«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' andre brev til Timoteus 4

1  Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus, som skal døma levande og daude, og ved hans openberring og hans rike:

2  Forkynn ordet, ver reidug i tid og i utid, yvertyd, refs, påminn med alt langmod og læra!

3  For det skal koma ei tid då dei ikkje toler den heilsame læra, men etter sine eigne lyster taka seg sjølve lærarar i folketal, av di dei kleiar dei i øyra,

4  og dei skal venda øyra frå sanningi og venda seg til eventyr.

5  Men ver du edru i alle ting, lid vondt, gjer ein evangeli-forkynnars gjerning, fullfør di tenesta!

6  For eg vert alt ofra, og tidi for mi avferd stundar til.

7  Eg hev stridt den gode striden, eg hev fullenda laupet, eg hev halde trui.

8  So ligg då rettferdskransen reidug til meg, den som Herren, den rettferdige domaren, skal gjeva meg på hin dagen, og ikkje berre meg, men alle som hev elska hans openberring.

9  Gjer deg umak med å koma snart til meg!

10  For Demas forlet meg av kjærleik til den noverande verdi og for til Tessalonika, Kreskens til Galatia, Titus til Dalmatia.

11  Lukas er åleine hjå meg. Tak Markus med deg hit! for han er meg nyttig til tenesta.

12  Tykikus hev eg sendt til Efesus.

13  Når du kjem, so tak med deg den kåpa som eg let att i Troas hjå Karpus, og bøkene, serleg skinnbøkene!

14  Koparsmeden Aleksander gjorde meg mykje vondt. Herren kjem til å løna han etter hans gjerningar.

15  Akta deg for han du og! for han stod hardt imot våre ord.

16  Ved mitt fyrste forsvar møtte ingen med meg, men alle forlet meg. Gjev det ikkje må verta dei tilrekna!

17  Men Herren stod med meg og styrkte meg, so forkynningi skulde verta fullførd ved meg og alle folkeslag få høyra henne, og eg vart utfria or løvegapet.

18  Herren skal fria meg frå all vond gjerning og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Honom vere æra i all æva! Amen.

19  Helsa Priska og Akvilas og Onesiforus' hus!

20  Erastus vart att i Korint. Trofimus let eg etter meg sjuk i Milet.

21  Gjer deg umak med å koma fyre vinteren! Eubulus og Pudens og Linus og Klaudia og alle brørne helsar deg.

22  Herren Jesus vere med di ånd! Nåden vere med dykk!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23