«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' tredje brev 1

1  Den eldste - til den kjære Gajus, som eg elskar i sanning.

2  Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må leva vel og hava helsa, liksom di sjel lever vel.

3  For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, soleis som du ferdast i sanning.

4  Eg hev ingi større gleda enn det at eg høyrer mine born ferdast i sanningi.

5  Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, endå dei er framande,

6  og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper dei i veg, so det sømer seg for Gud;

7  for det var for hans namns skuld dei drog ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningane.

8  Me er då skuldige til å taka oss av slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi.

9  Eg hev skrive noko til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom dei, tek ikkje imot oss.

10  Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord, og ikkje nøgd med det tek han ikkje sjølv imot brørne, og dei som det vil, hindrar han og støyter dei ut or kyrkjelyden.

11  Kjære, fylg ikkje vonde fyredøme, men gode! Den som gjer godt, er av Gud; den som gjer det vondt, hev ikkje set Gud.

12  Demetrius hev godt lov av alle, og av sjølve sanningi; ogso me gjev han godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant.

13  Eg hadde mangt å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva til deg med blekk og penn;

14  men eg vonar å få sjå deg snart, og då skal me talast ved munnleg.

15  Fred vere med deg! Venene helsar deg. Helsa venene med namn!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23