nåde til å tala med visdom då han stod framfor Farao, kongen i Egyptar-land; og kongen sette han til jarl i Egyptar-land og til å styra heile sitt hus.
11 So vart det uår yver heile Egyptar-land og Kana'an, og stor naud, og federne våre fann ikkje noko å livberga seg og feet sitt med.
12 Men Jakob fekk høyra at det var korn i Egyptar-land, og han sende federne våre dit, fyrst ein gong,
13 so ein gong til; då vart Josef attkjend av brørne sine, og det vart kunnigt for Farao kva ætt han var av.
14 Og Josef sende bod etter Jakob, far sin, og alt skyldfolket sitt, fem og sytti mann.
15 Då for Jakob ned til Egyptar-land. Der andast han, både han og federne våre,
16 og dei vart førde til Sikem og nedsette i den gravi som Abraham hadde kjøpt for reide pengar av Hemors-borni i Sikem.
17 Etter som det no leid framimot den tidi då det som Gud hadde lova Abraham, skulde røynast, auka folket meir og meir i Egyptar-land og vart mannsterkt,
18 alt til det kom ein annan konge i Egyptar-land, ein som ikkje visste noko um Josef.
19 Han for med svikråder mot folket vårt og var hard og leid med federne våre - han vilde få dei til å setja ut småborni sine, so dei ikkje skulde leva upp.
20 I den tidi vart Moses fødd, og han var fager for Gud. I tri månader vart han fostra i huset åt far sin;
21 so vart han sett ut. Men dotter åt Farao tok han til seg og fostra han upp, so han vart som son hennar.
22 Soleis vart Moses upplærd i all den visdom egyptarane åtte, og han var ein dugande mann både i ord og i verk.
23 Då han hadde nått fyrtiårsalderen, fekk han hug til å sjå um brørne sine, Israels-borni.
24 Då såg han at ein av dei leid urett, og straks kom han honom til hjelp og slo i hel egyptaren og hemnde den han hadde fare ille med.
25 Han tenkte at brørne hans skulde skyna at Gud vilde bruka han til å fria dei ut; men dei skyna ikkje det.
26 Dagen etter kom han yver dei medan dei heldt på og striddest; han vilde forlika dei til å halda fred og sa: Godt folk, de er brør! Kvi gjer de urett mot kvarandre?
27 Men han som gjorde urett mot felagen sin, skuva han ifrå seg og sa: Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?
28 Du vil då vel ikkje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går?
29 For det ordet skuld rømde Moses og gav seg til i Midian-landet. Der fekk han tvo søner.
30 Då fyrti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarki ved Sinai-fjellet i ein eldsloge som slo upp or ein klungerrunne.
31 Då Moses vart var elden, undra han seg yver synet; han gjekk burtåt og vilde sjå betre på det; då kom det ei røyst frå Herren:
32 Eg er din fedre-Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Då vart Moses so redd at han skalv, og torde ikkje sjå der burt.
33 Men Herren sa til han: Løys skorne av føtene dine! for den staden du stend på, er heilag jord.
34 Eg hev set kor vondt folket mitt hev det i Egyptar-land; eg hev høyrt kor dei sukkar og styn, og no hev eg stige ned og vil fria dei ut. Kom no, eg vil senda deg til Egyptar-land!
35 Denne Moses som dei ikkje vilde vita av og sa so til: Kven hev sett deg til hovding og domar? honom sende Gud til å vera både hovding og bergingsmann; engelen som hadde synt seg for han i klungerrunnen, skulde vera med han og hjelpa han.
36 Han var det som førde dei burt, alt medan han gjorde under og teikn både i Egyptar-land og i Raudehavet og i øydemarki i fyrti år.
37 Han er den Moses som sa til Israels-borni: Ein profet skal Gud reisa upp åt dykk bland brørne dykkar, ein som eg.
38 Han var det som i lyden i øydemarki gjekk imillom engelen som tala med han på Sinai-fjellet, og federne våre. Då fekk han levande ord som han skulde gjeva oss,
39 men federne våre vilde ikkje lyda han; dei skuva han ifrå seg, og vende hugen til Egyptar-land og sa til Aron:
40 Gjer oss gudar som kann ganga fyre oss! for me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses som førde oss ut or Egyptar-land.
41 Den gongen laga dei ein kalv og bar fram offer for avgudsbiletet sitt, og gledde seg i det verket dei hadde laga med hendene sine.
42 Då vende Gud seg frå dei og let dei dyrka himmelheren, som det stend skrive i profetboki: Bar de vel fram for meg slaktoffer og andre offer, Israels hus, dei fyrti åri i øydemarki?
43 Nei, de bar med dykk tjeldbui åt Molok og stjerna åt guden Remfan, dei bileti de hadde gjort og vilde beda til, og no skal eg flytja dykk av burtum Babylon.
44 Federne våre hadde vitnemålstjeldet hjå seg i øydemarki; det var so som han som tala til Moses, sa han fyre å gjera det, likt det mønstret han hadde set.
45 Det fekk federne våre i arv, og førde det med seg då dei saman med Josva flutte inn i landet åt heidningane, dei som Gud dreiv ut for federne våre. Der var det alt til Davids tid.
46 Han fann nåde hjå Gud, og bad um at han måtte få syta for ein bustad åt Jakobs Gud.
47 Men det var Salomo som bygde han eit hus.
48 Men ikkje bur den Høgste i hus som menneskehender hev gjort, som profeten segjer:
49 Himmelen er min kongsstol, segjer Herren, og jordi er fotbenken for føtene mine. Kva for eit hus vil de då byggja meg, eller kvar er staden eg skal kvila på?
50 Er det ikkje mi hand som hev gjort alt dette?
51 Hardnakkar, som er u-umskorne på hjarta og øyro! Alltid stend de den Heilage Ande imot, de som federne dykkar.
52 Hev det vore nokon profet som federne dykkar ikkje hev forfylgt? Dei drap dei som varsla at den rettferdige skulde koma, han som de no hev svike og slege i hel,
53 de som fekk lovi bori til dykk av englar og ikkje hev halde henne!
54 Då dei høyrde det, vart dei so uppøste i hugen at dei skar tenner imot han.
55 Men han skoda, fyllt av den Heilage Ande, upp mot himmelen og såg Guds herlegdom, og Jesus, som stod ved Guds høgre hand,
56 og han ropa: No ser eg himlane opne, og Menneskesonen, som stend ved Guds høgre hand!
57 Då skreik dei ende yver seg og heldt hendene attfor øyro. So styrmde dei inn på han alle som ein
58 og dreiv han ut or byen og steina han. Og vitni la kjolane sine av seg hjå ein ung mann som stod der; han heitte Saulus.
59 Dei steina Stefanus, medan han bad og sa: Herre Jesus, tak imot mi ånd!
60 So seig han i kne og ropa høgt: Herre, tilrekna dei ikkje denne syndi! Då han det hadde sagt, slokna han.