Paulus' andre brev til Tessalonikerne 1
1 Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane, i Gud, vår Fader og Herren Jesus Kristus:
2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!
3 Me skyldar å takka Gud alltid for dykk, brør, som rett er, for di dykkar tru veks rikleg, og kjærleiken de hev til kvarandre, vert større hjå kvar og ein av dykk alle,
4 so at me sjølve rosar oss av dykk i Guds kyrkjelydar for dykkar tolmod og tru i alle dykkar forfylgjingar og dei trengslor som de held ut
5 - eit fyrebod um Guds rettferdige dom - so de skal verta funne verdige til Guds rike, det som de og lid for,
6 so visst som det er rettferdig for Gud å gjeva dei trengsla att som trengjer dykk,
7 og gjeva dykk som vert trengde, ro saman med oss, når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar,
8 med logande eld, når han tek hemn yver dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje lyder vår Herre Jesu evangelium,
9 dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burte frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom,
10 når han kjem på den dagen og vil syna seg herleg i sine heilage og underfull i alle dei truande - for vårt vitnemål til dykk vart motteke med tru.
11 Difor bed me og alltid for dykk at vår Gud må finna dykk verdige til kallet og kraftigt fylla dykk med all hug til det gode og verksemd i trui,
12 so vår Herre Jesu namn må verta herleggjort i dykk, og de i han, etter vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.