Apostlenes gjerninger 27
1 Då det no var avgjort at me skulde sigla av stad til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar yver til ein av hovudsmennene i keisar-herflokken; han heitte Julius.
2 Me gjekk um bord i eit skip frå Adramyttium som skulde sigla til hamnene burtetter Asia-strandi, og la so utpå; Aristarkus, ein makedonar frå Tessalonika, var med oss.
3 Andre dagen la me til lands i Sidon, og Julius, som for snildt med Paulus, gav han lov til å ganga til venene sine og lata dei hyggja for seg.
4 Derifrå sette me so til havs att og for innunder Kypern, av di vinden bar imot.
5 So siglde me yver havet utmed Kilikia og Pamfylia, og kom til Myra i Lykia.
6 Der fann hovudsmannen eit skip frå Aleksandria som skulde til Italia, og han fylgde oss um bord i det.
7 I mange dagar siglde me no berre smått frametter, og nådde med mykje strev burtimot Knidus. Då me ikkje kunde koma lenger for vinden, heldt me ned under Kreta burtmed Salmone-neset;
8 det slapp me med naudi framum, og kom so til ein stad dei kallar Godhamn; det er ikkje langt frå ein by som heiter Lasea.
9 No hadde det gjenge ei lang tid, og det var alt fårleg å ferdast på sjøen; for det leid alt yver fasta. Difor vara Paulus dei åt og sa:
10 Godt folk, eg ser at det er vågalt å fara lenger, og at me kann koma til å missa ikkje berre farm og farty, men livet med.
11 Men hovudsmannen trudde meir på styrmannen og skiperen enn på det Paulus sa,
12 og etter di hamni var ulagleg til vinterlægje, vart dei fleste samde um å leggja utpå att, um det kunde lukkast dei å nå Føniks, ei onnor hamn på Kreta, som vender mot sudvest og nordvest - der kunde dei då taka vinterlægje.
13 Då det so tok til å blåsa litt av sud, tenkte dei at dei kunde fullføra det dei hadde sett seg fyre. Dei letta og siglde langs med Kreta tett under land.
14 Men det var ikkje lenge fyrr det kom ein kvervelvind - dei kalla han eurakylon - og kasta seg mot øyi.
15 Skipet vart rive med og vann ikkje halda upp mot vinden; so gav me oss yver og let oss driva.
16 Medan me so for innunder ei liti øy som heiter Klauda, var det so vidt me fekk berga båten og drege han upp.
17 Då det var gjort, prøvde dei ymse hjelperåder: dei surra skipet med tog, og av di dei var redde at dei kunde koma til å driva innpå Syrta, streka dei segli, og rak soleis av stad.
18 Men stormen sette på oss med ofse, og andre dagen tok dei til å kasta ut farmen;
19 tridje dagen heiv me med eigne hender skipsreidskapen yver bord.
20 Mange dagar i rad var korkje sol eller stjernor å sjå; eit svært uver låg yver oss, og då det leid på, miste me all von um berging.
21 Dei hadde ikkje på lenge fenge mat. Då steig Paulus fram midt ibland dei og sa: De skulde hava lydt mi råd, godt folk, og ikkje teke ut frå Kreta, so hadde de spart dykk denne vågnaden og dette tapet.
22 Men no vil eg beda dykk vera trøystige. Ikkje eit liv ibland dykk skal spillast, berre skipet.
23 For ein engel frå den Gud som eg høyrer til, og som eg dyrkar, kom til meg i natt og sa:
24 Ottast ikkje, Paulus! Du lyt ganga fram for keisaren, og høyr her: Gud hev gjeve deg livet åt alle dei som er med deg på skipet.
25 So ver då trøystige, godt folk! Eg lit på Gud at det vil ganga so som det hev vorte sagt meg.
26 Men me kjem til å stranda på ei øy.
27 Då me hadde reke kring i Adriahavet på fjortande jamdøgret, tyktest sjøfolki midnattsbel skyna at det bar nær innåt land.
28 Dei lodda og fekk tjuge famnar. Då skipet var kome ei lite stykke lenger, lodda dei på nytt og fekk femtan famnar.
29 Då vart dei redde at dei kunde koma til å støyta på skjer; dei slepte ut fire anker frå bakstamnen, og ynskte at det måtte dagast.
30 Sjøfolki freista å røma frå skipet; dei fira båten ned på vatnet og lest vilja draga anker ut frå framstamnen.
31 Men Paulus sa til hovudsmannen og hersveinane: Vert ikkje dei verande på skipet, so kann ikkje de verta berga.
32 Då hogg hersveinane togi av som båten hekk etter, og let han detta ned.
33 Då det no leid mot dag, talde Paulus alle til å få seg mat; han sa: I dag er det fjortande dagen de gjeng fastande og ventar og ikkje hev fenge noko i livet.
34 Difor vil eg telja dykk til å få dykk noko mat; det lyt til, skal de verta berga; for det skal ikkje forkomast eit hår på hovudet åt nokon av dykk.
35 Med so sagt tok han eit brød, takka Gud for augo åt alle og braut det og tok til å eta.
36 Då vart dei alle trøystige og fekk seg mat dei og.
37 Me var i alt tvo hundrad og seks og sytti mann på skipet.
38 Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å kasta matvarone på sjøen.
39 Då dagen rann, kjende dei ikkje landet; men dei vart vare ei vik med ei fjøra, og rådde seg til å renna skipet inn der, um det var mogeleg.
40 So kappa dei ankeri og let dei detta i sjøen; og samstundes løyste dei togi som dei hadde bunde styri med, vatt upp seglet for børen og heldt ned på fjøra.
41 Men best det var, råka dei på ein grunne med djup sjø på båe sidor; der rende dei skuta på, og framstamnen sette seg fast og vart sitjande urikkeleg, men bakstamnen vart etterkvart sundslegen av bårebrotet.
42 Hermennene tenkte fyrst på å drepa fangane, so ingen av dei skulde få symja undan og røma sin veg.
43 Men hovudsmannen vilde berga Paulus, og hindra dei frå å gjera som dei hadde tenkt; han sa at dei som kunde symja, skulde kasta seg uti fyrst og koma seg i land,
44 so skulde dei andre koma etter, sume på fjøler og sume på andre ting frå skipet. So gjekk det til at alle fekk berga seg i land.