Andre Samuelsbok 2
1 Sidan spurde David Herren: Skal eg fara upp til ein av byane i Juda-landet? Og Herren svara: Ja. So spurde David: Kvar skal eg taka vegen? Og Herren svara: Til Hebron.
2 Då for David dit med båe konone sine, Akinoam frå Jisre'el og Abiga'il, enkja etter Nabal frå Karmel.
3 Mennene sine - dei som fylgde han - hadde han og med seg, både dei og huslydane deira, og dei busette seg i byane kringum Hebron.
4 Då kom Juda-mennene dit og salva David til konge yver Juda-ætti. Då David fekk høyra at det var folket i Jabes i Gilead som hadde gravlagt Saul,
5 sende han bod til Jabes-buane med sovorne ord: Herren velsigne dykk for di de hev gjort sælebot på Saul, herren dykkar, og bore han til gravi!
6 So vise då Herren dykk miskunn og truskap! Og eg vil og gjera vel mot dykk, for di de hev gjort dette.
7 Ver då uredde og far fram på kara vis! For Saul, herren dykkar, er nok burte, men Juda-ætti hev og salva meg til konge yver seg.
8 Men Abner Nersson, herhovdingen åt Saul, tok Isboset, son åt Saul, med seg yver til Mahana'im
9 og gjorde han til konge yver Gilead og yver asuritane og yver Jisre'el, og Efra'im og Benjamin, og yver heile Israel.
10 Isboset Saulsson var fyrti år gamal då han vart konge yver Israel, og han rådde for riket i tvo år. Det var berre Juda-ætti som heldt seg til David.
11 Og heile den tidi David var konge i Hebron yver Juda-ætti, var sju år og seks månader.
12 Abner Nersson tok ut frå Mahana'im med sveinane åt Isboset Saulsson og for til Gibeon.
13 Joab, son åt Seruja, og sveinane åt David drog og ut. Båe flokkane møttest ved Gibeon-tjørni og slo seg ned på kvar si sida av tjørni.
14 Då sa Abner åt Joab: Skal me ikkje lata gutane stiga fram og halda ein våpenleik for oss? Joab svara: Jau, lat dei det!
15 So reis dei upp og gjekk fram, so mange som skulde: tolv for Benjamins-ætti og Isboset Saulsson og tolv av sveinane åt David.
16 Dei treiv kvarandre i hovudet og rende sverdi i sida på kvarandre, so dei stupte alle saman. Sidan hev denne staden vore kalla Helkat-Hassurim*; han ligg ved Gibeon.
17 Det vart ein ovhard strid den dagen, og Abner og Israels-mennene tapte for sveinane åt David.
18 Dei tri Seruja-sønene, Joab og Abisai og Asael, var og med der. Asael var lettføtt som ei hind i heidi;
19 han sette etter Abner og bøygde ikkje av korkje til høgre eller vinstre, men heldt seg heile tidi i hælane på han.
20 Abner snudde seg og sa: Er det du, Asael? Han svara: Ja.
21 Då sa Abner til han: Bøyg av til kva sida du vil! Grip einkvar av sveinane og tak herklædi og våpni hans! Men Asael vilde ikkje lata vera å elta han.
22 Abner tala til han endå ein gong og sa: Haldt upp å elta meg! Vil du kann henda eg skal slå deg i bakken? Korleis skulde eg då kunna sjå Joab, bror din, i augo?
23 Men han vilde ikkje halda upp. Då rende Abner bakenden av spjotet inn i buken hans, so det gjekk ut gjenom ryggen, og han stupte daud på flekken. Alle som kom til den staden der Asael hadde stupt og døytt, stana eit bel.
24 Men Joab og Abisai heldt på og elte Abner. Då soli var gladd, kom dei til Ammahaugen, som ligg beint imot Giah, der vegen gjeng til Gibeons-øydemarki.
25 Då samla Benjamins-borni seg i ein flokk attum Abner og tok støde på toppen av ein haug.
26 Og Abner ropa til Joab: Skal sverdet aldri halda upp å herja? Skynar du ikkje at dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du drygja fyrr du segjer til folki dine at dei skal halda upp å elta brørne sine?
27 Joab svara: So visst som Gud lever: Hadde du ingen ting sagt*, so skulde folki mine ha fare burt alt frå morgonen, so ingen hadde elt bror sin.
28 So bles Joab i luren, og alle folki hans stana; dei elte ikkje Israels-mennene lenger og heldt ikkje fram med striden.
29 Abner og mennene hans gjekk gjenom moane heile natti; so sette dei yver Jordan og for gjenom heile Bitron og kom til Mahana'im.
30 Då Joab hadde halde upp å elta Abner, samla han alle folki sine. Då vanta det nittan mann av Davids-sveinane umfram Asael.
31 Men Davids-sveinane hadde av Benjamins-ætti og millom Abners folk felt tri hundrad og seksti mann.
32 Dei tok Asael med seg og sette han ned i gravi åt far hans i Betlehem. Heile natti gjekk dei, Joab og mennene hans, og kom til Hebron i dagrenningi.