Apostlenes gjerninger 21
1 Då me hadde rive oss laus frå dei og lagt ut på sjøen, heldt me beine leidi fram til Kos; dagen etter kom me til Rodos, og derifrå til Patara.
2 Der fann me eit skip som skulde fara beint yver til Fønikia; det gjekk me um bord i, og la so utpå att.
3 Då me fekk timdi av Kypern, heldt me til høgre for øyi. So siglde me til Syria og la åt i Tyrus; for der skulde skipet lossa farmen.
4 Me leita upp læresveinane og vart verande der sju dagar. Dei sa til Paulus det som Anden la dei i hugen: at han ikkje skulde fara til Jerusalem.
5 Då me hadde vore der dei dagane til endes, tok me ut og for vår veg, og dei fylgde oss alle med konor og born ut or byen. På strandi la me oss på kne og bad;
6 sidan bad me farvel med kvarandre - me gjekk um bord i skipet, og dei vende heim att til seg.
7 So for me frå Tyrus til Ptolemais og hadde då enda sjøferdi vår; me helsa på brørne der og var ein dag hjå dei.
8 Andre dagen tok me ut att og kom til Cesarea; der vitja me Filip, evangelisten - han var ein av dei sju - og gav oss til hjå han.
9 Han hadde fire ugifte døtter som hadde profetgåva.
10 Som me no drygde der noko mange dagar, kom ein profet som heitte Agabus, ned frå Judea.
11 Han kom til oss, tok beltet åt Paulus og batt føtene og hendene sine med og sa: So segjer den Heilage Ande: Soleis skal jødane i Jerusalem binda den mannen som eig dette beltet, og so gjeva han i hendene på heidningane.
12 Då me høyrde det, bad me han, både me og dei som åtte heime der, at han ikkje måtte fara upp til Jerusalem.
13 Då svara Paulus: Kvi græt de so og bryt hjarta mitt sund? Eg er reidug ikkje berre til å lata meg binda, men og til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.
14 Som han no ikkje let seg yvertelja, tagde me og sa berre: Herrens vilje råde!
15 Då den tidi var ute, ferda me oss til og tok på vegen til Jerusalem.
16 Nokre av læresveinane frå Cesarea var med og fylgde oss til ein mann som heitte Mnason og var frå Kypern; han var ein gamal læresvein, og hjå han skulde me få hus.
17 Då me kom til Jerusalem, fagna brørne oss med gleda.
18 Andre dagen gjekk Paulus med oss til Jakob, og dit kom alle dei eldste.
19 Han helsa på dei, og fortalde alt som Gud hadde hjelpt han til å gjera bland heidningane, eitt etter hitt.
20 Då dei høyrde det, lova dei Gud; so sa dei til han: Du ser, bror, kor mange tusund jødar det er som hev teke trui, og alle er dei ihuga for lovi.
21 Men no hev dei høyrt segja um deg at du lærer alle jødar kring i heidninglandi å falla frå Moses, og segjer at dei ikkje skal umskjera borni og ikkje leva etter dei gamle skikkane.
22 Kva skal me no gjera? Det kjem visst til å samla seg ein stor hop; for dei fær nok høyra at du er komen.
23 Gjer då so som me no segjer med deg! Det er fire menn hjå oss som hev ein heilag lovnad på seg.
24 Tak dei med deg og helga deg i lag med dei, og ber du kostnaden for dei, so dei kann få klyppa håret sitt! Då skynar alle at det ikkje er noko i det dei hev høyrt um deg, men at du og lever so at du held deg etter lovi.
25 Men um heidningane som hev teke trui, hev me teke ved at dei ikkje skal fylgja sovorne skikkar, anna dei lyt taka seg i vare for avgudsoffer og blod og kjøt av dyr som er strøypte, og lauslivnad, og det hev me sendt dei brev um.
26 Då tok Paulus mennene med seg, og dagen etter helga han seg i lag med dei; sidan gjekk han inn i templet og sa frå når talet på helgingsdagane var fullt, då offeret skulde berast fram for kvar ein av dei.
27 Då dei sju dagane snart var lidne, fekk jødane frå Asia sjå han i templet og øste upp heile ålmugen; dei la hand på han
28 og ropa: Hjelp, israelitar! Her er den mannen som lærer alle folk, kvar han kjem, å vanvyrda folket og lovi og denne staden; og no hev han endå til havt grekarar inn i templet og vanhelga denne heilage staden.
29 For dei hadde alt set Trofimus frå Efesus saman med han ute i byen, og so tenkte dei at Paulus hadde havt han med seg inn i templet.
30 Heile byen vart uppskaka, og folk flokka seg i hop. Dei tok fat på Paulus og drog han ut or templet, og med det same vart tempeldørene stengde.
31 Medan dei no heldt på og vilde slå han ihel, gjekk det bod upp til hovdingen for vaktmannskapet at heile Jerusalem var i upprør.
32 Då tok han straks nokre hersveinar og hovudsmenn med seg og for i sprang nedimot dei, og då dei såg hovdingen og hersveinane, heldt dei upp å slå Paulus.
33 So kom hovdingen innåt; han let mennene sine gripa Paulus og binda han med tvo lekkjor. Og spurde so kven han var, og kva han hadde gjort.
34 Sume i hopen ropa eitt, og sume eit anna, og då han ikkje kunde få vita noko visst for ståket skuld, sa han til hermennene at dei skulde føra Paulus inn i borgi.
35 Då han kom til troppi, vart det til det at hersveinane laut bera han, so styrlaus var hopen;
36 for heile folkemengdi fylgde etter og skreik: Drep han!
37 Då Paulus skulde førast inn i borgi, segjer han til hovdingen: Fær eg lov å tala eit ord med deg? Han svara: Kann du gresk?
38 So er då ikkje du den egyptaren som gjorde uppreist for ei tid sidan og drog ut i øydemarki med dei fire tusund røvarane?
39 Eg er ein jødisk mann, sa Paulus, og eig heime i Tarsus, ein velkjend by i Kilikia. Eg bed deg: Gjev meg lov til å tala til folket!
40 Det gav hovdingen han lov til. Då steig Paulus fram på troppi og vitta med handi til folket, og då det hadde vorte reint stilt ikring han, tala han soleis på det hebraiske målet: