Paulus' andre brev til Tessalonikerne 3
1 Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må hava framgang og koma til æra liksom hjå dykk,
2 og at me må verta utfria frå dei ulikelege og vonde menneske; for trui er ikkje kvar manns sak.
3 Men Herren er trufast; han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.
4 Me hev den tiltru til dykk i Herren at de både gjer og kjem til å gjera det som me byd dykk.
5 Og Herren styre dykkar hjarto til å elska Gud og til å venta på Kristus med tolmod!
6 Men me byd dykk, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn at de held dykk burte frå kvar ein bror som ferdast uskipeleg og ikkje etter den lærdomen som dei fekk av oss.
7 For de veit sjølve korleis de skal etterfylgja oss; for me levde ikkje uskipeleg millom dykk;
8 me åt ikkje heller brød hjå nokon for inkje, men i strev og møda arbeidde me natt og dag; so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla;
9 ikkje for at me ikkje hev rett til det, men at me kunde gjeva dykk eit fyredøme i oss sjølve, so de skulde etterfylgja oss;
10 for då me var hjå dykk, baud me dykk og det at um nokon ikkje vil arbeida, skal han heller ikkje eta.
11 For me høyrer at sume millom dykk ferdast uskipeleg og ikkje arbeider, men fer med slikt som ikkje kjem dei ved.
12 Men slike byd og påminner me i Herren Jesus Kristus at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød.
13 Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som rett er!
14 Men um nokon ikkje lyder vårt ord her i brevet, so merk dykk han, so han må blygjast,
15 og haldt han ikkje for ein fiende, men påminn tal han som ein bror.
16 Men han, fredens Herre, gjeve dykk fred alltid, i alle måtar. Herren vere med dykk alle!
17 Helsing med mi, Paulus' hand; dette er eit merke i kvart brev; soleis skriv eg:
18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!