Andre Samuelsbok 3
1 Striden millom Sauls-ætti og Davids-ætti vart drjug, og David vart sterkare og sterkare, men Sauls-ætti veikare og veikare.
2 David fekk seks søner i Hebron: Fyrste sonen sin, Amnon, fekk han med Akinoam frå Jisre'el,
3 den andre, var Kilab*, med Abiga'il, enkja etter Nabal frå Karmel. Den tridje, Absalom, var son åt Ma'aka, som var dotter åt Talmai, kongen i Gesur.
4 Den fjorde, Adonja, var son åt Haggit. Den femte heitte Sefatja og var son åt Abital.
5 Den sette heitte Jitream; mor hans heitte Egla; ho og var kona åt David. Desse sønene fekk David i Hebron.
6 Medan striden stod på millom Sauls-ætti og Davids-ætti, studde Abner Sauls-ætti.
7 No hadde Saul havt ei fylgjekona som heitte Rispa Ajasdotter. So var det ein gong Isboset sa til Abner: Kvifor hev du halde deg med fylgjekona åt far min?
8 Då Abner fekk høyra slike ord av Isboset, vart han harm og sa: Er eg ein hundehaus som held med Juda? Den dag i dag gjer eg vel mot ætti åt Saul, far din, mot brørne og venene hans; eg hev verna deg so du ikkje skulde falla i hendene på David, og so gjev du meg no lastord for denne kvinna skuld!
9 Gud late Abner bøta både no og sidan um eg ikkje gjer det for David som Herren hev lova han,
10 og tek kongedømet frå Sauls-ætti og reiser Davids kongsstol yver både Israel og Juda, frå Dan til Be'erseba.
11 Og Isboset torde ikkje svara eit ord, so redd var han Abner.
12 So sende Abner nokre menner til David; dei skulde bera bod frå han og segja: Kven er det som eig landet? So skulde dei segja: Gjer samband med meg, so skal eg hjelpa deg og få heile Israel til å ganga yver til deg.
13 David svara: Det er vel; eg skal gjera samband med deg; berre ein ting krev eg av deg: at du ikkje kjem for augo mine utan du hev med deg Mikal Saulsdotter.
14 So sende han bod til Isboset Saulsson med dei ordi: Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med huveholdi av hundrad filistarar!
15 Då sende Isboset bod og henta henne hjå Paltiel La'isson, mannen hennar.
16 Mannen fylgde med og gjekk gråtande etter henne alt til Bahurim; men Abner sa til han: Gakk din veg! Hav deg heim att! Då for han heim att.
17 Medan hadde Abner tala med styresmennene i Israel og sagt: Alt lenge hev de ynskt dykk David til konge.
18 So lat han no verta det! For Herren hev sagt um David: Det er David, tenaren min, eg vil lata frelsa Israel, folket mitt, frå filistarane og alle dei andre fiendane deira.
19 Sameleis hadde han tala med Benjamins-borni og, og no for han til Hebron og vilde fortelja David kva Israel og heile Benjamins-ætti hadde rådd seg til å gjera.
20 So kom då Abner til Hebron, til David, med eit fylgje på tjuge mann. David gjorde eit gjestebod for han og dei mennene som var med han,
21 og Abner sa til David: No vil eg fara i veg og stemna heile Israel saman til deg, herre konge, so dei kann gjera samband med deg. Sidan kann du råda so vidt som du vil. So gav David han heimlov, og han for sin veg i fred.
22 Best det var, kom Davids-sveinane og Joab heim frå ei herjeferd og hadde mykje herfang med seg. Abner var då ikkje lenger i Hebron hjå David, av di David hadde gjeve han heimlov, og han hadde fare sin veg i fred.
23 Men vel Joab var heime att med heile herflokken sin, kom folk og sa til han: Abner Nersson hev vore hjå kongen, og kongen let han fara sin veg i fred.
24 Då gjekk Joab inn til kongen og sa: Kva hev du gjort? Eg høyrer Abner hev vore hjå deg; kvifor let du han då fara sin veg?
25 Du kjenner då Abner Nersson! Han kom berre av di han vilde narra deg og for å få greida på alt du tek deg fyre, og alt du tenkjer å gjera.
26 Då Joab kom ut att frå David, sende han nokre menner av stad etter Abner. Dei nådde han att ved Sira-brunnen og fekk han til å snu; men det visste ikkje David.
27 Då so Abner kom attende til Hebron, tok Joab han til sides midt inn i porten og lest vilja tala med han i løynd. Der rende han sverdet inn i buken hans og drap han - han vilde hemna blodet åt Asael, bror sin.
28 Um eit bel fekk David høyra det som var hendt. Då sa han: Det veit eg for visst at Herren aldri vil halda meg og kongedømet mitt saka i blodet åt Abner Nersson.
29 Gjev det må koma att yver Joab og heile ætti hans! Gjev det aldri i Joabs hus må vanta nokon som hev flod eller spillsykja, eller som gjeng med krykkja, eller som fell for sverdet eller som er matlause.
30 Soleis drap Joab og Abisai, bror hans, Abner, for di han hadde felt Asael, bror deira, ved Gibeon i striden.
31 Men David sa til Joab og alt folket som var med han: Riv sund klædi dykkar, sveip dykk i sekk og gakk øyande og jamrande fyre båri åt Abner! Sjølv gjekk kong David etter båri.
32 So bar dei Abner til gravi i Hebron. Kongen gret høgt ved gravi hans, og alt folket gret.
33 Og kongen laga et syrgjekvede um Abner og kvad: Laut Abner døy som ein niding døyr?
34 Med ubundi hand, utan lekkja um fot, som når einkvar fall for farkehand, fall du. - Og alt folket heldt ved og gret yver han.
35 Sidan kom alt folket og vilde få David til å taka mat til seg fyrr dagen leid til ende; men han svor: Gud late meg bøta både no og sidan um eg smakar mat eller noko anna fyrr soli hev gladt!
36 Og alt folket forstod det og lika det godt; alt det kongen gjorde, lika folket godt.
37 Den dagen skyna alt folket og heile Israel at det ikkje var kongen som valda at Abner Nersson vart drepen.
38 Og kongen sa til hirdmennene sine: De veit vel at ein hovding og stor mann er fallen i Israel i dag.
39 Men eg er enno veik og berre salva til konge, og desse karane, Seruja-sønene, er sterkare enn eg. Herren late den som gjer vondt, få lika for det vonde han gjer!