«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Samuelsbok 7

1  Ein dag kongen sat i huset sitt, etter Herren hadde gjeve han ro for alle uvenene hans rundt ikring,

2  sa han til Natan, profeten: Sjå her sit eg i eit hus av sedertre, medan Guds kista stend i ei tjeldbu.

3  Natan svara: Gjer du berre alt som du hev i tankar! For Herren er med deg.

4  Men natti etter kom Herrens ord til Natan, og det lydde so:

5  Gakk og seg til David, tenaren min: So segjer Herren: Skulde du byggja meg eit hus til å bu i?

6  Eg hev då ikkje butt i hus alt ifrå den dag eg førde Israels-borni upp frå Egyptar-land, og til no! Allstødt flutte eg ikring i eit tjeld, i eit tabernakel.

7  Men kvar eg so flutte ikring med alle Israels-borni, sa eg då aldri det til nokor av Israels-ættene - dei som eg hadde sett til å vakta Israel, folket mitt -: Kvifor hev de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?

8  Og no skal du segja so til David, tenaren min: So segjer Herren, allhers Gud: Eg henta deg frå hamnegangen, der du fylgde saueflokken, so du skulde verta fyrste yver Israel, folket mitt.

9  Eg var med deg kvar du gjekk og stod, og rudde ut alle uvenene dine for deg, og eg hev late deg vinna eit namn so stort som dei største på jordi.

10  Og eg hev stelt til ein bustad åt Israel, folket mitt; der hev eg sett dei ned, so dei bur i heimen sin og aldri vert uroa meir, og valdsmenner ikkje plagar dei meir, liksom fyrr i verdi,

11  alt ifrå den dag eg sette domarar yver Israel, folket mitt, og eg hev gjeve deg ro for alle uvenene dine. Og no forkynner Herren deg at Herren vil byggja eit hus åt deg.

12  Når dagane dine er lidne, og du kviler hjå federne dine, då vil eg etter deg reisa upp son din som skal koma av ditt eige blod, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.

13  Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til æveleg tid.

14  Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Når han gjer det som vondt er, vil eg tukta han med manneris og med plagor som kann råma manneborni;

15  men mi miskunn skal eg ikkje taka frå han, soleis som eg gjorde med Saul, han som eg let vika undan for deg.

16  Stødt skal ditt hus og ditt kongedøme standa for di åsyn til æveleg tid; din kongsstol skal vera uruggeleg i all æva.

17  Alle desse ordi og heile denne syni bar Natan fram for David.

18  Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: Kven er eg, Herre, Herre, og kva er mi ætt, at du hev leidt meg alt hit?

19  Og endå syntest dette deg for lite, Herre, Herre, so du jamvel hev tala um ætti åt tenaren din langt fram i tidi. Og dette er lovi for menneskja, Herre, Herre!

20  Kva skal so David tala til deg um meir? Du kjenner sjølv tenaren din, Herre, Herre!

21  For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarta hev du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din.

22  Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt me hev høyrt og spurt.

23  Og kvar finst det på jordi eit folk som ditt folk - som Israel - eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk, so han kunde vinna seg eit stort namn og gjera dette store for dykk og agelege verk for landet ditt, for ditt folk skuld som du løyste ut or Egyptar-land, frå heidningfolk og gudane deira?

24  Du laga Israel, folket ditt, åt deg, so det skulde vera ditt folk i all æva, og du, Herre, vart deira Gud.

25  So lat det no verta sannrøynt i all æva, Herre Gud, det ordet du hev tala yver tenaren din og ætti hans, og gjer som du hev sagt!

26  Då vert namnet ditt stort i all æva, so dei kjem til å segja: Herren, allhers Gud, han er Gud yver Israel. Og huset åt David, tenaren din, kjem til å standa stødt for di åsyn.

27  For du, Herre, allhers Gud, Israels Gud, hev vitra tenaren din um at du vil byggja meg eit hus. Difor hev eg, tenaren din, våga meg til å bera denne bøni fram for deg.

28  Og no, Herre, Herre, du er Gud, og ordi dine lyt sannast, og du hev lova tenaren din denne lukka.

29  So lat det no tekkjast deg å velsigna huset åt tenaren din, so det må stanna urugga for di åsyn til æveleg tid! For du, Herre, Herre, hev tala, og for di velsigning skuld kjem huset åt tenaren din til å vera velsigna i all æva.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23