Apostlenes gjerninger 2
1 Då kvitsunndagen kom, var dei alle samla på ein stad.
2 Då kom det brått ein ljod frå himmelen og fyllte heile huset dei sat i; det lyddest likt eit sterkt vêr som kjem farande.
3 Dei fekk sjå tungor liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei.
4 Då vart dei alle fyllte med den Heilage Ande, og dei tok til å tala med andre tungor, etter som Anden gav dei å tala.
5 Det var mange jødar der som hadde teke bustad i Jerusalem, gudlege menn frå alle land under himmelen.
6 Då no denne ljoden kom, strøymde mengdi i hop og var forstøkte, for di kvar høyrde dei tala på hans eige mål.
7 Dei vart reint frå seg av undring og sa: Er det då ikkje Galilea-menn, alle desse som talar?
8 Korleis gjeng det so til at me no alle fær høyra vårt eige mål, som me er fødde med
9 - partarar og medarar og elamitar, og me som eig heime i Mesopotamia og Judea og Kappadokia, Pontus og Asia,
10 Frygia og Pamfylia, Egyptar-land og Libya-bygdene burtimot Kyrene, og me romarar som bur her -
11 både fødde jødar og slike som hev teke jødetrui - Kreta-menn og arabar: alle høyrer me dei tala på våre eigne tungemål um Guds store verk!
12 Dei var reint frå seg alle saman og visste ikkje kva dei skulde tenkja. Kva kann dette vera? sa dei seg i millom.
13 Men sume spotta og sa: Dei er fulle! Dei hev drukke søt vin.
14 Då steig Peter fram, og dei elleve med han. Han lyfte upp målet og tala soleis til dei: Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem, lat meg få segja dykk kva dette er, og lyd vel etter ordi mine!
15 For desse menn er ikkje drukne, som de tenkjer - det er då berre den tridje timen på dagen -
16 men dette er det som er sagt gjenom profeten Joel:
17 Og det skal henda i dei siste dagane, segjer Gud, at eg vil renna ut av min Ande yver alt kjøt, og sønene og døtterne dykkar skal tala profetord, og dei unge gutane hjå dykk skal sjå syner, og dei gamle mennene hjå dykk skal drøyma draumar.
18 Jamvel på trælane og trælkvinnone mine vil eg renna ut av min Ande i dei dagane, og dei skal tala profetord.
19 Og eg vil lata det té seg under på høge himmelen og teikn nedpå jordi: blod og eld og røykkvervlar.
20 Soli skal verta til myrker og månen til blod, fyrr Herrens dag kjem, den store og herlege.
21 Men kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
22 Israelitiske menn, høyr desse ordi: Jesus frå Nasaret, ein mann som Gud hev peika ut for dykk med veldige verk og under og teikn, som Gud let han gjera ibland dykk, so som de sjølve veit -
23 han vart etter Guds eigi rådgjerd og med hans fyrevitende gjeven i fiendehand, og de let menn som ikkje lydde vår lov, nagla han til krossen og taka livet hans;
24 men Gud reiste han upp att og let dauden gjeva han frå seg, etter di det ikkje var mogeleg at den kunde halda på han.
25 For David segjer um han: Eg hadde Herren stødt for augo mine, for han er ved mi høgre hand, so eg ikkje skal verta rikka.
26 Difor gledde mitt hjarta seg, og mi tunga fagna seg, ja endå mitt kjøt skal kvila trygt i von;
27 for du vil ikkje sleppa sjeli mi i helheimen og ikkje lata din heilage sjå undergang.
28 Du lærde meg livsens vegar, du skal fylla meg med fagnad for di åsyn.
29 Brør, lat meg tala fritt til dykk um David, ættefaren vår - at han er både avliden og gravlagd, og gravi hans er hjå oss den dag i dag.
30 Etter di han no var ein profet og visste at Gud hadde lova og svore han at han vilde setja ein av hans eigne etterkomarar på kongsstolen hans,
31 so var det um Messias og uppstoda hans han tala då han skoda inn i framtidi og sa det ordet at han ikkje vart sett att i helheimen, og kjøtet hans ikkje såg undergang.
32 Denne Jesus hev Gud reist upp att; det er me alle vitne um.
33 Då no Gud hadde lyft han upp til seg med si høgre hand, fekk han av Faderen den Heilage Ande, som var lova, og rende so ut dette som de både ser og høyrer.
34 For David for ikkje upp til himmelen; han segjer sjølv: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand,
35 til dess eg fær lagt dine fiendar til fotbenk for deg!
36 So skal då heile Israels-ætti vita for visst at Gud hev gjort han både til Herre og Messias - han, denne Jesus som de hev krossfest.
37 Då dei høyrde det, for det som ein styng igjenom hjarta deira, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: Kva skal me gjera, brør?
38 Vend um, svara Peter, og lat dykk alle døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene dykkar, so skal de få den Heilage Ande i gåva.
39 For det er dykk lovnaden gjeld - dykk og borni dykkar og alle dei som er langt burte, so mange som Herren vår Gud kallar til seg.
40 Endå mange ord tala han medan han bar fram vitnemålet sitt og fyretolone sine, og sa: Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætti!
41 Dei som no tok imot ordi hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt um lag tri tusund sjeler attåt Herrens lyd.
42 Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfundet, ved brødbrjotingi og bønene.
43 Det kom ein otte yver dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.
44 Alle dei som trudde, var jamleg saman og hadde alt i hop.
45 Dei selde eigedomane og godset sitt og bytte det ut åt alle, etter som dei hadde torv til.
46 Dagstødt søkte dei samhuga templet, braut brødet kring i heimane og åt maten sin i frygd og hjartans einfelde.
47 Prisa gjorde dei Gud og var vel lika av alt folket. Og Herren la dagleg attåt lyden sin nokre som let seg frelsa.