Apostlenes gjerninger 20
1 Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og talde for dei; so bad han farvel og tok ut; for no vilde han draga til Makedonia.
2 Som han då hadde fare gjenom dei bygdene og gjeve brørne mange påminningar, kom han til Grekar-land.
3 Der vart han verande tri månader; men då han skulde til å sigla av stad til Syria, la jødane meinråder mot han; so tok han den rådi å fara attende gjenom Makedonia.
4 Med han fylgde til Asia Sopater Pyrrusson frå Berøa, og Aristarkus og Sekundus, som båe åtte heime i Tessalonika, og Gajus frå Derbe og Timoteus, og tvo Asia-menn som heitte Tykikus og Trofimus.
5 Dei for fyre og venta på oss i Troas,
6 og me siglde ut frå Filippi då usyrdebrøds-dagane var ende, og møttest fem dagar etter med dei i Troas; der drygde me sju dagar.
7 Fyrste dagen i vika var me saman og skulde brjota brødet; Paulus rødde mykje med dei - for dagen etter skulde han fara burt - og han tøygde ut talen til midt på natti.
8 Det var mange lampor i salen der me var samla.
9 Ein ung mann som heitte Eutykus, sat i vindauga; då Paulus rødde so lenge, fall han i ein djup svevn, og i svevnen stupte han utfyre og datt ned frå tridje høgdi. Dei tok han upp livlaus;
10 men Paulus gjekk ned og kasta seg yver han og tok ikring han og sa: Ståka ikkje! sjeli hans er i han.
11 So gjekk han upp att og braut brødet og åt av det, og tala med dei lenge, alt til det ljosna; då tok han ut.
12 Guten leidde dei burt levande, og var storleg trøysta.
13 Medan hadde me gjenge um bord i skipet og siglde til Assus; der skulde me taka Paulus um bord, for so hadde han sagt til oss; sjølv vilde han fara landleides.
14 Då han no møtte oss i Assus, tok me han um bord, og for so til Mitylene.
15 Derifrå siglde me lenger og var dagen etter beint utfor Kios; andre dagen for me burtåt Samos, låg yver i Trogillium, og nådde næste dagen Milet.
16 For Paulus hadde sett seg fyre å sigla framum Efesus, so han ikkje skulde koma til å drygja for lenge i Asia; for han hasta og vilde nå fram til Jerusalem til kvitsunndagen, um det var mogeleg for han.
17 Frå Milet sende han bod til Efesus og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden,
18 og då dei kom, sa han til dei: De veit korleis eg levde all den tid eg var hjå dykk, frå fyrste dagen eg sette foten i Asia,
19 at eg tente Herren smålåten og hugmjuk, med gråt og i prøvingar som meinrådene åt jødane volde meg.
20 De veit at eg ikkje tagde med noko av det som kunde gagna dykk, men bar det fram for dykk og lærde dykk det både ute bland folket og heime i husi,
21 alt medan eg vitna både for jødar og grekarar um umvendingi til Gud og trui på vår Herre Jesus Kristus.
22 Og no fer eg bunden av Anden til Jerusalem, og veit ikkje kva som skal møta meg der,
23 anna enn at den Heilage Ande i by etter by vitnar for meg at det ventar meg lekkjor og liding.
24 Men ikkje ein grand vyrder eg livet mitt for min eigen part, kann eg berre få fullføra laupet mitt og det kallet eg fekk av Herren Jesus: å vitna um evangeliet um Guds nåde.
25 Sjå, no veit eg at de aldri meir skal sjå åsyni mi, alle de som eg fyrr gjekk ikring ibland og bar bod um Guds rike.
26 Difor vitnar eg for dykk i dag at eg ikkje ber skuldi for nokon manns blod;
27 for eg tagde ikkje med noko, men la fram for dykk heile Guds råd.
28 Tak då vare på dykk sjølve og på heile hjordi som den Heilage Ande sette dykk til tilsynsmenn i, so de skulde gjæta Guds kyrkjelyd, den som han vann seg med sitt eige blod!
29 Eg veit at etter mi heimferd vil det koma inn ibland dykk vonde vargar, som ikkje sparer hjordi;
30 millom dykk sjølve skal det og standa fram menn som fer med range lærdomar og vil lokka læresveinane etter seg.
31 So vak då, og kom i hug at eg i tri år natt og dag alt i eitt med tåror talde for kvar einaste ein!
32 Og no gjev eg dykk yver til Gud og hans nådeord, han som hev makt til å uppbyggja dykk og gjeva dykk arv millom alle dei som er helga.
33 Eg hev aldri trått etter sylv eller gull eller klæde frå noko menneske.
34 De veit sjølve at desse hendene mine sytte for det eg trong, og for dei som var med meg.
35 I alle måtar synte eg dykk at soleis lyt me med arbeidet vårt vera til hjelp for dei veike og minnast Herren Jesu ord; for han hev sjølv sagt: Det er sælare å gjeva enn å få.
36 Då han det hadde sagt, la han seg på kne og bad saman med heile flokken.
37 Då brast dei alle i sterk gråt, og dei tok Paulus um halsen og kysste han.
38 Mest sorg volde dei det ordet han hadde sagt: at dei aldri meir skulde få sjå åsyni hans. So fylgde dei han til skipet.