Andre Samuelsbok 24
1 Endå ein gong* vart Herren brennande harm på Israel; han eggja David upp imot dei og sa: Gakk i veg og tel Israel og Juda!
2 Då sa kongen til Joab, herhovdingen sin, som var hjå han: Far gjenom alle Israels-fylki frå Dan og til Be'erseba og tak tal på folket, so eg kann få vita kor mange dei er!
3 Joab svara: Gjev Herren din Gud måtte gjera folket hundrad gonger so mannsterkt som det no, og det medan du sjølv lever og kann få sjå det, herre konge! Men korleis er det laga at du hev fenge hug på dette, herre konge?
4 Men kongen stod fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab og herhovdingane. So drog då Joab og herhovdingane ut i kongens ærend og skulde taka tal på Israels-folket.
5 Dei sette yver Jordan og slo læger innmed Aroer, på høgre sida av den byen som ligg midt i Gadsdalen og burtimot Jaser.
6 So kom dei til Gilead og til låglandet, som nyst var teke; sidan kom dei til Dan-Ja'an* og so rundt ikring burtimot Sidon.
7 So kom dei til Tyrus-borgi og alle hevitar- og kana'anitarbyane. I sudlandet åt Juda, i Be'erseba, enda dei ferdi si.
8 Dei for utyver heile landet. Då ni månader og tjuge dagar var lidne, kom dei attende til Jerusalem,
9 og Joab gav kongen fråsegn um det talet som var kome ut av folketeljingi: I Israel var det åtte hundrad tusund sterke, våpnføre menner, og Juda-mennene var fem hundrad tusund i talet.
10 Men David fekk samvitsagg etter han hadde talt folket. Og han sa til Herren: Eg hev gjort ei stor synd. Men tilgjev no, Herre, misgjerningi åt tenaren din! For eg hev fare fælt uvitug åt.
11 Då David reis upp andre morgonen, kom Herrens ord til profeten Gad, sjåaren åt David, og det lydde so:
12 Gakk til David og tala so til han: Tri vilkår legg eg fyre deg; vel eitt av dei, so skal eg gjera det du vil!
13 So kom Gad til David og bar Herrens bod fram for han og sa: Kva vil du helst: at det skal vera svolt og naud i landet ditt i sju år, eller at du skal ljota røma for uvenene dine i tri månader, medan dei elter deg, eller at det skal koma ei drepsott yver landet ditt i tri dagar? Tenk deg no um og gjer upp med deg sjølv kva du vil eg skal svara han som sende meg?
14 Då sa David: Eg er so hjarteredd; lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor; men i mannehender er eg ikkje huga til å falla.
15 So sende Herren ei drepsott yver Israel, frå morgonen til samlingstidi*. Frå Dan til Be'erseba døydde sytti tusund mann av folket.
16 Og engelen rette ut handi si mot Jerusalem og vilde leggja byen i øyde, då angra Herren på ulukka han hadde sendt, og han sa til engelen som øydde folket: Det er nok! Drag no handi til deg att! Då var Herrens engel komen til treskjevollen åt Aravna, jebusiten.
17 Då David fekk sjå engelen som drap ned folket, sa han til Herren: Det er eg som hev synda, det er eg som hev fare rangt åt! Men desse lambi mine, kva hev dei gjort? Lat heller handi di råma meg og ætti mi!
18 Same dagen kom Gad til David og sa til han: Far upp til treskjevollen åt Aravna, jebusiten, og reis eit altar der åt Herren!
19 Då for David dit upp, soleis som Herren hadde havt Gad til å segja.
20 Som no Aravna såg utyver, fekk han sjå David og mennene hans som kom burtimot han. Då gjekk han ut og kasta seg å gruve for kongen
21 og sa: Kvifor kjem du hit til tenaren din, herre konge? David svara: Eg vil kjøpa treskjevollen av deg og byggja eit altar åt Herren der, so sotti kann halda upp og ikkje skal herja folket lenger.
22 Då sa Aravna: Tak kva du vil og ofra det, herre konge! Sjå her er uksane til brennofferet og treskjesledane og ukse-åki til ved.
23 Alt dette, konge, gjev Aravna kongen. Og han la til: Gjev Herren din Gud må taka vel imot deg!
24 Men kongen svara: Nei, eg vil kjøpa det av deg for pengar. Eg vil ikkje bera fram for Herren min Gud brennoffer som eg hev fenge for inkje. So kjøpte David treskjevollen og uksane for femti sylvsekel*.
25 Og han bygde der eit altar åt Herren og ofra brennoffer og takkoffer. Då høyrde Gud bønene som steig upp frå landet, og sotti heldt upp å herja i Israel.