«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Apostlenes gjerninger 23

1  Paulus feste augo på rådet og sa: Brør, eg hev til denne dag levt med alt godt samvit for Gud.

2  Slå han på munnen! Sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod innmed han.

3  Då sa Paulus til han: Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal døma meg etter lovi, og so segjer du tvert imot lovi at dei skal slå meg!

4  Skjeller du ut Guds øvsteprest? ropa dei som stod innmed.

5  Eg visste ikkje, brør, at han er øvsteprest, svara Paulus; for det stend skrive: Ein hovding av folket ditt skal du ikkje avheidra.

6  Som no Paulus visste at sume av dei var saddusearar og sume farisearar, ropa han ut i rådsmøtet: Brør, eg er farisear og av farisear-ætt. Det er for ei von skuld, den at dei daude skal standa upp att, eg no stend for retten.

7  Ikkje fyrr hadde han sagt det, so vart det strid millom farisearane og saddusearane, og flokken kløyvde seg.

8  For saddusearane segjer at det ikkje er nokor uppstoda og ikkje finst englar eller ånder, men farisearane lærer alt det.

9  No vart det mykje skrik, og nokre av dei skriftlærde i farisearflokken reiste seg og la seg sterkt frami striden og sa: Me finn ikkje noko vondt hjå denne mannen; enn um no ei ånd hev tala til han, eller ein engel?

10  Då det vart so mykje strid, reddast hovdingen at dei kunde slita Paulus sund; han sende bod at krigsmannskapet skulde koma ned og riva han utor hendene deira og føra han inn i borgi.

11  Men natti etter stod Herren framfyre han og sa: Ver hugheil! Som du bar vitne um meg i Jerusalem, so lyt du vitna i Rom og.

12  Då det vart dag, slo jødane seg i hop, og forbanna seg på at dei korkje vilde eta eller drikka fyrr dei hadde drepe Paulus.

13  Det var yver fyrti mann som hadde svore seg saman um det.

14  No kom dei til øvsteprestane og styresmennene og sa: Me hev forbanna oss høgt og dyrt på at me ikkje skal smaka nokon ting fyrr me hev drepe Paulus.

15  Send no de i lag med rådet ei fyreteljing til hovdingen og bed han føra han ned til dykk, liksom de vilde granska saki hans nøgjare. So stend me ferdige til å rydja han or vegen fyrr han kjem fram.

16  Men systerson åt Paulus fekk høyra um løynrådi deira. Han gjekk upp til borgi og kom inn og sa det med Paulus.

17  Då sende Paulus bod på ein av hovudsmennene og sa: Før denne unge mannen til hovdingen! Han hev ei tidend åt han.

18  Hovudsmannen tok han med seg til hovdingen og sa: Paulus som sit fange her, sende bod på meg og bad at eg vilde føra denne unge mannen inn til deg - han hadde noko å segja deg.

19  Hovdingen tok guten i handi og gjekk til sides med han og spurde: Kva er det for ei tidend du hev åt meg?

20  Han svara: Jødane hev avtala å beda deg um at du i morgon vil føra Paulus ned for rådet, liksom dei vilde få spurt noko nøgjare um han.

21  Men lat dei ikkje få talt deg yver! For yver fyrti av dei ligg og lurer på han, og hev forbanna seg på at dei korkje vil eta eller drikka fyrr dei hev rudt han or vegen. Dei stend alt ferdige, og ventar berre på at du skal lova det.

22  Hovdingen let guten ganga heim att og sa til han: Tala ikkje til nokon um at du hev fortalt meg dette!

23  So kalla han til seg tvo av hovudsmennene og sa: Tak tvo hundrad hersveinar og sytti hestfolk og tvo hundrad skyttarar, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cesarea, etter den tridje timen på natti!

24  Og syt for at der er hestar som dei kann lata Paulus rida på, so dei fær ført han trygt fram til Feliks, landshovdingen!

25  Og han skreiv eit brev som var soleis stila:

26  Klaudius Lysias helsar Feliks, den høgvyrde landshovdingen.

27  Denne mannen hadde jødane gripe og vilde alt til å gjera ende på han; men då eg vart vis med at han var Roma-borgar, kom eg med herfolket og fria han ut.

28  Som eg no gjerne vilde få greida på kva det var dei klaga han for, førde eg han fram for rådet deira.

29  Eg fann då ut at klagemålet mot han galdt nokre stridsspursmål i lovi deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunde dømast frå livet eller setjast i fengsel for.

30  Men av di det hev vorte sagt meg at det er meinråder i gjerdom mot mannen, sender eg han no med ein gong til deg, og hev sagt til klagarane at dei og lyt venda seg til deg med det dei hev å segja.

31  Hermennene gjorde som dei var fyresagde: dei tok Paulus og førde han um natti til Antipatris.

32  Dagen etter for dei attende til borgi og let hestfolket rida lenger med han.

33  So snart dei kom til Cesarea, gav dei brevet til landshovdingen, og førde og Paulus fram for han.

34  Då han hadde lese brevet, spurde han kva landslut han åtte heime i, og fekk vita at han var frå Kilikia. Då sa han:

35  Eg skal taka deg i forhøyr når klagarane dine kjem. Og til folki sine sa han at dei skulde halda han i varveitsla i borgi åt Herodes.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23