Apostlenes gjerninger 6
1 I denne tidi då læresveinane jamleg auka i tal, tok dei jødane som tala gresk, til å murra mot hebrearane for di enkjone deira vart sette attum når det dag for dag vart skift ut mat til dei turftige.
2 Då kalla dei tolv heile læresveinflokken i hop og sa: Det er ikkje som det skal vera, at me held upp å tala Guds ord og gjer tenesta ved bordi.
3 Sjå dykk no, brør, ut sju menn av dykkar eige lag, menn som hev godt lov og er fulle av Ande og visdom! Dei vil me setja til å standa fyre dette yrket,
4 og sjølve vil me halda trottugt ved med bøni og arbeidet for ordet.
5 Det ordet totte heile flokken vel um. Dei valde Stefanus, ein mann som var full av tru og den Heilage Ande, og Filip og Prokorus og Nikanor og Timon og Parmenas og Nikolaus, som var frå Antiokia og hadde teke jødetrui;
6 desse sju leidde dei so fram for apostlane, og dei bad og la hendene på dei.
7 Og Guds ord hadde stor framgang; talet på læresveinane i Jerusalem auka munaleg, og ein stor hop av prestane vart lydige mot trui.
8 Full av nåde og kraft gjorde Stefanus under og store teikn millom folket.
9 Då stod det fram nokre av dei som høyrde til den synagoga dei kallar synagoga åt dei frigjevne og kyrenearane og aleksandrinarane, og av dei som var frå Kilikia og Asia; dei gav seg i ordkast med Stefanus,
10 men kunde ikkje standa seg mot den visdom og ånd han tala utav.
11 So tinga dei i løynd nokre menn og fekk dei til å segja: Me hev høyrt han tala spottarord mot Moses og Gud.
12 Soleis fekk dei eggja upp både folket og styresmennene og dei skriftlærde, og so sette dei på han og drog han med seg fram for rådet;
13 der førde dei range vitne som sa: Denne mannen held aldri upp å tala mot den heilage staden og lovi;
14 me hev høyrt han segja at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned denne staden og brigda dei skikkane som Moses lærde oss.
15 Då feste dei augo på han alle dei som i rådet sat, og dei såg at andletet hans lyste som det var eit engle-andlet.