«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Samuelsbok 19

1  Folk kom og sa til Joab: Kongen gret og syrgjer på Absalom.

2  Sigeren vart den dagen til ei sorg for heile folket, for di dei den dagen fekk høyra at kongen sytte son sin so sårt.

3  Då stal dei seg inn i byen, liksom folk plar stela seg heim når dei skjemmest av di dei hev rømt frå striden.

4  Men kongen heldt kappa si attfor andletet og jamra høgt: Min son Absalom! Absalom, min son, min son!

5  Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa: I dag vanærar du alle mennene dine, dei som i dag hev berga både ditt liv og livet åt sønene og døtterne og konone og fylgjekonone dine;

6  me ser at du elskar dei som hatar deg, og hatar dei som elskar deg; for i dag hev du synt at korkje hovdingar eller hersveinar er til for deg; og eg skynar no at um Absalom levde i dag, og alle me andre var daude, so tykte du det var som det skulde vera.

7  Ris no upp og gakk ut og tala venleg til mennene dine! For eg sver ved Herren at gjeng du ikkje ut, so vert ikkje ein einaste mann verande hjå deg natti yver, og det kjem til å verta verre for deg enn alt vondt du hev røynt frå du var ung og til no.

8  Då reis kongen upp og sette seg i porten. Det vart kunngjort for alt folket at kongen sat i porten; då kom dei alle og gjekk fram for kongen. Men Israels-mennene hadde rømt heim att kvar til seg.

9  Då tok alt folket i alle Israels-fylki til å tretta med kvarandre; dei sa: Det var kongen som fria oss frå uvenene våre og berga oss frå filistarveldet. Nyst laut han røma or landet for Absaloms skuld;

10  men Absalom, som me hadde salva til konge yver oss, er fallen i striden. Kvifor segjer de då ikkje eit ord um å henta kongen heim att?

11  So sende kong David bod til Sadok og Abjatar, prestane, med dei ordi: Tala til styresmennene i Juda og seg: Kvifor er de dei siste til å henta kongen heim att til kongsgarden? For ordi åt Israels-mennene hadde kome attfor kongen der han heldt til.

12  De er brørne mine, de er mitt eige folk; Kvifor vil de då vera dei siste til å henta kongen heim att?

13  Og til Amasa skal de segja: Er me ikkje same folket? Gud late meg bøta både no og sidan um ikkje du heretter stødt skal vera hovding yver heren i staden for Joab.

14  Soleis vende han hugen hjå alle Juda-mennene, so dei gav seg under han alle som ein. Dei sende bodet til kongen: Kom att, både du og alle mennene dine!

15  So tok kongen på heimvegen og kom til Jordan. Då var Juda-mennene alt komne til Gilgal og vilde fara til møtes med kongen og fylgja han yver Jordan.

16  Sime'i Gerason, som høyrde til Benjamins-ætti og åtte heime i Bahurim, skunda seg og for nedetter saman med Juda-mennene og vilde møta kong David;

17  han hadde med seg tusund mann frå Benjamins-fylket og Siba, rådsdrengen åt Sauls-ætti, med dei femtan sønene og tjuge drengene sine; og dei skunda seg og drog yver Jordan fyre kongen.

18  Og ferja for yver åi og skulde føra kongsfolket yver og vera til bruk for kongen so som han ynskte. Då kongen skulde fara yver Jordan, fall Sime'i Gerason på kne for han

19  og sa: Herre konge, tilgjev meg brotet mitt! Lat det vera gløymt kor stygt eg for åt den dagen du drog ut frå Jerusalem! Bry deg ikkje um det, herre konge!

20  For eg veit at eg hev synda; men no ser du, herre konge, at eg i dag er den fyrste av heile Josefs hus som kjem ned og møter deg.

