Apostlenes gjerninger 18
1 Sidan tok han ut frå Aten og for til Korint.
2 Der råka han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontus; han var nyst komen frå Italia med Priskilla, kona si, av di Klaudius hadde sagt fyre at alle jødar skulde hava seg burt frå Rom. Dei gav han seg i lag med;
3 han budde hjå dei og arbeidde der; for dei dreiv same handverket: dei var tjeldmakarar.
4 Men kvar sabbat rødde han med folk i synagoga, og vann jamleg både jødar og grekarar for læra si.
5 Då Silas og Timoteus kom nordantil Makedonia, var Paulus i fullt arbeid med å læra, og heile tidi vitna han for jødane at Jesus var Messias.
6 Men då dei sette seg imot og spotta, riste han dusti av klædi sine og sa til dei: Blodet dykkar kome yver dykkar eige hovud! Eg er fri for skuld; heretter gjeng eg til heidningane.
7 Dermed gjekk han burt ifrå der, og kom heim til ein som heitte Justus; han var ein mann som dyrka Gud; huset hans låg vegg i vegg med synagoga.
8 Men Krispus, synagoge-forstandaren, kom med heile sitt hus til trui på Herren, og mange av Korint-buane som høyrde på Paulus, trudde og vart døypte.
9 Ei natt sa Herren til Paulus i ei syn: Ver ikkje redd! Tala, og teg ikkje!
10 Eg er med deg, og ingen skal få leggja hand på deg og gjera deg vondt; for eg hev mykje folk i denne byen.
11 So vart han buande der eit år og seks månader, og lærde dei Guds ord.
12 Medan Gallio var fylkeshovding i Akaia, yppa jødane seg alle som ein mot Paulus og drog han fram for domstolen.
13 Denne mannen, sa dei, set folk upp og fær dei til å dyrka Gud på ein måte som er imot lovi.
14 Då so Paulus vilde taka til ords, sa Gallio til jødane: Var det ei ugjerning eller eit skarvestykke det galdt, jødar, so skulde eg, som rett og rimeleg var, ha gjeve meg stunder til å høyra på dykk;
15 men når det gjeld tvistemål um ei læra og um nokre namn og um lovi dykkar, so fær de greida det sjølve! Eg vil ikkje vera domar i slike saker.
16 Dermed jaga han dei burt frå domstolen.
17 Då tok heile flokken fat på Sostenes, synagoge-forstandaren, og dengde han midt framfor domstolen. Men Gallio brydde seg ikkje det minste um alt dette.
18 Paulus drygde der endå ei lang tid; so bad han farvel med brørne og siglde av stad til Syria i fylgje med Priskilla og Akvilas; men fyrst hadde han i Kenkreæ klypt håret sitt; for han hadde ein lovnad på seg.
19 So kom dei til Efesus. Der let han dei andre vera att. Sjølv gjekk han inn i synagoga og gav seg til å røda med jødane;
20 men då dei bad han drygja der lenger, bad han seg undan
21 og baud farvel med dei ordi: Eg skal koma att til dykk ein annan gong um Gud vil. So la han ut frå Efesus.
22 Då han kom til Cesarea, gjekk han upp og helsa på kyrkjelyden; so for han ned til Antiokia.
23 Der vart han verande ei tid, men tok so ut att, og drog gjenom Galatar-landet og Frygia frå ende til ende og styrkte alle læresveinane.
24 Ein jøde som heitte Apollos og var fødd i Aleksandria, kom til Efesus; han var ein ordhag mann og stød i skriftene.
25 Han hadde fenge kunnskap um Herrens veg, og brennande i åndi som han var, tala og lærde han grant um Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen.
26 Han tok til å tala fritt og ope i synagoga; men då Priskilla og Akvilas hadde høyrt han, tok dei han med seg heim og greidde ut grannare for han um Guds veg.
27 Sidan fekk han hug til å fara yver til Akaia, og brørne talde han til, og skreiv til læresveinane der at dei skulde taka vel imot han. Då han kom dit, vart han ved Guds nåde til stor hjelp for dei truande.
28 For med stor kraft avsanna han jødane so alle høyrde det, og synte klårleg av skriftene at Jesus er Messias.