«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Samuelsbok 23

1  Dette er Davids siste ord: So segjer David, Isai-sonen, so segjer mannen som høgt var sett, som var salva av Jakobs Gud, Israels ljuvlege songar:

2  Herrens Ande talar gjenom meg, og ordi hans er på mi tunga.

3  Israels Gud hev tala, Israels berg hev sagt til meg: Ein rettvis skal råda yver menneskja, ein som rikjer i otte for Gud;

4  han skal likjast på morgonljoset når soli renn, ein skylaus morgon, når graset gror i sol etter regn.

5  For so hev mitt hus det med Gud. Ei æveleg pakt hev han gjort med meg, vel skipa i alle måtar og trygg; all mi frelsa og alt som tekkjest han - viseleg let han det gro fram.

6  Men illmenni, dei er alle lik tornar som vert rudde burt, som folk ikkje tek i med handi;

7  den som kjem nær dei, væpnar seg med jarn og med spjotskaft, og med eld vert dei uppbrende der dei stend.

8  Dette er namni på kjempone åt David: Joseb-Bassebet, takmoniten, hovding yver drabantane; han svinga spjotet sitt yver åtte hundrad falne på ein gong.

9  Etter han kom Eleasar, son åt Dodo, son åt Ahohi; han var ein av dei tri kjempone som var med David då dei hædde filistarane som hadde samla seg der og baud ufred. Israels-mennene drog seg attende,

10  men han reiste seg og hogg innpå filistarane, til handi hans trøytna, so ho stivna til kring sverdet. Den dagen let Herren Israels-mennene vinna ein stor siger, og då folket vende um og fylgde Eleasar, fekk dei ikkje anna å gjera enn å taka dei klædi og våpni som dei falne hadde bore.

11  Etter han kom Samma, son åt Age, harariten. Filistarane hadde ein gong samla seg so dei var ein heil hop. Der var ein tett linse-åker. So rømde folket for filistarane,

12  Då tok Samma støde midt i åkeren og berga han og hogg ned filistarane. Den gongen og let Herren Israels-mennene vinna ein stor siger.

13  Ein gong som det leid til skurdonni, for tri av dei tretti hovdingane nedetter og kom til David i Adullams-helleren. Ein filistarflokk hadde då lægra seg i Refa'im-dalen.

14  David var den gongen sjølv i borgi, og ein av utpostane åt filistarane var i Betlehem.

15  Då fekk David brått ein sterk hug og sa: Gjev einkvar vilde gjeva meg noko vatn frå brunnen som er innmed porten i Betlehem!

16  Dei tri kjempone braut seg gjenom filistarlægret og auste upp vatn or portbrunnen i Betlehem og tok det med seg og kom til David med det. Men han vilde ikkje drikka det - han auste det ut for Herren.

17  Og han sa: Herre, fria meg frå å gjera slikt! Skulde eg drikka blodet åt dei mennene som våga livet sitt på den ferdi? Han vilde ikkje drikka det. Dette gjorde dei tri kjempone.

18  So var det Abisai, bror åt Joab og son åt Seruja; han var hovding yver drabantane. Han svinga spjotet sitt yver tri hundrad falne. Han hadde eit stort namn millom dei tri.

19  Framfor dei tretti var han nok æra og vart hovdingen deira; men han nådde ikkje so høgt som dei tri.

20  So det var Benaja Jojadason; han var son åt ein djerv og dådrik stridsmann frå Kabse'el. Han felte båe løvekjempone frå Moab. Ein snøversdag steig han ned i ein brunn og drap ei løva.

21  Like eins slo han i hel ein egyptar, ein kjempestor kar. Egyptaren hadde eit spjot i handi, men Benaja gjekk på han med staven sin, reiv spjotet ut or handi hans og drap han med hans eige spjot.

22  Dette gjorde Benaja Jojadason. Han hadde eit stort namn millom dei tri kjempone.

23  Framfor dei tretti var han æra, men han nådde ikkje so høgt som dei tri. David gav han rom millom næmaste rådgjevarane sine.

24  Til dei tretti høyrde Asael, bror åt Joab; like eins Elhanan Dodoson frå Betlehem;

25  Samma frå Harod; Elika frå Harod;

26  Heles, paltiten; Ira Ikkesson frå Tekoa;

27  Abieser frå Anatot; Mebunnai av Husa-ætti;

28  Salmon, ahohiten; Maharai frå Netofa;

29  Heleb Ba'ana-son frå Netofa; Ittai Ribaison frå Gibea i Benjamins-fylket;

30  Benaja frå Piraton; Hiddai frå Ga'as-dalane;

31  Abi-Albon, arbatiten; Asmavet frå Barhum;

32  Eljahba, sa'alboniten; Bene-Jasen; Jonatan;

33  Samma av Harar-ætti; Akiam Sararsson av Arar-ætti;

34  Elifelet, son åt Ahasbai, son åt ma'akatiten; Eliam Akitofelsson frå Gilo;

35  Hesro frå Karmel; Pa'arai, arbiten;

36  Jigal Natansson frå Soba; Bani frå Gads-fylket;

37  Selek, ein ammonit; Naharai frå Be'erot, våpensveinen åt Joab Serujason;

38  Ira frå Jattir; Gared frå Jattir;

39  Uria, hetiten - i alt sju og tretti.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23