21  Då tok Abisai Serujason til ords og sa: Lyt ikkje Sime'i lata livet - han som banna den som Herren hev salva?

22  Men David svara: Kva vil de meg, Seruja-søner, sidan de stend meg imot i dag? Skulde nokon mann i Israel lata livet i dag? Eg veit då at eg i dag hev vorte konge yver Israel.

23  So sa han til Sime'i: Du skal ikkje lata livet - og det svor han på.

24  Mefiboset, soneson åt Saul, for og til møtes med kongen; han hadde ikkje vølt um føtene sine og ikkje greidt skjegget sitt og ikkje tvege klædi sine alt ifrå den dagen kongen for burt, og til den dagen han kom att med heilo.

25  Då no heile Jerusalem kom til møtes med kongen, sa kongen til han: Kvifor vart du ikkje med meg, Mefiboset?

26  Han svara: Herre konge, tenaren min sveik meg. Eg sa til han: Eg vil hava asnet mitt sala, so eg kann setja meg uppå og rida av stad i lag med kongen - du veit eg er lam.

27  Men han berre laug på meg for deg, herre konge. Du, herre konge, er som ein Guds engel. Gjer no som du tykkjer er best!

28  For heile mi ætt hadde ikkje anna å venta av deg enn dauden, og like vel etla du meg eit rom millom dei som et ved ditt bord; kva hev eg so meir å krevja eller å klaga til kongen for?

29  Kongen sa: Du tarv ikkje tala meir um dette. Eg segjer: Du og Siba skal skifta eigedomane millom dykk.

30  Mefiboset svara: Han må gjerne få alt saman, sidan du, herre konge, hev kome att med heilo.

31  Barsillai, Gileads-mannen, var og komen ned frå Rogelim og for med kongen yver Jordan og vilde fylgja han eit stykke på vegen.

32  Barsillai var svært gamal, åtti år. Han hadde sytt for mat og drikka til kongen medan han heldt til i Mahana'im; for han var ein ovrik mann.

33  Kongen sa åt Barsillai: Ver med meg lenger, so eg kann forsyta deg hjå meg i Jerusalem!

34  Men Barsillai svara: Kor mange dagar og år kann eg vel enno hava att å leva, so eg skulde fara med kongen upp til Jerusalem?

35  Eg er i dag åtti år; kann eg vel no sansa skildnaden millom godt og vondt eller kjenna smaken av det eg et eller drikk? Eller kann eg no lenger hava gaman av å lyda på songarar og songmøyar? Kvifor skulde eg so tyngja lenger på deg, herre konge?

36  Berre eit lite stykke kann tenaren din fara med kongen yver Jordan; kvifor skulde kongen gjera meg so mykje godt att for det?

37  Lat heller tenaren din fara heim att, so eg kann døy i min eigen by, der gravi åt far min og mor mi er! Men her er Kimham, tenaren din; lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest!

38  Kongen svara: Kimham skal vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest, og alt du kjem på å beda meg um, skal eg gjera for deg.

39  So for alt folket yver Jordan, og kongen sjølv for yver. Han kysste Barsillai, og Barsillai velsigna han og for heim att.

40  Kongen for yver til Gilgal, og Kimham var med han. Heile Juda-folket fylgde kongen yver, og like eins halve Israels-folket.

41  Best det var, kom alle Israels-mennene til kongen og sa: Kvifor hev brørne våre, Juda-mennene, stole deg burt og ført kongen og lyden hans yver Jordan, og alle Davids menner med han?

42  Då tok alle Juda-mennene til ords og svara Israels-mennene so: Av di kongen er oss næmast. Og kvifor er de harme for dette? Hev me då levt på kongen eller havt nokor vinning av han?

43  Israels-mennene svara: Me eig ti gonger so mykje som de i den som er konge, i David og. Kvifor hev de då vanvyrdt oss? Var det ikkje me som fyrst tala um å henta kongen vår heim att? Det svaret Juda-mennene då gav, var endå kvassare enn dei ordi Israels-mennene hadde tala.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23