«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Samuelsbok 6

1  Um eit bel samla David på nytt lag alt det utvalde mannskapet i Israel - tretti tusund mann.

2  Og David og alt folket som var med han, tok ut og for frå Ba'ale-Juda*, vilde føra Guds kista upp derifrå, den kista som Herrens namn vert nemnt yver - namnet åt Herren, allhers Gud, han som tronar på kjerubane.**

3  Dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne burt or Abinadabs hus, som låg på haugen; Ussa og Ahjo, sønene hans Abinadab, køyrde den nye vogni.

4  Soleis førde dei Guds kista burt or Abinadabs hus, som låg på haugen, og fylgde sjølve med; og Ahjo gjekk fyre kista.

5  Og David og heile Israels-ætti dansa og leika for Herrens åsyn til alle slag spel av cypresstre, både citarar og harpor og trummor og bjøllor og cymblar.

6  Men då dei kom til treskjestaden åt Nakon, rette Ussa ut handi og tok fat i Guds kista, av di uksane var ustyrlege.

7  Då loga Herrens harm upp mot Ussa, og Guds hand råma han der for misgjerdi hans, so han døydde der innmed Guds kista.

8  Det gjekk hardt inn på David at Herren hadde slege Ussa ned; difor kalla dei den staden Peres-Ussa*, og det namnet hev halde seg til denne dag.

9  Den dagen vart David redd Herren og sa: Det er ikkje råd at Herrens kista kann koma inn til meg!

10  Han vilde ikkje flytja Herrens kista upp til seg i Davids-staden, men let dei føra henne burt til huset åt Obed-Edom, som var frå Gat.

11  Der - hjå Obed-Edom - vart Herrens kista standande i tri månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile hans hus.

12  Med same kong David fekk vita at Herren hadde velsigna huset åt Obed-Edom og all hans eigedom for Guds kista skuld, drog han av stad og henta Guds kista or huset åt Obed-Edom og upp til Davids-staden med stor fagnad.

13  Då dei som bar henne, hadde gjenge seks steg fram, ofra han uksar og gjødkalvar.

14  Og sjølv dansa han av all makt for Herrens åsyn, klædd i ei prestekåpa av lereft.

15  Soleis henta David og heile Israels-ætti Herrens kista upp med fagnadrop og lurlåt.

16  Men då Herrens kista vart boren inn i Davids-staden, bar de so til at Mikal Saulsdotter skoda ut igjenom vindauga. Då såg ho korleis kong David hoppa og dansa for Herrens åsyn, og ho vanvyrde han i sitt hjarta.

17  So førde dei då Herrens kista inn og sette henne på sin stad midt i den tjeldbui som David hadde reist åt henne. David ofra brennoffer for Herrens åsyn og takkoffer,

18  og då han hadde fullført ofringi, lyste han velsigning yver folket i namnet åt Herren, allhers Gud.

19  So skifte han ut åt heile folket, åt heile mengdi i Israel, både karar og kvinnor, eit kakebrød og eit stykke kjøt og ei rosinkaka til manns. Sidan tok heile landslyden ut att og for kvar til sin heim.

20  Då David kom heim att og vilde velsigna huslyden sin, gjekk Mikal Saulsdotter ut imot han og sa: Kor høgt Israels konge hev vorte æra i dag - han som i dag nækte seg for augo på tenestgjentone åt tenarane sine, som laust folk hev for vis!

21  David svara: For Herrens åsyn, han som valde meg ut framum far din og heile hans hus og sette meg til fyrste yver Herrens folk, yver Israel - for Herrens åsyn var det eg dansa;

22  og eg vil gjera meg endå ringare enn denne gongen og verta liten i mine eigne augo, og dei tenestgjentone du tala um - saman med dei vil eg verta æra.

23  Men Mikal Saulsdotter vart verande barnlaus alt til sin døyande dag.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23