Apostlenes gjerninger 15
1 So kom det nokre ovantil Judea og lærde brørne: Dersom de ikkje let dykk umskjera etter den seden som Moses hev skipa, kann de ikkje verta frelste.
2 Det vart ikkje lite tvist og ordkast millom dei og Paulus og Barnabas; men so tok dei den rådi at Paulus og Barnabas og nokre andre av dei skulde fara upp til apostlane og dei eldste i Jerusalem og leggja spursmålet fram for dei.
3 Kyrkjelyden fylgde dei eit stykke på veg; sidan for dei gjenom Fønikia og Samaria, og kvar dei kom, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt um til Gud, og gjorde med det alle brørne ei stor gleda.
4 Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei fagna av kyrkjelyden og apostlane og dei eldste, og sa frå um kor store ting Gud hadde hjelpt dei til å gjera.
5 Då reiste det seg nokre av farisearflokken som hadde teke trui, og sa: Dei lyt umskjerast og segjast fyre at dei skal halda Mose-lovi.
6 So kom apostlane og dei eldste saman og skulde dryfta saki,
7 og det vart eit drjugt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: Brør, de veit at Gud for lang tid sidan valde ut ein millom dykk - han vilde at heidningane gjenom min munn skulde få høyra evangelie-ordet og koma til trui.
8 Og Gud, som kjenner alle hjarto, vitna for dei, med di han gav den Heilage Ande åt dei so vel som åt oss;
9 han gjorde ikkje i nokon måte skil på oss og dei, med di han ved trui reinsa hjarto deira.
10 Kvi vil de då no freista Gud og leggja eit åk på nakken åt læresveinane som korkje federne våre eller me sjølve orka å bera?
11 Nei, det er ved Herren Jesu nåde me trur at me vert frelste, me liksom dei.
12 Då tagde heile flokken og lydde på Barnabas og Paulus medan dei fortalde um alle dei teikn og under Gud hadde hjelpt dei til å gjera millom heidningane.
13 Då dei hadde tagna, tok Jakob til ords og sa: Brør, høyr på meg!
14 Simeon hev greidt ut korleis Gud alt ifrå det fyrste hev sytt for å få seg eit folk av heidningar som skulde bera hans namn.
15 Og det høver vel med ordi åt profetane, soleis som det stend skrive:
16 Sidan vil eg koma att ein gong og byggja upp att Davids falne hytta; det som ligg nedvelt, vil eg byggja upp att, og reisa huset hans på nytt,
17 so alle andre folk skal søkja Herren, ja alle heidning-folki som vert kalla med mitt namn. So segjer Herren som gjer dette,
18 det som han og veit um frå ævords tid.
19 Difor held eg fyre at me ikkje skal gjera det for tungt for dei av heidningane som vender um til Gud,
20 men skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, og frå lauslivnad og frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod.
21 For Moses hev frå gamal tid i alle byar dei som forkynner han - kvar sabbat vert han upplesen i synagogone.
22 Då tok dei den rådi, apostlane og dei eldste, og saman med dei heile kyrkjelyden, at dei vilde velja ut nokre menn millom seg og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas som vart kalla Barsabbas, og Silas - båe desse var høgvyrde menn millom brørne -
23 og gav dei eit brev med, som lydde so: Apostlane og eldstebrørne helsar brørne av heidning-folki i Antiokia og Syria og Kilikia.
24 Etter di me hev høyrt at nokre som kom frå oss, hev gjort dykk rådville med ordi sine og sett uro i sjelene dykkar - frå oss hadde dei ingi fullmakt -
25 so hev me samstelte teke den rådi å velja ut nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus,
26 menn som hev våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn.
27 So sender me då Judas og Silas; dei skal og med sin munn bera bod um det same.
28 For den Heilage Ande og me hev teke ved at det ikkje skal leggjast på dykk andre tyngslor enn dette som er naudsynt:
29 at de lyt halda dykk ifrå avgudsoffer og blod og kjøt av dyr som er strøypte, og lauslivnad. Tek de dykk stødt i vare for det, vil de hava det godt. Lev vel!
30 So sende dei mennene i veg, og dei kom til Antiokia. Der kalla dei i hop heile kyrkjelyden og gav dei brevet.
31 Dei las det, og vart glade for den trøysti det gav.
32 Judas og Silas, som sjølve var profetar, trøysta brørne med mange ord og styrkte dei.
33 Då dei hadde vore der ei tid, let brørne dei få fara heim att til dei som hadde sendt dei, og ynskte dei lukka på ferdi;
34 men Silas rådde seg til å vera att.
35 Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og lærde og forkynte Herrens ord i evangeliet i lag med mange andre.
36 Men då det leid um ei tid, sa Paulus til Barnabas: Kom, lat oss fara attende til alle dei byane der me hev forkynt Herrens ord, og sjå til brørne der, korleis dei hev det!
37 Barnabas vilde taka Johannes og med, han som dei kalla Markus;
38 men Paulus tykte ikkje dei skulde taka han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde fylgt dei til arbeidet deira.
39 Det vart ein kvass strid millom dei, so dei skildest frå kvarandre. Barnabas tok Markus med seg og siglde av stad til Kypern;
40 men Paulus valde Silas til sin fylgjesvein og tok i veg, etter at brørne hadde bede Guds nåde yver han.
41 Han for igjenom Syria og Kilikia og styrkte kyrkjelydane.