Paulus' andre brev til Timoteus 3
1 Men dette skal du vita at i dei siste dagar skal det koma vande tider.
2 For folk skal då vera sjølvkjære, pengekjære, storordige, stormodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame, vanheilage,
3 ukjærlege, upålitande, baktalande, umåtelege, umilde, utan kjærleik til det gode,
4 svikefulle, framfuse, ovmodige, slike som elskar lystene sine meir enn Gud,
5 som hev skin av gudlegdom, men forneittar hans kraft - og dei skal du venda deg ifrå.
6 For til dei høyrer dei som lurer seg inn i husi og fangar kvinnfolk som er tyngde med synder og vert drivne av mangeslag lyster
7 og alltid lærer og aldri kann koma til å kjenna sanningi.
8 Som Jannes og Jambres stod imot Moses, so stend dei og imot sanningi, menneske som er øydelagde i hugen og duglause i trui.
9 Men dei skal ikkje koma lenger; for deira fåvit skal verta synbert for alle, liksom det og vart med hine.
10 Men du hev fylgt etter mi læra, mi åtferd, mitt forset, mi tru, mitt langmod, min kjærleik, mitt tolmod,
11 mine forfylgjingar, mine lidingar, slike som møtte meg i Antiokia, i Ikonium, i Lystra; slike forfylgjingar hev eg halde ut, og Herren hev fria meg ut or dei alle.
12 Og alle som vil leva gudleg i Kristus Jesus, skal verta forfylgde.
13 Men vonde menneske og slike som kverver syni på folk, gjeng fram til det som er verre; dei fører vilt og fer vilt.
14 Men vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um! for du veit kven du hev lært det av,
15 Og du kjenner heilt frå barndomen av dei heilage skriftene, som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus.
16 Heile skrifti er innanda av Gud og er gagnlege til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,
17 so gudsmennesket kann verta fullkome, dugleg til all god gjerning.