Apostlenes gjerninger 3
1 Ein dag då det leid til bønetimen - det er den niande timen - gjekk Peter og Johannes upp i templet.
2 Då kom det nokre berande med ein mann som hadde vore vanfør alt ifrå han var fødd, og som dei dag etter dag la ned frammed den tempeldøri som kallast Fagerdøri, so han kunde beda dei som gjekk inn i templet, um ei sælebotsgåva.
3 Han vart var Peter og Johannes då dei vilde ganga inn i templet, og bad at dei vilde gjeva han ei gåva for sælebot skuld.
4 Peter feste augo på han - og like eins Johannes - og sa: Sjå på oss!
5 Mannen gav akt på dei, for han venta å få noko av dei.
6 Då sa Peter: Sylv eller gull eig eg ikkje; men det eg hev, det gjev eg deg: I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen - statt upp og gakk!
7 So tok han mannen i høgre handi og reiste han upp.
8 Og straks vart føtene og oklo hans støde og sterke; han spratt upp og stod på føtene og gjekk ikring, og fylgde med dei inn i templet, og alt medan han gjekk, hoppa han høgt og lova Gud.
9 Alle folk såg korleis han gjekk ikring og lova Gud;
10 dei kjende han att, og såg at det var den same som var van å sitja frammed Fagerporten og beda seg, og dei var so fulle av undring yver det som hadde hendt han, at dei var mest frå seg.
11 Som no han heldt seg tett innåt Peter og Johannes, flokka alt folket seg ikring dei burtmed den sulehalli dei kallar Salomonshalli, og var reint forstøkte.
12 Då Peter såg det, tok han til ords og sa til dei: Israelitiske menn, kvi undrast de yver dette, og kvi stirer de på oss liksom me av vår eigi kraft eller gudsfrykt hadde gjort at han kann ganga?
13 Det er Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, vår fedre-Gud, som hev herleggjort tenaren sin, Jesus, han som de sveik og ikkje vilde vita av då han stod framfor Pilatus. Pilatus dømde at han skulde gjevast fri;
14 men de vilde ikkje vita av den heilage og rettferdige - de bad at det måtte unnast dykk å få ein dråpsmann i staden.
15 De drap livsens hovding, men Gud vekte han upp att frå dei daude; det er me vitne um.
16 Ved trui på hans namn hev hans namn gjeve styrke åt denne mannen som de ser og kjenner - trui han hev verka, gav denne mannen hans fulle førleik, som de alle hev set.
17 Eg veit, brør, at det var i vankunna de for so åt, både de og styresmennene dykkar;
18 men soleis let Gud det sannast det som han fyreåt hadde varsla um gjenom alle profetane, at hans Messias skulde lida.
19 Gjer då bot og vend um, so syndene dykkar kann slettast ut! - so skal det koma hugsvalingstider frå Herren,
20 og han skal senda dykk den Messias som var etla åt dykk, Jesus;
21 han lyt no bu i himmelen til den tidi kjem då alt det vert attreist som Gud hev tala um frå gamle dagar gjenom dei heilage profetane sine.
22 Moses sa: Ein profet av dykkar eige folk, ein som eg, vil Herren dykkar Gud reisa upp åt dykk.
23 Og kvart liv som ikkje høyrer på den profeten, skal rydjast ut or folket.
24 Og alle profetane frå Samuel og nedetter, so mange som hev tala, varsla og desse dagane.
25 De er born åt profetane, for dykk gjeld den pakti som Gud gjorde med federne våre då han sa til Abraham: Og i di ætt skal alle ætter på jordi velsignast.
26 Det var til dykk Gud fyrst sende tenaren sin, då han let han standa fram for å velsigna dykk, etter som kvar av dykk vender um frå vondskapen sin.