«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' andre brev til Timoteus 1

1  Paulus, ved Guds vilje Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden um livet i Kristus Jesus

2  - til Timoteus, min kjære son: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!

3  Eg takkar Gud, som eg alt frå forfederne tener med eit reint samvit, liksom eg uavlatande kjem deg i hug i mine bøner natt og dag,

4  og når eg minnest tårone dine, lengtar eg etter å sjå deg, so eg kann verta fyllt med gleda,

5  etter di eg hev vorte mint um den skrymtlause trui som er i deg, Denne som fyrst budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og som eg er viss på ho bur i deg og.

6  Difor minner eg deg um og kveikja upp att den Guds nådegåva som er i deg ved mi handpåleggjing.

7  For Gud gav oss ikkje ei ånd som verkar modløysa, men ei som verkar kraft og kjærleik og tukt.

8  Skjemmast difor ikkje ved vår Herres vitnemål eller ved meg, hans fange, men lid vondt med meg for evangeliet i Guds kraft,

9  han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider,

10  men no er openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring, han som gjorde dauden til inkjes og førde liv og uforgjengelegdom fram for ljoset ved evangeliet;

11  og for det er eg sett til forkynnar og apostel og lærar for heidningar.

12  Difor lid eg og dette, men eg skjemmest ikkje ved det; for eg veit kven eg hev sett mi tru til, og eg er viss på at han er mektig til å taka vare på det som er yvergjeve til meg, til hin dagen.

13  Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus!

14  Tak vare på den fagre skatten som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss!

15  Du veit dette at alle dei i Asia vende seg frå meg, og millom dei er Fygelus og Hermogenes.

16  Herren vise miskunn mot Onesiforus' hus! for han hugga meg ofte og skjemdest ikkje ved lekkjone mine;

17  men då han var komen til Rom, leita han med stor umak etter meg og fann meg.

18  Herren gjeve at han må finna miskunn hjå Herren på hin dagen! Og kor mykje han var til tenesta i Efesus, det veit du sjølv best.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23