«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Samuelsbok 4

1  Då Sauls-sonen fekk høyra at Abner hadde mist livet i Hebron, seig han reint i hop, og heile Israel vart forstøkt.

2  Hjå Sauls-sonen var det tvo menner som var hovdingar for herjeflokkar. Den eine heitte Ba'ana og hin Rekab; dei var søner åt Rimmon frå Be'erot og høyrde til Benjamins-borni; for Be'erot vart og rekna til Benjamin

3  etter Be'erot-buane hadde rømt til Gitta'im, der dei hev halde til alt til denne dag.

4  Jonatan Saulsson hadde ein son som var lam i båe føtene. Han var fem år gamal då utidendi um Saul og Jonatan kom frå Jisre'el. Barnfostra tok han på armen og rømde; men medan ho skunda seg å koma av stad, gjekk det so til at han datt ned og vart lam. Mefiboset* heitte han.

5  Ein dag kom Rekab og Ba'ana, sønene åt Rimmon frå Be'erot, i heitaste solvarmen til huset åt Isboset, medan han heldt middagskvild.

6  Dei lest vilja henta kveite; på den måten kom dei heilt inn i huset, og so såra dei han i livet. Sidan kom dei seg undan både Rekab og Ba'ana, bror hans.

7  Dei kom inn i huset medan han låg på sengi i soveromet sitt, og gav han banesår og hogg hovudet av han; det tok dei med seg, og so gjekk dei heile natti etter vegen som ber gjenom moane.

8  Dei kom til David i Hebron med hovudet hans Isboset og sa til kongen: Her er hovudet hans Isboset, son åt Saul, han som var uvenen din og stod deg etter livet. Herren hev i dag gjeve deg hemn yver Saul og ætti hans, herre konge.

9  Men David svara Rekab og Ba'ana, sønene åt Rimmon frå Be'erot, soleis: So visst som Herren lever, han som hev fria meg ut or all fåre:

10  Den mannen som bar tidend til meg at Saul var avliden, og som tenkte at han kom med fagnadbod, Han let eg gripa og drepa i Siklag - han som eg skulde ha gjeve løn for fagnadbod.

11  Enn når gudlause menner drep ein rettvis mann i hans eige hus og hans eigi seng - lyt eg ikkje då krevja blodet hans av dykkar hender og rydja dykk ut or landet?

12  So tala han med sveinane sine, og dei slo Rimmons-sønene i hel og hogg hendene og føtene av dei; sidan hengde dei dei upp attmed Hebron-tjørni. Men hovudet hans Isboset tok dei og jordfeste i gravi åt Abner i Hebron.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23