«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Apostlenes gjerninger 24

1  Fem dagar etter kom Ananias, øvstepresten, dit ned med nokre av styresmennene og ein sakførar som heitte Tertullus, og dei bar fram for landshovdingen klagemålet mot Paulus.

2  Han vart henta, og Tertullus tok til å lesa upp klaga.

3  Me veit deg stor takk, gjævaste Feliks, sa han, for di me ved di hjelp fær leva i god fred, og dette folket ved di umsut i alle måtar og på alle stader fær njota umbøter i sine kår!

4  Men eg må ikkje hefta deg for lenge! Difor bed eg at du med den mildskap du er kjend for, vil høyra på eit stutt innlegg frå oss:

5  Me hev kome etter at denne mannen er ein rein pest; han vekkjer uro millom alle jødar i heile verdi og er ein av dei fremste førarane for nasarear-flokken.

6  Han freista jamvel å vanhelga templet; då greip me han og vilde døma han etter lovi vår.

7  Men Lysias, hovdingen, kom og tok han med makt og vald ut or hendene våre og førde han burt;

8  og til dei som klaga på han, sa han at dei skulde ganga til deg. No kann du sjølv forhøyra han, so fær du nok greida på alt det me klagar han for.

9  So tala sakføraren, og jødane sanna med og sa at so var det.

10  Landshovdingen gjorde eit teikn til Paulus at han kunde få tala. Då tok han soleis til ords: Etter di eg veit at du hev vore domar for dette folket i mange år, fører eg verjemålet mitt med fritt mod.

11  For du kann lett få greida på at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg for upp til Jerusalem og vilde tilbeda.

12  Og ingen hev set meg tala med nokon eller eggja folk til upplaup korkje i templet eller i synagogone eller nokon annan stad i byen.

13  Ikkje heller kann dei prova for deg det dei no klagar meg for.

14  Men det sannar eg for deg at eg etter den Guds veg som dei kallar ei sekt-læra, tener min fedre-Gud soleis at eg trur alt som er skrive i lovi og hjå profetane,

15  og hev den voni til Gud, ei von som dei og hyser, at både rettferdige og urettferdige ein gong skal standa upp att or gravi.

16  Difor legg eg og sjølv vinn på allstødt å hava eit uskadt samvit for Gud og menneske.

17  Då mange år var lidne, kom eg hit og skulde føra sælebotsgåvor til folket mitt og bera fram offer.

18  Då var det dei fekk sjå meg i templet, etter eg hadde helga meg; eg samla ikkje folk kring meg eller gjorde noko uppstyr. Dei som vart var meg der, var nokre jødar frå Asia,

19  og dei skulde no hava møtt fram for deg og klaga, i fall dei hadde noko å bera på meg.

20  Eller og skulde desse mennene her sjølve segja frå kva det var for urett dei fann hjå meg den gongen eg stod framfor rådet -

21  utan det skulde vera for det eine ordet som eg ropa ut då eg stod der ibland dei: Det er for voni um at dei daude skal standa upp att, eg stend for retten hjå dykk i dag!

22  Feliks visste vel korleis det hadde seg med Guds veg; difor sette han ut saki og sa: Når Lysias, herhovdingen, kjem her ned, skal eg granska saki dykkar.

23  Til hovudsmannen sa han at Paulus skulde haldast i varveitsla, men få slik lette som høva kunde, og at ingen av hans eigne måtte hindrast frå å vera han til hjelp.

24  Då det leid fram nokre dagar, kom Feliks med Drusilla, kona si, som var jødisk kvinna. Han sende bod etter Paulus og lydde på han medan han tala um trui på Kristus.

25  Men då han tala um rettferd og fråhald og um domen som skal koma, vart Feliks redd og sa: Far vel for denne gongen! Når eg fær betre stunder, skal eg kalla deg hit att.

26  Han gjorde seg og von um å få pengar av Paulus; difor sende han jamleg bod på han og tala med han.

27  Då tvo år var lidne, fekk Feliks til ettermann Porcius Festus; men av di han gjerne vilde vinna seg takk av jødane, let han Paulus etter seg bunden.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23