Andre Samuelsbok 9
1 Ein dag sa David: Tru det endå er nokon att av Sauls-ætti? - då vil eg gjera vel mot han for Jonatans skuld.
2 No hadde Sauls-ætti ein tenestmann som heitte Siba. Han vart kalla fram for David, og kongen sa til han: Er du Siba? Han svara: Ja, tenaren din heiter so.
3 Då sa kongen: Er det ingen att meir av Sauls-ætti, so eg kann få gjort Guds miskunn mot han? Siba svara: Det er att ein son åt Jonatan, ein som er lam i båe føtene.
4 Kongen spurde: Kvar er han? Siba svara: Han er hjå Makir Ammielsson i Lo-Debar.
5 Då sende kong David bod etter han. Dei som bar bodet, fann han i Lo-Debar, hjå Makir Ammielsson, og tok han med seg attende.
6 Då han - Mefiboset, son åt Jonatan Saulsson - kom inn til David, la han seg på kne og bøygde seg med andletet mot jordi, og David sa: Mefiboset! Han svara: Ja, her er tenaren din.
7 David sa til han: Du tarv ikkje reddast; eg vil gjera vel mot deg for skuld Jonatan, far din; eg vil lata deg få att all jordeigedomen som Saul, farfar din, hev havt, og du skal allstødt eta ved mitt bord.
8 Då bøygde han seg atter og sa: Kva er eg, tenaren din? Kvifor bryr du deg um ein daud hund som meg?
9 So sende kongen bod etter Siba, han som hadde vore tenaren åt Saul, og sa til han: Alt det som hev høyrt Saul og heile ætti hans til, gjev eg son åt husbonden din.
10 Du skal bruka jordi for han, du og sønene og drengene dine, og hausta inn det ho ber; det skal vera til kost og levemåte for son åt husbonden din; men sjølv skal Mefiboset, son åt husbonden din, allstødt eta ved mitt bord. Siba hadde femtan søner og tjuge drenger.
11 Han svara kongen so: Tenaren din skal i alle måtar gjera som du, herre konge, segjer tenaren din fyre. Men Mefiboset skal eta ved mitt bord, liksom han var ein av kongssønene [sa kongen].
12 Mefiboset hadde ein liten son som heitte Mika. Elles var alt husfolket åt Siba tenarar for Mefiboset.
13 Men sjølv budde Mefiboset i Jerusalem, av di han stendigt åt ved kongens bord; og han var lam i båe føtene.