Apostlenes gjerninger 10
1 I Cesarea budde det ein mann som heitte Kornelius; han var hovudsmann i den herflokken dei kalla Italia-flokken.
2 Han var ein gudleg mann; han ottast Gud, både han og heile hans hus, mange sælebotsgåvor gav han åt folket, og bad allstødt til Gud.
3 Ein dag kring den niande timen hadde han ei syn: han såg skilleg ein Guds engel som kom inn til han og sa: Kornelius!
4 Kornelius stirde på han og vart redd; so spurde han: Kva vil du, Herre? Engelen svara: Bønene og sælebotsgåvone dine hev stige upp til Gud som eit minningsoffer;
5 send no folk til Joppe og henta ein mann som heiter Simon og hev tilnamnet Peter!
6 Han bur hjå ein garvar som heiter Simon og hev eit hus utmed sjøen.
7 Då engelen som tala til han, var faren burt, kalla han til seg tvo av huskarane sine og ein hermann som var gudleg, ein av dei som var med han stødt.
8 Han fortalde dei alt, og sende dei so av stad til Joppe.
9 Andre dagen, medan mennene var på vegen - dei var alt komne burtimot byen - gjekk Peter upp på taket og vilde beda; det var ikring den sette timen.
10 Best det var, vart han svolten og vilde få seg noko mat; medan dei no stelte til maten, kom det ei burtrykning på han,
11 og han ser himmelen open og noko som kjem dalande ned - det syntest vera ein stor linduk, som vart fira ned på jordi etter dei fire hyrno sine;
12 i den fanst alle slag firføtte og krjupande dyr som lever på jordi, og alle slag fuglar som flyg uppunder himmelen.
13 Og det kom ei røyst som sa: Statt upp, Peter! Slakta og et!
14 Nei, nei, Herre! svara Peter; aldri hev eg ete noko vanheilagt eller ureint.
15 Då kom det på nytt att ei røyst som sa til han: Det som Gud hev lyst reint, skal ikkje du halda for vanheilagt!
16 Dette hende tri gonger etter einannan; og straks etter vart duken teken upp att til himmelen.
17 Som no Peter var rådvill og ikkje visste kva ho skulde tyda den syni han hadde set, då kom dei mennene Kornelius hadde sendt; dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten
18 og ropa inn og spurde um Simon budde der, han som hadde tilnamnet Peter.
19 Og medan Peter endå grunda på syni, sa Anden til han: Her er tri menn som leitar etter deg.
20 Gjer deg reidug og gakk ned og fylg med dei! Ver ikkje tvihuga; for det er eg som hev sendt dei!
21 Då gjekk Peter ned og sa til mennene: Eg er den som de leitar etter; kva er ærendi dykkar?
22 Dei svara: Hovudsmannen Kornelius, ein rettferdig mann, som ottast Gud og hev godt lov av heile jødefolket, hev fenge det bodet av ein heilag engel at han skulde henta deg heim til seg og høyra kva du hev å segja.
23 So bad han dei inn og fagna dei vel. Dagen etter gjorde han seg reidug og tok av stad i lag med dei, og nokre av brørne i Joppe fylgde han.
24 Andre dagen kom dei til Cesarea. Kornelius venta dei og hadde kalla i hop skyldfolket sitt og dei beste venene sine.
25 Som no Peter vilde stiga inn i huset, kom Kornelius imot han og la seg å gruve for han og helsa han med stor age.
26 Men Peter reiste han upp og sa: Statt upp! Eg er og berre eit menneske.
27 Medan dei so rødde med kvarandre, gjekk han inn. Men då Peter såg alle dei som hadde samla seg der,
28 sa han til dei: De veit at ein jødisk mann ikkje hev lov til å halda lag med nokon som høyrer til eit anna folk, eller ganga inn i huset til dei. Men meg hev Gud synt at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint.
29 Difor kom eg og utan motmæle med det same eg fekk bodet. Og no vilde eg få spyrja kvifor de hev sendt bod etter meg.
30 Kornelius svara: For fire dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt - det var ved dette leitet, i den niande timen - då stod det med ein gong ein mann framfor meg i skinande kvite klæde.
31 Kornelius, segjer han, Gud hev høyrt bøni di og hev kome i hug sælebotsgåvone dine.
32 Send no bod til Joppe og kalla hit til deg Simon, som hev tilnamnet Peter! Han bur hjå Simon, ein garvar, utmed sjøen; han skal tala til deg når han kjem.
33 Då sende eg straks bod til deg, og du gjorde vel som kom. So stend me no alle her for Guds åsyn og vilde gjerne få høyra alt som Herren hev sagt deg fyre.
34 Då tok Peter til ords og sa: No skynar eg i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk,
35 men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, kva folkeslag dei so er av.
36 Det ordet han sende ut til Israels-borni, med di han i evangeliet forkynte fred ved Jesus Kristus - han er Herre yver alle -
37 det ordet kjenner de, det som tok til i Galilea etter dåpen som Johannes kalla til, og sidan gjekk ut yver heile Judea -
38 det um Jesus frå Nasaret, korleis Gud salva han med den Heilage Ande og med kraft, og korleis han gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle dei som djevelen hadde fenge i si makt; for Gud var med han.
39 Og me er vitne um alt det han gjorde både rundt ikring i landet åt jødane og i Jerusalem. Honom hengde dei upp på eit tre og tok han av dage.
40 Men tridje dagen vekte Gud han upp att, og let han få syna seg,
41 ikkje for heile folket, men for dei vitni som Gud fyreåt hadde valt seg ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter han hadde stade upp frå dei daude.
42 Og han sette oss fyre at me skulde gjera det kunnigt for folket og bera vitne um at han er den som Gud hev etla til domar yver levande og daude.
43 Um han vitnar alle profetane at kvar den som trur på han, fær forlating for syndene sine ved hans namn.
44 Fyrr Peter hadde tala ut, fall den Heilage Ande på alle dei som høyrde talen hans.
45 Og alle dei truande som var umskorne og var komne i fylgje med Peter, vart forfærde for di den Heilage Ande hadde vorte gjeven åt heidningane med og rend ut yver dei;
46 for dei høyrde dei tala med tungor og lovprisa Gud.
47 Då tok Peter soleis til ords: Tru nokon kann meinka dei vatnet, so dei ikkje kann verta døypte, desse som hev fenge den Heilage Ande liksom me?
48 Og han sa til at dei skulde døypast i Jesu Kristi namn. So bad dei han vera der nokre dagar.